Plenumsmøtet til Europaparlamentet 7. – 10. oktober
Europaparlamentet møtte til det fyrste av to oktobermøte i Strasbourg denne veka. Debatten med Victor Orbán om prioriteringane til det ungarske EU-formannskapet fekk mest merksemd, men parlamentarikarane drøfta også mellom anna utviklinga i Moldova og Georgia, EU-toppmøtet neste veke og situasjonen for europeisk bilindustri. Møtet starta måndag med eit minutts stillheit for å markere eittårsdagen for Hamas sitt åtak på Israel og alle uskuldige som har mista livet i etterkant. Det var også ein debatt om eskaleringa av valden i Midt-Austen og situasjonen i Libanon. Presidentskapet vedtok at høyringar av nye kommissærar vil skje 4. – 12. november.
Debatt med den ungarske statsministeren
På grunn av flaumen i landet, måtte Ungarns statsminister, Victor Orbán, avlyse deltakinga på plenumsmøtet i september. Denne veka var han derimot på plass i Strasbourg. Utgangspunktet var prioriteringane til det ungarske EU-formannskapet dette halvåret, men debatten onsdag handla ikkje uventa mest om Orbán og utviklinga i Ungarn. Han slo sjølv an tonen i ei lang pressekonferanse tysdag. Her sa han mellom anna at det ville vere fantastisk for Ungarn om Trump vann valet i USA 5. november og at han ville opne fleire flasker champagne om så skjedde.
I plenumssalen onsdag viste han til at det nå er ei institusjonell overgangsperiode i EU, men at det likevel er full fart på lovgjevingsarbeidet i Rådet. Ungarn opptrer som ein nøytral møteleiar (honest broker). Han la vekt på at EU står overfor store utfordringar og må endre seg. Han peikte mellom anna på konkurransesituasjonen og Letta- og Draghi-rapporten. Høge energiprisar, ein fragmentert indre marknad, for lite forsking- og innovasjon og for lite satsing på digital omstilling er blant problema EU står overfor. Europeisk landbruk har store utfordringar pga. klimaendringar, inflasjon, importkonkurranse og byråkrati og han vona derfor på ein landbruksvenleg Europakommisjon i kommande periode. Det er viktig å vidareføre utjamningspolitikken for å styrke fattige område i EU. Det er også viktig å styrke europeisk sikkerheit og forsvarsindustri. EU må opne for vidare utviding basert på ein balansert og merittbasert prosess. Han trakk spesielt fram at serbisk medlemskap er viktig for å stabilisere Vest-Balkan. Samstundes tok han til orde for at Bulgaria og Romania nå må få fullt medlemskap i Schengen. EU står overfor ein negativ demografisk utvikling som ikkje kan løysast med innvandring. EU må takle migrasjonskrisa med å styrke yttergrensene og etablere migrasjonssentre i tredjeland. Til ståande og langvarig applaus frå ytre høgre-gruppene avslutta han tala si med slagordet for det ungarske EU-formannskapet «Make Europe Great Again».
Med unnatak av ein kommentar om at illegal migrasjon fører til antisemittisme, homohat og overgrep mot kvinner, var Orbáns tale i utgangspunktet relativt ukontroversiell. Det var det han ikkje snakka om som vart mest kommentert i den lange debatten etterpå. Spesielt vart det lagt merke til at han ikkje snakka om situasjonen i Ukraina og heller ikkje om utviklinga i heimlandet.
Kommisjonspresident Ursula von der Leyen var svært tydeleg i sin kritikk av Orbán i sin kommentar. Ho viste til at flaumen i Ungarn og resten av Sentral-Europa i september både hadde illustrert at klimaendringar er ei reell utfordring og at dette er ei utfordring som må løyast gjennom samarbeid. EU står klar til å støtte Ungarn både gjennom mekanismen for sivil beredskap og solidaritetsfond. Det er synd ikkje Orbán har bedt om støtte frå desse to ordningane og at ungararane derfor ikkje kan nyte godt av dei. Ho konsentrerte deretter innlegget sitt om Ukraina, konkurranseevne og migrasjon.
Utan å nemne namn, sa ho at det stadig er somme som skuldar på Ukraina og ikkje på den invaderande parten i konflikten. Retorisk spurte ho om det er nokon som ville skulde den russiske invasjonen i Ungarn i 1956 på ungararane, eller den i 1968 på innbyggjarane i Tsjekkoslovakia. Underkasting eller okkupasjon er ikkje det same som fred og EU vil halde fram med å støtte Ukraina så lengje det trengs. Det blir nå lagt opp til å gje lån til Ukraina finansiert med avkastninga frå fryste russiske middel.
Det er viktig å styrke europeisk konkurranseevne, men Orbán fører ein politikk som ikkje er eit bidrag til dette. Han diskriminerer europeiske selskap, tildeler offentlege innkjøpskontraktar til venner, innfører eksportrestriksjonar og selskap frå andre EU-land møter korrupsjon, vilkårleg inspeksjon og tilbaketrekking av løyver. Den negative utviklinga i ungarsk BNP viser effekten av dette. Resten av EU har frigjort seg frå russisk energi ved å finne alternative leverandørar og byggje ut fornybar energi. Orbán har å vald å vidareføre kjøp av skitten, russisk fossil energi.
Von der Leyen sa det er behov for europeiske løysingar for å takle migrasjonsutfordringa. Orbán har opna for at russiske og belarussiske borgarar kan kome inn i landet utan sikkerheitssjekk og har invitert kinesisk politi til å patruljere på ungarsk territorium. Dette utgjer ein sikkerheitsrisiko.
I kommentarane frå leiarane i dei politiske gruppene, kom det også kraftig kritikk av Orbán frå sentrum høgre (EPP), sentrum venstre (S&D), dei liberale (Renew), den grøne gruppa og ytre venstre gruppa (The Left). Både den grøne gruppa og The Left meinte han ikkje burde vore invitert til å snakke til plenum i det heile. Mange trakk fram manglande støtte til Ukraina og hans nære band til Putin. Mange trakk også fram den negative utviklinga i Ungarn, spesielt nepotisme, korrupsjon, undertrykking av media og sivilsamfunn og nedbygging av rettsstat som mellom anna har ført til hjerneflukt. Spesielt krass var kritikken frå ungarske opposisjonspolitikarar som hadde ordet. Det gjaldt ikkje minst Orbáns tidlegare partifelle, Peter Mayar (EPP), som nå leiar det største opposisjonspartiet. Han sa Ungarn på 20 år har gått frå stjernestatus til å bli det mest korrupte landet i EU. Han teikna eit bilete av ei regjering som gjev statsborgarskap til russiske oligarkar og som fører ein politikk med utarming av landsbygda, låg minstelønn og manglande investering mellom anna i jernbane og helse som resultat. Fleire peikte på at for eit land som ikkje har ratifisert Istanbul-konvensjonen og som har innført anti-LHBT-lovgjeving, er det spesielt å skulde på migrantar for kvinnevald og homohat. Renew tok til orde for å ta frå Ungarn stemmeretten i Rådet.
Ytre høgre-gruppene Patriotar for Europa (PfE, der Orbáns partifellar er med) og Europa av Suverene Nasjonar (SNE) gav sterk støtte til Orbán som dei sa sto for ein politikk basert på sunn fornuft. Det er på tide å stanse blodbadet i Ukraina og starte forhandlingar. Orbán har teke modige diplomatiske skritt. Dei tok avstand frå det dei omtalte som ein løgn- og hatkampanje mot Ungarn og PfE sa dei var stolte over Orbán som statsminister. Den konservative gruppa (ECR) var glad for at Orbán står opp for europeisk familieverdiar og var samd i at migrasjon ikkje er løysing på den demografiske situasjonen. Gruppa tok samstundes avstand frå dei tette banda Orbán har mellom anna til Kina og Russland.
Orbán sa i sine to kommentarar at han hadde vore interessert i å snakke om formannskapet. Sidan dei fleste andre ikkje var interessert i dette, var det naudsynt for han å kommentere dei mange løgnene og absurde påstandane som hadde kome i debatten. Han teikna eit bilete der alle som hadde kritisert han representere venstresida i politikken. Venstresida er berre opptatt av demokrati dersom dei vinn val. Mellom anna trakk han fram at i det ungarske parlamentet har alle grupper fått leiarverv i komitear basert på storleiken, medan fleirtalet i Europaparlamentet har blokkert PfE og SNE frå å få verv i komitear og presidentskapet. Vidare kritiserte han kommisjonspresidenten som i staden for å vere ein nøytral vaktar av EU-traktaten, er ein politisk aktør som går til åtak på eit medlemsland. Utan å utdjupe vidare sa han at situasjonen i Ukraina ikkje kan samanliknast med den i Ungarn i 1956. Von der Leyen står for ei mislykka strategi som vil føre til at Ukraina tapar krigen og det er nå på tide med dialog med Russland. Vestlege EU-land omgår sanksjonane mot Russland ved å kjøpe russisk olje frå India og Aserbajdsjan. Han sa EU er meir korrupt enn Ungarn og at alle offentlege innkjøp der skjer i samsvar med EUs reglar. Næringslivet i landa som er netto bidragsytarar til EU, hentar meir pengar ut av Ungarn enn det Ungarn får i EU-overføringar. Ungarn fører ein familievenleg politikk som støttar opp om den tradisjonelle familien. Han kritiserte spesielt ungarske parlamentarikarar for å gå til åtak på eige land i debatten og hevda elles tyske europaparlamentarikarar får pengar frå George Soros.
Situasjonen for europeisk bilindustri
Tysdag drøfta parlamentarikarane situasjonen for europeisk bilindustri. Bilsalet er lågare enn før pandemien, europeiske produsentar har dårleg inntening og taper i konkurransen med kinesiske bilar. Rådet vedtok veka før å innføre straffetoll nettopp på kinesiske bilar. I debatten var det ulike syn på årsakene til problema i Europa og tiltaka. Sentrum høgre-gruppa (EPP) har teke til orde for å reversere vedtaket om å forby sal av nye bilar med brenselsmotorar frå 2035 og fekk støtte frå andre grupper på høgresida i dette. Mellom anna bør det opnast for å tillate bruk av syntetisk drivstoff. Visepresident i Europakommisjonen, Valdis Dombrovskis, sa i sitt innlegg at det ikkje er planar om noko reversering. Partia på venstresida støtta dette og argumenterte for at ei reversering vil kunne føre til at europeisk bilindustri tapar ytterlegare i konkurransen i ein marknad som uansett går i retning av el-bilar.
Utviklinga i Georgia og russisk påverknad i Moldova
Eit stort fleirtal i Europaparlamentet er urolege for den demokratiske utviklinga i Georgia. Det er innført lover som svekker media, sivilsamfunnet og LHBTQ-miljøet. Landet må reversere utviklinga for å kunne betre tilhøve til EU. Resolusjonen tek til orde for sanksjonar mot oligarken Bidzina Ivanishvili og dei som undergrev georgisk demokrati.
Parlamentet vedtok også med stort fleirtal ein resolusjon som tek avstand frå russisk aktivitet for å påverke utfallet av presidentvalet og grunnlovsavrøystinga i Moldova 20. oktober. Både prorussiske moldovske oligarkar og det russiske RT-nettverket driv mellom anna med valfusk, cyberoperasjonar og informasjonskrig. Russland må respektere Moldovas sjølvstende, avslutte provokasjonane og trekke ut militære styrkar. Resolusjonen gjev sterk støtte til Moldovas EU-medlemskap.
Kritikk av brot på menneskerettar Irak, Kina og Tyrkia
Parlamentet vedtok torsdag tre resolusjonar som kritiserer brot på menneskerettane i Irak, Kina og Tyrkia. Tyrkia får spesielt kritikk for dommen mot journalisten Bülent Mumay og generelt for behandlinga av journalistar. Kina får kritikk for arrestasjonar av uigurar og Irak for situasjonen til kvinner i landet.
Fem land får støtte etter flaum i 2023
Eit nesten sameint Europaparlament gav samtykke til at fem av EU-landa kan få utbetalt over 1 milliard frå EUs solidaritetsfond etter flaum i 2023. Austerrike, Frankrike, Hellas, Italia og Slovenia får støtte til utgifter knytt både krise- og utbetringstiltak. Parlamentet tek elles til orde for at EU må sette av meir pengar til fondet, eller tilsvarande ordningar, i neste langtidsbudsjett.
Høyring av nye kommissærar
Presidentskapet i Europaparlamentet bestemte torsdag at høyringar av nye kommissærar vil skje i tidsrommet 4. – 12. november. Det har vore ulike syn på om dei seks kandidatane til å bli visepresidentar, burde høyrast fyrst eller sist. Det er nå lagt opp til at visepresidentkandidatane vil bli høyrt 12. november, medan alle andre blir høyrt 4. – 7. november. Rettskomiteen har vurdert fråsegner om økonomiske og andre potensielle bindingar for dei 26 kandidatane. Etter å ha stilt tilleggsspørsmål til 23 av desse, fann komiteen denne veka at alle 26 har gjeve nok informasjon til at dei kan gå vidare til høyringar i respektive komitear. Ei endeleg avrøysting om kommisjonskollegiet kan komme i Strasbourg 25. – 28. november.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg