Plenumsmøte i Europaparlamentet 20. – 23. november
Europaparlamentet hadde plenumsmøte i Strasbourg 20. – 23. november. I tillegg til situasjonen i Midt-Austen, drøfta Parlamentet mellom anna auken i migrantar inn i Finland frå Russland og vedtok sin forhandlingsposisjon for fleire rettsakter på miljøområdet. Parlamentet gav med stort fleirtal samtykke til handelsavtalen mellom EU og New Zealand og den bulgarske statsministeren argumenterte for at Bulgaria og Romania må få medlemskap i Schengen. Europaparlamentet tek også til orde for å endre EU-traktaten for gjere EU meir effektivt i møte med nye utfordringar.
Situasjonen i Midt-Austen
Europaparlamentet drøfta situasjonen i Midt-Austen med EUs høgrepresentant for utanrikssaker, Josep Borrell, og det spanske EU-formannskapet onsdag. Overskrifta på dagsordenspunktet var «Den humanitære situasjonen i Gaza, behovet for å lauslate gislar og for ein umiddelbar humanitær pause som fører til våpenkvile, og perspektiva for fred og sikkerheit i Midt-Austen.» Overskrifta var eit kompromiss mellom ulike omsyn og i debatten var det ikkje uventa ulik vektlegging av kva som er viktigast av desse omsyna. Både Borrell og det spanske formannskapet gjentok fordømminga av Hamas sin terroraksjon, kravet om at gislar må bli sett fri og Israels rett til å forsvare seg. Samstundes understreka dei at Israel må ta omsyn til dei sivile på Gaza og behovet for humanitær hjelp. Borrell sa fred i Israel berre kan sikrast gjennom håp, fridom og verdigheit også for det palestinske folket. Dette krev ei tostatsløysing. Borrell fekk ros for ei balansert og god tilnærming frå fleire som hadde ordet, men vart også mellom anna skulda for å ikkje ha fordømt Hamas og terror klart nok og for å bidra til antisemittisme. Samla sett var det brei oppslutning om behovet for humanitære pausar og for å sikre naudhjelp til dei sivile på Gaza.
Mange klima- og miljøsaker
Europaparlamentet godkjente denne veka forhandlingsmandat for ei rekkje rettsakter på klima- og miljøområdet. Dette omfattar framlegga til rettsakter som skal fremje netto-null teknologi i Europa, redusere luftforureiinga frå lastebilar og bussar og få forbrukarane til å velje reperasjon framfor utskifting av produkt,
Parlamentet vedtok også sin posisjon om reglar for EU-sertifisering av karbonopptak og understreka at karbonfjerning må komplettere det som har fyrsteprioritet, nemleg å redusere utsleppa av drivhusgassar. Parlamentet vedtok vidare sine krav til COP28-møtet og tek mellom anna til orde for at alle subsidiar til fossile drivstoff må utfasast innan 2025. Derimot vart det ikkje fleirtal for eit kommisjonsframlegg som skal sikre redusert bruk av plantevernmiddel. Rådet har ennå ikkje ein posisjon til dette framlegget.
Situasjonen på den finsk-russiske grensa
Det spanske EU-formannskapet og innanrikskommissær Ylva Johansson deltok 20. november i ein debatt om situasjonen på den finsk-russiske grensa. Det har kome om lag 700 migrantar utan lovlege innreisedokument og id-papir til Finland sidan juli i år. Finland hadde per 20. november stengd 4 av 9 grenseovergangar som følgje av utviklinga, men varsla 22. november at dei stengde alle overgangar unntatt den nordlegaste. Jamvel om Rådet og Kommisjonen tok eit visst atterhald knytt til den faktiske situasjonen, tok dei generelt avstand frå instrumentalisering av migrantar. Det vart vist både til situasjonen på Storskog i Noreg i 2015 og til situasjonen på grensa mellom Belarus, Polen og Litauen for to år sidan. I slike situasjonar er det viktig med samhald og solidaritet og gode verktøy. Finland legg vekt på å finne ein balanse mellom omsynet til offentleg orden og sikkerheit og retten til å søke beskyttelse. Kommisjonen understreka at EU står saman med Finland og at Europol og Frontex vil støtte landet. Det er viktig å få vedteke forordningsframlegget frå 2021 som skal handtere tilfelle av instrumentalisering på migrasjons- og asylområdet. Det er også viktig å oppnå semje om dei ulike elementa i asyl- og migrasjonspakta som omfattar tiltak mot instrumentalisering. Agence Europe skreiv elles 22. november at det førre veke var fleire forhandlingsmøte knytt til pakta og at det er lagt opp til eit maratonløp med forhandlingsmøte 7. desember med sikte på å oppnå politisk semje om så mange av rettsaktene som mogleg.
I kommentarane frå medlemmane i Europaparlamentet var det konsensus om at Russland står bak situasjonen på grensa. EU må stå samla mot slike hybridoperasjonar, men det er viktig også å ta humanitære omsyn og overhalde internasjonale avtaler. I sin avslutningskommentar viste Johansson igjen til behovet for å stå samla og for å støtte Finland. EU må både beskytte sine verdiar og sine yttergrenser.
Rettsstatssituasjonen i Spania som følge av amnestiloven
I ein debatt onsdag var det harde frontar da Parlamentet drøfta om den nye amnestiloven i Spania, retta mot Katalanske separatistar, trugar rettsstaten. Debatten var ikkje uventa dominert av spanske medlemmer av Europaparlamentet. Medlemmer frå sentrum venstre-gruppa (S&D) og ytre venstre (The Left) understreka at demokrati og konstitusjon på ingen måte er truga. Dei meiner taparane i det spanske valet bruker rettsstat som eit vikarierande argument. Det kom kritikk mot loven både frå medlemmer av den liberale gruppa (Renew) og høgre-gruppene.
Brei støtte til handelsavtalen mellom EU og New Zealand
Med eit stort fleirtal på 524 mot 84 røyster og 21 som avsto, gav Europaparlamentet samtykke til handelsavtalen som er inngått mellom EU og New Zealand. Avtalen medfører at 100% av New Zealands tollsatsar på EU-import og 98,5% på EUs tollsatsar på import frå New Zealand skal fjernast innan sju år. EUs vil framleis ha tollvern for mellom anna storfekjøtt og visse meieriprodukt. Avtalen omfattar elles vern av geografiske indikatorar og etablerer klare plikter knytt til klima- og arbeidslivstandarar i samsvar med Paris-avtalen og ILO-protokollar.
Tale av den bulgarske statsministeren
I ein tale til plenumsmøtet 22. november argumenterte den bulgarske statsministeren Nikolay Denkov for at både Bulgaria og Romania må få medlemskap i Schengen. Dette vil gjere Europa sterkare og også bidra til å hindre ei splitting i det bulgarske samfunnet som Russland bidrar til gjennom sine økonomiske og kulturelle band til Bulgaria. Han viste til at Bulgaria oppfyller alle formelle krav for Schengen-medlemskap og at vidare utsetting er uakseptabelt og demotiverande. Denkov tok også til orde for at EU må spele ei meir aktiv rolle globalt, både som meklar og fredsgarantist.
Tale av den kenyanske presidenten
William Ruto, president i Kenya, tok i ein tale til Europaparlamentet 21. november til orde for styrka samarbeid om tiltak mot klimaendringar og fattigdom og for å takle konfliktar. EU og Afrika bør utvikle nye samarbeidsformer basert på gjensidig nytte. Dette omfattar tiltak for å handtere migrasjon og takle årsakene til migrasjon. Det er behov for å modernisere dei internasjonale samarbeidsformene frå førre hundreåret slik at dei passer for utfordringane i dette, sa han.
Parlamentet vil endre EU-traktaten
Det er behov for å endre traktaten for å sikre at EU kan møte framtidige utfordringar og kriser. Det slår Parlamentet fast i ein resolusjon som vart vedteke med 305 mot 276 røyster og 29 som avsto. Det relativt knappe fleirtalet vil styrke Europaparlamentets rolle som lovgjevar, mellom anna gjennom å gje det initiativrett. Det vil også at fleire saker skal kunne vedtakast med kvalifisert fleirtal i Rådet og gjennom den ordinære lovgjevingsprosedyren. Resolusjonen tek også til orde for å redusere talet på kommissærar, auke innsynet i Rådets arbeid og styrke rolla til europeiske, politiske parti. Fleirtalet vil også styrke samarbeidet og EUs rolle på område som folkehelse, miljø, sivil beredskap, industripolitikk og utdanning. Sjå EU/EØS-nytt frå 7. november 2023 for meir informasjon om Europaparlamentets posisjon.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg