Førarkortdirektivet – drøfting i Europaparlamentet
Transport- og turismekomiteen i Europaparlamentet drøfta 26. oktober framlegga om endringar i førarkortreglane og felles reglar for inndraging av førarkort. I komiteen er det lagt fram over 900 endringsframlegg til dei to rettsaktene, og spesielt var det stort engasjement knytt til endringar i førarkortreglane. Mellom anna er det saksordførarars framlegg om ei ny kategori B+ for tyngre personbilar og ulike framlegg om særskilde reglar for ynger og eldre sjåførarar som vekker debatt.
Det var 1. mars i år Europakommisjonen la fram den såkalla trafikksikkerheitspakken med framlegg til endringar i europeiske førarkortreglar, tiltak for meir effektiv grensekryssande handheving av trafikksikkerheitsreglar på tvers av landegrensene og reglar om inndraging av førarkort i heile EU. Pakken er nærare omtalt i Stortingets EU/EØS-nytt 2. mars i år.
I debatten om felles reglar for inndraging av førarkort var det semje om at det må bli slutt på at utanlandske sjåførar har ansvarsfridom i andre land – sjølv med grove brot på trafikkreglane. Saksordførar, Petar Vitanov (Sentrum venstre-gruppa, Bulgaria), og skuggeordførarane er samde om kompromiss på fleire viktige område. Dette omfattar etablering av nasjonale kontaktpunkt og ein frist på ti arbeidsdagar til å informere landet som har skrivi ut førarkortet – og den som har brote reglane – om brot som skal føre til inndraging. Dei er også samde om unnatak for brot på fartsgrenser mellom anna under føresetnad av at det blir gjort eit skilje mellom tettbygd og ikkje-tettbygd strok og at fartsgrenser er klart skilta. Det er likevel ikkje semje om eit framlegg knytt til unnatak for brot på fartsgrenser under 50 km per time. Kommisjonen har teke til orde for innføring av eit system med prikkbelastning i heile EU. Ein del meiner EU ikkje har kompetanse til å innføre dette. I debatten var fleire generelt skeptiske til felles EU-reglar knytt til inndraging av førarkort. Det var andre som viste til at trafikkulykker, ofte dødsulykker, er eit stort problem og at det er nødvendig med strengare og felles reglar for å få redusert omfanget av ulykker.
Saksordførar for førarkortdirektivet, Karima Deli (Den grøne gruppa, Frankrike) som også er leiar av komiteen, har gjort framlegg mellom anna om meir trafikkopplæring i skulen, om differensierte fartsgrenser avhengig av kategori førarkort og ein ny kategori, B+, for bilar tyngre enn 1,8 tonn for sjåførar over 21 år som har hatt kategori B i minst to år. Ho tek også til orde for eit system med prikkbelastning i fleire land og obligatoriske helsesjekk for alle som tek førarkort eller fornyar det.
I debatten om dette framlegget fekk Deli motstand mot fleire av framlegga sine. Jamvel om det er viktig med tiltak som kan redusere talet på ulykker og auke trafikksikkerheita, sa fleire at tiltaka også må kunne gjennomførast i praksis. Kommisjonen har gjort framlegg om ei promillegrense på 0,0 dei to fyrste åra ein person har førarkort. Mange var positive til nulltoleranse for rus, men meinte det burde vere like strenge reglar for alle. Kommisjonen har foreslått at førarkortet ikkje skal vere gyldig i meir enn fem år for førarar over 70 år. Mange sa reglar ikkje må diskriminere mellom sjåførar basert på alder og var skeptiske til obligatorisk helsesjekk for alle. Det var også skepsis til å innføre ei ny kategori, B+, for tyngre bilar. Mellom anna vart det vist til at dette kunne føre til seinare utbreiing av elektriske bilar som ofte er tyngre, og at det også ville medføre eit stort byråkrati. Det var brei støtte til innføring av eit digital førarkort. Kommisjonen vil la 17-åringar prøvekøyre i C-kategorien fram til dei er 18 dersom dei har følgje av meir erfarne sjåførarar over 25 år som oppfyller visse krav. Dette skal avhjelpe mangelen på sjåførar i Europa. På grunn av krava til dei meir erfarne sjåførane, meinte mange dette ikkje vil redusere sjåførmangelen og at det er betre lønns- og arbeidstilhøve som er viktige for å sikre dette.
Kommisjonen sa i sine kommentarar at spesielle tiltak eller reglar retta mot yngre eller eldre sjåførar må vere proporsjonale og effektive. Det er også viktig, spesielt i dagens situasjon, å unngå tiltak som aukar kostnadane knytt til førarkortet, ikkje minst for desse gruppene. Det er ikkje berre alder som avgjer om ein person er egna til å køyre og generelt er det viktig med god opplæring av sjåførar. Kommisjonen understreka også at framlegget oppfyller personvernkrav.
Det spanske formannskapet vonar å oppnå ein felles posisjon mellom medlemslanda om førarkortdirektivet og grensekryssande handheving denne hausten. I debatten 26. oktober sa medlemmane av transport- og turismekomiteen at målet må vere eit formelt vedtak i Parlamentet og Rådet før EU-valet neste sommar. Komiteen vonar å røyste om framlegget om reglar for inndraging av førarkort i slutten av november i år, medan avrøysting om endringar i førarkortdirektivet truleg ikkje vil skje før etter nyttår.
I sitt samlenotat til Folketinget gjev den danske regjeringa generell støtte til framlegget om nytt førarkortdirektiv, men er likevel skeptiske til enkelte delar av det. Det gjeld mellom anna framlegget om eigne alkoholgrenser for dei som har hatt førarkort i mindre enn to år, gyldigheit på fem år for førarkortet til dei over 70 og til eit framlegg om eigenmelding om helse. Den danske regjeringa meiner framlegget vil ha store statsfinansielle kostnadar, spesielt knytt til nye digitale system. Det vil mellom anna vere kostnadar til innføring av eit europeisk, digitalt førarkort fordi det eksisterande danske, digitale førarkortet ikkje oppfyller krava som er foreslått for europeiske. Den danske regjeringa meiner det kan stillast spørsmål ved om delar av framlegget er i samsvar med nærheitsprinsippet. Den meiner at framlegget om å la 17-åringar prøvekøyre i C-kategorien i følgje med meir erfarne sjåførarar, ikkje vil ha nemneverdig effekt på sjåførmangelen. Det skuldast at krava til følgjesjåføren i seg sjølv er omfattande.
Den norske regjeringa skriv i sitt EØS-notat som er datert 28. september i år, at forslaget til nytt førarkortdirektivt er EØS-relevant og akseptabelt. I notatet heiter det at «Norge stiller seg positiv til den generelle omstruktureringen og justeringene som tar høyde for den pågående digitale utviklingen samt det grønne skiftet innenfor EU. Endringene fremstår som positive med hensyn til å fremme trafikksikkerheten. Mange av endringene er i samsvar med regler Norge har allerede (i noen tilfeller er endringene mindre strenge enn i Norge).» Regjeringa meiner at dei økonomiske og administrative konsekvensane for styresmaktene vil dekkast innanfor gjeldande budsjettrammer.
Morten Stordalen (Frp) stilte 16. oktober i år eit spørsmål til samferdselsministeren om framlegget til nytt førarkortdirektiv. Han sa framlegget vil ha store konsekvensar for norske bilistar, spesielt dei yngste, og spurde om det er «aktuelt for regjeringen å harmonisere det norske regelverket med et slikt direktiv, og hva gjør regjeringen for å påvirke utformingen av det nye førerkortdirektivet som diskuteres i Europaparlamentet?». Mellom anna viste Stordalen til framlegget om å innføre ein ny kategori B+. I sitt svar skreiv samferdselsministeren Jon-Ivar Nyård at Noreg vurderer framlegget om ein ny kategori B+ «som lite hensiktsmessig.» Nygård viser til at «at alminnelige familie-elbiler … ikke vil være tilgjengelig for de yngste førerkortinnehaverne. Dette kan bidra til at unge sjåfører i større grad kjøper og kjører eldre, mer forurensende biler som ikke har samme sikkerhetsutstyr som moderne biler, og større utslipp. Det vil også innebære at mange varebiler heller ikke kan benyttes av unge sjåfører. Jeg ser ikke at dette vil være positivt verken for trafikksikkerheten eller overgangen til nullutslippskjøretøy. Norske myndigheter følger forhandlingene som pågår og jeg har fremmet norske synspunkter på trafikksikkerhetspakken tidligere overfor mine europeiske kolleger. Jeg vil følge denne saken tett og fremme norske synspunkter i det videre arbeidet.»
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg