Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Diskusjon om nye planteforedlingsteknikkar

Det var svært ulike syn på framlegget til nytt regelverk for bruk av nye genomiske teknikkar (NGT) da saksordførars utkast til innstilling vart drøfta i Europaparlamentets miljøkomité 7. november. Medan mange var grunnleggjande positive til framlegget, var spesielt medlemmer av Den grøne gruppa og ytre venstre-gruppa (The Left) skeptiske. Sentrale tema i debatten var bruk av NGT i økologisk landbruk, reglar for merking og patent. Målet er å vedta nye reglar før valet til Europaparlamentet neste sommar.

Saksordførar, svenske Jessica Polfjärd frå sentrum høgre-gruppa (EPP) la fram sitt utkast til innstilling 16. oktober og gir der klar støtte til framlegget til nye reglar om visse nye genomiske teknikker (NGT). Dette notatet frå Europaparlamentets utredningsteneste EPRS gir meir informasjon om kommisjonsfamlegget. Polfjärd var forhindra frå å delta på møtet i komiteen 7. november, men partikollega, Radan Kanev (Bulgaria) presenterte hovudpunkta i innstillinga hennar for ho. Polfjärd meiner NGT vil gje viktige moglegheiter for europeisk landbruk og matproduksjon og både kan bidra til den grøne omstillinga, berekraft, tilpassing til klimaendringar og auka konkurranseevne. Ho viser til at EU-domstolen i 2018 slo fast at den gjeldande GMO-forordninga ikkje gjev rom for å skilje mellom NGT som er ekvivalent til konvensjonell planteforedling og genmodifisering. Det skuldast at slike genomiske teknikkar ikkje eksisterte da denne forordninga vart vedteke. Ho er samd med Kommisjonen at det er behov for å modernisere regelverket med utgangspunkt i ny vitskapleg kunnskap. Sidan NGT i praksis er ekvivalent til konvensjonell planteforedling er det ikkje grunn til å ha like strenge reglar for NGT som for GMO. Polfjärd ynskjer på nokre punkt noko meir liberale reglar enn Kommisjonen. Mellom anna vil ho ha ei presisering på korleis talet på genendringar blir rekna ut, ho vil tillate NGT også i økologisk landbruk og meiner det ikkje er nødvendig med eit merkekrav for NGT-såvarer som er ekvivalente til konvensjonelle såvarer. Enkelte har teke til orde for at det nye regelverket skal regulere patent knytt til NGT, men Polfjärd meiner dette bør regulerast i det generelle patent-regelverket og ikkje i det nye regelverket for NGT.

I debatten var det mange som var samde i behovet for meir liberale reglar og støtta saksordførarars synspunkt generelt, men det var likevel ulike syn spesielt knytt til reglane for økologisk landbruk, merking og patent. Fleire meinte alle produkt med NGT bør merkast slik at forbrukarane kan ta aktive val. Andre peikte på at det for det fyrste vil vere dyrt å ha separate produksjonsliner og for det andre ikkje er mogleg å teste produkt for å finne ut om det inneheld råvarer frå NGT-planter. Det vart også vist til at mange land utanfor EU har opna for bruk av NGT og at det dermed alt er NGT-råvarer i omløp i Europa. Det gjev også ein konkurranseulempe for Europa. Fleire var skeptiske til å opne for bruk av NGT-planter i økologisk landbruk, medan andre viste til at det vil vere frivillig og at økologiske bønder vil stå fritt til å bruke konvensjonelle plantar. Ein del ynskjer å bruke dette høvet til å slå fast at ingen skal kunne patentere planter.

Representantar frå Den grøne gruppa og ytre venstre-gruppa (The Left) var spesielt kritiske til framlegget og etterlyste grundigare risikovurderingar. Dei meinte Kommisjonen og saksordførarar gav eit alt for optimistisk syn på fordelane med NGT og at dei heller ikkje legg eit føre-var-prinsipp til grunn. Europeiske forbrukarar ynskjer ikkje mat basert på GMO og NGT og det bør derfor ikkje innførast meir liberale reglar. Tilhengjarane av framlegget skulda desse motstandarane for å basere motstanden på ei religiøs overtyding og for ikkje å ta omsyn til vitskapleg kunnskap.

Kommisjonen sa i sin kommentar at ingen har hevda NGT er ei universalløysing på alle utfordringar, men at slike teknikkar kan bidra til auka berekraft, konkurransekraft og innovasjon. Framlegget tek omsyn til føre-var-prinsippet og er basert på erfaring og vitskap, mellom anna råd frå Den europeiske myndigheita for næringsmiddeltryggheit (Efsa). Krav i framlegget knytt til merking og sporing er basert på ei risikovurdering. NGT-plantar og -produkt som i praksis er ekvivalente med konvensjonelle plantar og produkt har mindre merkekrav enn dei som er basert på meir omfattande genetiske endringar. Det vil vere dyrt og upraktisk å spore alle NGT-produkt i heile verdikjeda. Kommisjonen meiner patenter ikkje bør regulerast i NGT-regelverket.

På slutten av møtet sa Kanev på vegne av Poljfärd at ho er opptatt av å lytte til vitskapen og at NGT kan bidra positivt til klima og miljø og samstundes meir produksjon. Det er ikkje snakk om å tvinge NGT-plantar på nokon, men å leggje til rette for bruk for dei som ynskjer det. Saksordførarar vil ha dialog framover mellom anna om merking, reglar for økologisk landbruk og patent. Målet er å sluttbehandle regelverket i denne mandatperioden. For å rekkje eit formelt vedtak i Parlamentet før siste plenumssesjon i april, vil det i praksis seie at Rådet og Parlamentet må bli samde i løpet av februar. Sjå omtale av foreløpige reaksjonar i Rådet i Stortingets EU/EØS-nytt 22. september i år.

Framlegget til nye reglar for NGT er også omtalt i Stortingets EU/EØS-nytt 29. august i år. Regjeringa har ennå ikkje lagt fram eit EØS-notat om dette framlegget. GMO-forordninga frå 2003  er ikkje tatt inn i EØS-avtalen. Alfred Bjørlo (V) stilte 24. oktober i år eit spørsmål til utanriksministeren om han deler vurderinga til fleirtalet i Genteknologiutvalet «om at eit generelt forbod mot import av GMO-varer strir mot EØS-avtalen og WTO og utgjer ein rettsleg risiko for Noreg som stat»?  I sitt svar viser utanriksminister Espen Barth Eide til at regjeringa ikkje har vurdert å innføre eit generelt forbod mot import av GMO-varer og derfor ikkje har vurdert dette. Samstundes viser han til at det gjort ei utgreiing av kva moment som bør inngå i ei vurdering av eit eventuelt forbod mot import av spesifikke GMO-produkt. Han skriv at det da må «vurderast om eit importforbod er grunngitt i såkalla legitime omsyn, om forbodet står i forhold til dei omsyna som det er meint å vareta, og om forbodet er konsistent i forhold til politikken som blir følgd.»

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 14.11.2023 13:27
: