Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Valg til nytt Europaparlament

Resultatet i Europaparlamentsvalet er i stor grad i samsvar med meiningsmålingane på førehand. Det vil seie at sentrumspartia stadig har fleirtal, men samla sett er litt svekka. Ytre høgre-partia har styrka seg, spesielt i Frankrike og Tyskland, men det står att å sjå kor stort gjennomslag desse partia vil få og om kven som vil samarbeide med kven innanfor dei ulike partigruppene. I dei nordiske landa gjekk ytre høgre-partia attende, medan raud-grøne parti gjorde gode val. Samla var valdeltakinga 51 prosent, men varierte mykje mellom ulike land. Det er ennå ikkje klart i alle land kva personar som er valde inn.

Overordna resultat
6.- 9. juni gjekk innbyggjarane i dei 27 EU-landa til urnene for å røyste inn i alt 720 medlemmer av Europaparlamentet (MEP), jf. denne artikkelen i Stortingets EU/EØS-nytt 3. mai om valet.

Europaparlamentets har ei oversikt over valresultatet samla og med detaljar fordelt per land. Valoppslutninga var på om lag 51 prosent. Det er lågare enn enkelte hadde spådd, og på nivå med 2019-valet (50,66 prosent). Det er samstundes store nasjonale skilnadar, med Kroatia på botn med 21,3 prosent.

Med langt dei fleste røystene talt opp, viser tala at dei tre største partigruppene framleis vil kunne danne fleirtal også i perioden 2024-2029. Sentrum høgre (EPP) får 186 mandat, sentrum venstre (S&D) 135 mandat og den liberale gruppa (Renew Europe) 79 mandat. Dette betyr at desse tre gruppene til saman har 55,6 prosent av mandata mot vel 59 prosent i inneverande periode. Innanfor EPP er det Tyskland med 29 mandat, Spania med 22 og Polen med 20 som er dei tre største fraksjonane. I S&D har Italia 22 mandat, Spania 20 mandat og Tyskland 14.

Både Renew Europe og Den grøne gruppa (53 mandat) går begge tilbake med 23 og 19 mandat respektivt. Ytre venstregruppa, The Left, får 36 mandat, 1 mandat mindre enn nå. Begge dei to gruppene på ytre høgre går fram. Den konservative gruppa (ECR) går fram frå 69 til 73 mandat, medan Identitet og Demokrati (ID) går fram med 9 mandat til 58. ID har i denne perioden også omfatta tyske AfD som har hatt 8 mandat, men AfD var ekskludert i mai. AfD er vald inn med 15 mandat i det nye Europaparlamentet. Girogia Melonis Fratelli d'Italia (ECR) auka frå 10 til 24 mandat, medan Lov og rettferdspartiet (ECR) i Polen gjekk ned frå 27 til 20 mandat. Medan dei gjorde spesielt gode val i Frankrike, Tyskland og Austerrike, gjorde ytre høgre-parti det relativt sett ikkje så godt i dei fleste nyare medlemslanda og heller ikkje i Norden. I Portugal fekk ytre høgre-partiet Chega 18 prosent i valet til nasjonalforsamlinga i mars, men fekk 9,8 prosent i valet til Europaparlamentet.

Det er i alt 100 MEP som representerer nasjonale parti som ikkje tilhøyrer noko partigruppe. Ein del av desse har stått utanfor grupper i inneverande periode, medan andre er nye parti. Størst her er AfD, men også Fidesz, Ungarn (10 mandat) og Femstjernerørsla, Italia (8 mandat) er store. Det er uvisse om kor mange av desse nasjonale partia som vil gå inn i eksisterande grupper og om andre parti vil bytte gruppe. Det har vore spenning til om mange av parti som i dag er i ECR, ID eller utanfor noko gruppe, vil finne saman i ei stor ytre høgre gruppe. Mellom anna skal Fidesz ynskje eit samarbeid med det polske Lov og rettferdspartiet som i dag er i ECR. Dei to parti deler ein del felles interesser, men står langt frå kvarandre i synet på Russland. Dersom ECR skulle opne opp for samarbeid med parti lengre til høgre, kan dei risikere avskaling av meir moderate parti. Samtaler om samansetninga i gruppene startar denne veka og kan i prinsippet halde fram til Parlamentet konstituerer seg 16. juli.

Jamvel om dei tre partigruppene i sentrum stadig har fleirtal i Europaparlamentet, vil valet kunne påverke politikken på område som energi, klima, migrasjon, handel og støtta til Ukraina. Det vil både kunne skje fordi tyngdepunktet i Europaparlamentet har flytta seg mot høgre, men også fordi resultatet kan påverke politikken som regjeringane i medlemslanda vil føre og den relative styrka til regjeringane i Rådet.

Dei nordiske landa
Resultata i dei nordiske landa skil seg frå mange andre land. Her gjekk partia lengst til høgre attende. Det gjeld både Sverigedemokratane og Sannfinnene (begge i ECR) og Dansk Folkeparti (ID). Samstundes gjekk fleire raud-grøne parti fram i alle tre landa. I Danmark vart Socialistisk Folkeparti størst parti med 17,4 prosent oppslutning og 3 mandat og får like mange mandat som Socialdemokratiet som fekk 15,6 prosent. I dei nordiske landa var valdeltakinga 40,4 prosent i Finland, 50,6 i Sverige og 58,23 prosent i Danmark. I Sverige er det ikkje venta at det er klart før onsdag kven som er valde inn i Europaparlamentet. I Danmark er derimot namna klare. Kira Marie Peter-Hansen (SF) vart attvald. Det same vart dei tre sosialdemokratane Christel Schaldemose, Niels Fuglesang og Marianne Vind, dei to venstrepolitikarane Morten Løkkegaard og Asger Christensen, og Anders Vistisen frå Dansk Folkeparti. I Finland er det stor utskifting, men Henna Virkkunen (Samlingspartiet), Elsi Katainen (Senterpartiet) og Ville Niinistö (Grøna) vart attvalde.

Frankrike
I Frankrike gjorde Macrons parti eit svært dårleg val. Partiet til Marine Le Pen, Rassemblement national (RN), aukar til 30 av i alt 81 franske mandat, og er dermed aleine større enn dei liberale partia, inkludert president Macrons eige parti, (13 mandat) og dei to sosialdemokratiske/ sosialistiske partia (13 mandat) til saman. Det blir også lagt merke til at ytre venstre partiet, La France Insoumise, får 9 mandat. Samstundes medfører desse tala at sosialistane i Frankrike nesten doblar gruppa si i Europaparlamentet. Macron overraska Frankrike og Europa med å varsle nyval alt i 30. juni, med andre valomgang 7. juli. Dette blir vurdert som eit dristig initiativ, men kan føre til at RN må ta styringsansvar nasjonalt i Frankrike.

Tyskland og Austerrike
I Tyskland gjorde dei tre partia i regjeringskoalisjonen det dårleg i valet. Dei to konservative systerpartia (CDU/CSU) ser ut til å få omtrent like mange mandat som nå (29 mot 30 i dag), medan altså AfD går fram frå 8 til 15. I Tyskland var det rekorddeltaking med 64,8 prosent – den høgaste valdeltakinga sidan 1979. I Austerrike er ytre høgre-partiet Fridomspartiet størst og får 6 av 20 mandat, medan både det konservative partiet og sosialdemokratane får 5 mandat kvar.

Prosessen vidare
Europaparlamentet møtes til konstituerande møte i Strasbourg 16. – 19. juli. Da vil det bli vald ein ny parlamentspresident og veka etter er dei ulike komiteane venta å konstituere seg. I nåverande periode har ikkje medlemmer av ID-gruppa fått verv som visepresidentar og leiarar og nestleiarar i komitear fordi dei andre gruppene har vore samde om ein såkalla cordon sanitaire mot denne gruppa. Det står att å sjå om denne lina vil bli vidareført i det kommande Parlamentet. EPP har sagt gruppa kan samarbeide med alle som er for Europa, rettsstat og Ukraina. Både S&D, Renew og den grøne gruppa har uttrykt skepsis til samarbeid med ECR-gruppa. Både S&D og Den grøne gruppa har lagt vekt på at det er eit krav til samarbeidsgrupper at dei støttar den grøne omstillinga. Sittande kommisjonspresident Ursula von der Leyen viste i valkampen til at ho hadde eit konstruktivt samarbeid med Girorgia Meloni og hennar parti, som er med i ECR.

EUs stats- og regjeringssjefar vil starte prosessen med å finne ein kandidat til vervet som kommisjonspresident og kandidatar til andre toppverv. Dei møtes til ein middag 17. juni og eit ordinært toppmøte 27. – 28. juni. Det er stadig mest sannsynleg at Ursula von der Leyen blir renominert og kan sikre seg fleirtal også i Europaparlamentet, men det kan kome overraskingar. Scholz Tyskland og Macron Frankrike gjorde dårlege val, medan altså mellom anna Meloni i Italia og Tusk i Polen gjorde det godt. Dette kan påverke personkabalen som skal leggast. Europaparlamentet vil kanskje røyste om kommisjonspresidenten alt 18. juli – alternativt vil det skje på plenumsmøtet 16. – 19. september. I siste fall vil prosessen med å nominere og høyre resten av kommisjonskollegiet bli forsinka.

Nokre lenker:
Rød-grønn bølge i Norden kan sikre tempo i EUs grønne skifte – artikkel i Energi og Klima, 10. juni  2024
Europaportalens politiska guide till EU-valet – samleside med artikler, Europaportalen.se 
Dokument och analys: Alla valmanifest i EU-valet – svenska och europeiska – artikkel på Europaportalen.se, 5. juni 2024 
Marine Le Pens normalisering har lykkes – blir nasjonalisme den nye normalen? – artikkel i Altinget.no, 7. juni 2024. 
Dette er de viktigste temaene for EU-velgerne – forsvar- og sikkerhet har trumfet klima – artikkel i Altinget.no, 4. juni 2024. 
EU-valet 2024: Få förändringar i svenska uppställningen i EU-parlamentet – artikkel på Europaportalen.se, 10. juni 2024 

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 11.06.2024 10:55
: