Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europaparlamentet drøfta Tunisia-avtale med Kommisjonen

Utanrikskomiteen i Europaparlamentet drøfta 31. august rammeavtala som EU og Tunisia signerte 16. juli i år, med Kommisjonen. Mange var samde i behovet for tiltak for å redusere talet på migrantar som kryssar Middelhavet og også behovet for å bidra til ei positiv utvikling i Tunisia. Likevel var det mange kritiske til eit tett samarbeid med ei regjering med eit tvilsamt rykte. Kommisjonen viste til at det er nødvendig med dialog og samarbeid også med land som ikkje har ei ideell leiing.

Det var generaldirektør Gert Jan Koopman i Europakommisjonens generaldirektorat for naboskapspolitikk og utvidingsforhandlingar (DG NEAR) som deltok i debatten. Han sa innleiingsvis at det er den vanskeleg situasjonen i Tunisia som er bakgrunnen for at rammeavtala (MoUen) er inngått. Den omfattar fem søyler – tiltak for makroøkonomisk stabilitet, økonomi, handel og infrastuktur, grøn omstilling, forskings- og utdanningssamarbeid og migrasjon. Han understreka at det frå EUs side er knytt klare vilkår til samarbeidet og den økonomiske støtta som det er semje om. Det blir nå arbeidd med ein gjennomføringsplan for å oppnå resultat raskt.

I runden med spørsmål og kommentarar var det mange som var skeptiske til avtalen. Fleire viste til at det var openbart at hvoudformålet med avtalen var samarbeid om migrasjon. Dei spurde om det i det heile var nødvendig med dei andre søylene, når det alt er eksisterande samarbeidsavtaler med landet på andre områder. Mange viste til at Tunisia i utgangpunktet hadde hatt ei positiv utvikling etter den arabiske våren, men at det nå er mange rapportar om at utviklinga går i feil retning. Dette omfattar undertrykking av opposisjon, presse, sivilsamfunn og umenneskeleg handsaming av migrantar. Fleire spurte om denne avtalen vil betre situasjonen for desse gruppene og styrke menneskerettane i landet. Enkelte viste til at EU burde reagert tidlegare og kraftigare mot at grunnlova er sett ut av funksjon og andre åtak på demokratiet i landet. Enkelte var kritiske til at avtalen var inngått utan at korkje Rådet eller Parlamentet hadde vore tilstrekkeleg involvert.

Fleire viste samstundes til at det i år har vore ein stor auke i talet på migrantar som har kryssa Middelhavet og at dette ikkje er berekraftig. Det er derfor nødvendig å samarbeide med Tunisa og andre land for å kunne handtere situasjonen. Det er ingen teikn på at talet på kryssingar har gått ned ennå, og Kommisjonen vart spurt om korleis den vurderer effekten så langt. Det kom også spørsmål om korleis EU vil fremje europeiske verdiar i landet og om avtale md Tunisia vil danne modell for avtaler med andre land i regionen.

Kommisjonen meinte at avtalen har gitt auke energi og styrke i samarbeidet med landet. Dei andre søylene i avtalen er nødvendige for på sikt å redusere årsakane til migrasjon og sikre stabilitet i landet. Det er for tidleg å vurdere effekten av avtalen som vart signert 16. juli. Spørsmål om menneskerettar og andre og styresettet i landet vil bli drøfta framover. Koopman lova å involvere Parlamentet i drøftingar om samarbeidet framover, men viste til at Kommisjonen har kompetanse til å inngå slik avtaler. I Rådet er det semje om at gjennomføringa av elementa i avtalen er viktig.

Det har vore ein auke i talet på migantar som tek ut på havet frå i fjor til i år og det har vore ein auke kor stor del som lykkast med å kome seg til Europa. Så langt i år har 85 000 nådd Europa frå Tunisia mot 34000 i heile 2022. Dette er ikkje berekraftig. Det er nødvendig å samarbeide med Tunisia og mange andre land sjølv som ikkje landet har eit ideelt styresett. Tala for migrasjon viser at dialog er nødvendig. Samstundes gir denne dialogen og samarbeidet under rammeavtalen høve til å fremje europeiske verdiar og styrke menneskerettane.

Kommisjonen er uroa for den makroøkonomiske situasjonen i landet, men har ikkje synspunkt på at Tunisia ikkje vil oppretthalde avtalen med IMF. Samstundes gir ikkje Kommisjonen makroøkonomisk støtte til land som ikkje har eit IMF-program. Derimot kan Kommisjonen gje støtte knytt til handtering av migrasjon og budsjettstøtte uavhengig av dette, men det er knytt vilkår også til denne støtta.

Koopman orienterte til slutt meir i detalj om samarbeidet knytt til migrasjon. Han viste til at dette ikkje berre handlar om finansiell støtte til Tunisia, men også styrka samarbeid og informasjonsdeling. Raskt etter at avtalen vart underteikna, hadde EU gitt humanitær bistand til migrantar som er stranda i landet. Kommisjonen vil hjelpe Tunisia med å styrke kystvakta for å kunne stanse avgang av smuglarbåtar og dele informasjon om smuglarar. Det vil også bli gitt bistand til å styrke tunisisk grensekontroll og bistand til registrering på grensa. Mange av dei som tek ut på havet frå Tunisia kjem frå land som Bangladesh, Egypt, Elfenbenskysten og Pakistan og ikkje frå Tunisia. Faktisk har talet på migrantar frå Tunisa gått ned i år i høve til i fjor, medan det har gått opp frå andre land. EU vil derfor bidra med støtte for retur av migrantar frå Tunisia til opphavslanda. Dette krev også samarbeid med dei ulike opphavslanda og takling av årsakane til migrasjon frå desse. Samstundes er det semje om å samarbeide med Tunisia om auka retur frå EU til Tunisia av tunisiske, irregulære migrantar.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 07.09.2023 12:29
: