Europaparlamentet behandlar framlegga til elmarknadsreform, kritiske råmateriale og nullutsleppsteknologi
Både energikommissæren og indre marknadskommissæren deltok denne veka på møtet i industri-, forskings- og energikomiteen (ITRE) i Europaparlamentet. Dei presenterte dei nylege framlegga knytt til reform av EUs elektrisitetsmarknadsdesign, kritiske råmateriale og fremje av nullutsleppsteknologi. Det var litt blanda reaksjonar på elmarknadsreforma, medan reaksjonane jamt over var meir positive til dei to andre framlegga. Kommisjonen bad om ei rask handsaming av rettsaktene og komiteen signaliserte at den er innstilt på vedtak før valet til Europaparlamentet våren 2024.
Den 14. mars la Kommisjonen fram framlegget til reform av EUs elektrisitetsmarknadsdesign som omfattar to rettsakter – ei som vil endre elektrisitetsforordninga og elektrisitetsdirektivet og ei som vil endre REMIT-forordninga, fornybarenergidirektivet og forordning om EU-byrået for samarbeid mellom energiregulatorar (ACER). 16. mars presenterte Kommisjonen framlegget til eit rammeverk med tiltak for å sikre EUs tilgang til diversifisert og berekraftig forsyning av kritiske råmateriale. Same dag kom også initiativet som skal styrke EUs produksjon av nullutsleppsteknologi. Initiativa er omtalt i Stortingets EU/EØS-nytt 20. mars, og alle dei til saman fire rettsaktene knytt til initiativa er merka som EØS-relevante av Kommisjonen.
ITRE-komiteen er raskt ute både med å få orienteringar om framlegga og med å fordele saksordføraransvaret mellom dei politiske gruppene. I komiteen vil sentrum venstre-gruppa (S&D) få saksordføraransvar for revisjon av elektrisitetsforordninga og elektrisitetsdirektivet og sentrum høgre (EPP) for endringane i REMIT- og ACER-forordninga og fornybarenergidirektivet. EPP får også ansvaret for nullutsleppsteknologi og den liberale gruppa (Renew Europe) får ansvaret for framlegget om kritiske råmateriale. Det er ennå ikkje avgjort kven i dei ulike gruppene som vil bli saksordførarar.
Reform av EUs elektrisitetsmarknadsdesign
Energikommissær Kadri Simson orienterte måndag om framlegget til revisjon av elmarknadsdesign. Ho viste til at systemet med marginalprising hadde ført til høge og ustabile prisar til forbrukarane, spesielt i ein situasjon med høge gassprisar. Ho viste til at mange land hadde innført midlertidige tiltak. Det er viktig å unngå ei fragmentering av den indre marknaden. Kommisjonen ynskjer derfor strukturelle tiltak. Den vil ikkje endre eit system som har fungert godt, men ynskjer primært endringar som kan skjerme forbrukarane mot store prissvingingar. Det er eit mål å sikre betre forbrukarvern og marknadstransparens. Samstundes er det viktig å bevare insentiva til å byggje ut fornybar energi. Norden har positive erfaringar med si organisering av elektrisitetsmarkanden og ho meinte det var viktig å sjå til desse i reformarbeidet. Ho understreka at dette framlegget aleine ikkje vil løyse alle utfordringar, men at det supplerer andre framlegg frå Kommisjonen.
Det var relativt stor interesse for framlegget med til saman 16 medlemmer av komiteen som hadde ordet i dei to rundane med alt frå overordna kommentarar til svært tekniske spørsmål om nettverkskodar. Framlegget vart relativt godt, om enn litt avventande, motteke. Representantar frå nordlege land var generelt meir positive enn dei frå sørlege land. Representantar frå den liberale gruppa (Renew) og den grøne gruppa var meir positive enn den konservative gruppa (ECR) og ytre venstre-gruppa (The Left). Kommentarane frå sentrum høgre (EPP) og sentrum venstre (S&D) var meir blanda.
Fleire viste til at dagens system er vellykka. I dagens situasjon er det både kortsiktige utfordringar og strukturelle problem og det er viktig å vidareføre stabile rammevilkår for investeringar i fornybar energi. Jamvel om marknaden ikkje alltid løyser alle utfordringar, vart det åtvara mot å tru at politisk styring er svaret i denne situasjonen. Vi skal reformere, ikkje politisere, marknaden vart det mellom anna sagt. Det er viktig å forenkle marknadsdesignen. Fleire sa det er viktig ikkje berre å stimulere til auka investeringar i fornybar energi, men også i meir overføringskapasitet mellom ulike delar av EU.
Andre viste til at erfaringane dei siste månadene viser ein tydeleg svikt i marknaden og at superprofitten mange energiselskap har tatt ut viser nettopp dette. Dei understreka at det sentrale er å sikre ein sikkerheitsmekanisme mot svært høge prisar. Fleire meinte framlegget ikkje er eit svar på dei utfordringane som forbrukarane møter. Kommisjonen vart også skulda for å leggje for stor vekt på at fornybar energi er løysinga. Omlegginga vil gjere EU meir avhengig av kritiske råmateriale frå land som Kina og Kongo og gjere EU sårbart på ein ny måte.
Kritiske råmateriale og nullutsleppsteknologi
Indre marknadskomissær Thierry Breton presenterte tysdag initiativa knytt til kritiske råmateriale og nullutsleppsteknologi. Han viste til at Kommisjonen alt har lagt fram fleire viktige initiativ for å styrke europeisk industri, inkludert initiativet for å fremje europeisk produksjon av mikrochips, dataforordninga og initiativ for å fremje europeisk forsvarsindustri. Framlegga som kom 16. mars, er også del av Kommisjonens innsats for å stimulerer til at meir industriproduksjon kjem tilbake til Europa.
Breton viste til at tilgang til kritiske råmateriale er viktige for produksjon av alt frå solcellepanel og vindturbinar til romfartsteknologi. Kommisjonen ynskjer å styrke europeisk autonomi og å leggje grunnlag for auka eksport. Framlegget omfattar konkrete mål om kor stor del av kritiske råvarer som skal utvinnast og foredlast i Europa og kor stor del som skal vere basert på resirkulerte materiale. Eit sentralt element i framlegget er å forenkle administrative prosesser og redusere tida det tek å få løyve til å sette i gang nye prosjekt. Samstundes skal det tas omsyn til miljø, biodiversitet og lokalbefolkninga og å sikre gode arbeidstilhøve. Dei same omsyna skal liggje til grunn når slike prosjekt blir utvikla i partnarland utanfor EU.
Initiativet til nullutsleppsteknologi er eit direkte svar på den amerikanske Inflation Reduction Act (IRA), sa Breton. Også dette framlegget har forenkling og raskare godkjenningsprosessar som sentrale verkemiddel. Det er teknologinøytralt og omfattar dermed også kjernekraftsteknologi som kvart land står fritt til å inkludere i sin energimiks. Han sa kjernekraft er ein heilt nødvendig komponent for å sikre måla om nullutslepp i EU. Samstundes la kommissæren vekt på at godkjenningsprosedyrane for kjernekraft skil seg frå prosedyrane for andre typar prosjekt og ikkje kan forenklast på same måte. Framlegget er ikkje meint å vere proteksjonistisk.
I to rundar med kommentarar var det nesten 30 europaparlamentarikarar som hadde ordet. Det var jamt over positive kommentarar til dei to initiativa og mange viste at dei er nødvendige for å sikre europeisk konkurranseevne. Fleire stilte likevel spørsmål til om dette er eit kraftige nok svar på IRA og også om fleire sektorar burde vore omfatta. Det var semje om behovet for rask behandling av framlegga og at målet er endeleg vedtak før valet i mai 2024.
I debatten var mange positive til forenkling og raskare godkjenning, men fleire lurte på kor realistisk det er å få til dette i praksis. Det var også fleire som lurte på om dei konkrete måla til dømes knytt til råmateriale er realistiske og det vart etterlyst meir konkrete framlegg til finansiering. Det var uro for at endringane i reglane for statsstøtte vil føre til at landa i EU med størst finansielle musklar vil tiltrekke seg brorparten av nye investeringar og arbeidsplassar. Enkelte etterlyste meir målretta tiltak for å sikre at små og mellomstore verksemder kan delta i industriutviklinga inkludert i offentlege anbodskonkurransar.
Det var svært ulike syn på rolla til teknologi for karbonfangst og -lagring. Det var mange som hadde spørsmål og kommentarar knytt til kjernekraft. Tilhengjarar av kjernekraft meinte denne energiforma har for lite merksemd i framlegget og understreka at kjernekraft er viktig for at EU skal nå utsleppsmåla sina. Motstandarar av kjernekraft viste til at kjernekraft både er dyrt og tek lang tid å byggje ut. EU bør derfor satse på andre energiformer framfor kjernekraft. Fleire la vekt på å sikre gode arbeidsvilkår både i EU eller i partnarland. Det vart vist til at tilhøve til strategiske partnarar kanskje bør regulerast i breiare handelsavtaler framfor smale avtalar knytt til dei enkelte råmateriale.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg