Rask behandling av framlegga til elmarknadsdesign, kritiske råvarer og nettonullteknologi
Både i Rådet og Europaparlamentet er det rask framdrift i behandlinga av framlegga til endringar i elektrisitetsmarknadsdesign, kritiske råmateriale og nettonullteknologi. Utkast til innstillingar knytt til elmarknaden og kritiske råmateriale er klare frå saksordførarane og det var frist for å kome med endringsframlegg denne veka. Industri-, forskings- og energikomiteen (ITRE) i Europaparlamentet drøfta innstillingane denne veka og hadde også høyringar om kritiske råmateriale og nettonullteknologi. Utkast til innstilling om nettonullteknologi er venta i juni.
Reform av elektrisitetsmarknadsdesign
ITRE-komiteen drøfta tysdag innstillingane med saksordføraranes endringsframlegg knytt til to rettsakter om reform av elektrisitetsmarknaden. Andre medlemmer av Europaparlamentet hadde frist denne veka til å fremje sine endringsframlegg. Dei to rettsaktene vil revidere elektrisitetsforordninga og elektrisitetsdirektivet (2019), REMIT-forordninga, fornybarenergidirektivet (2018) og forordning om EU-byrået for samarbeid mellom energiregulatorar (ACER) (2019 revisjon), jf. omtale i Stortingets EU/EØS-nytt 20. mars i år. Saksordførar for framlegget som vil endre dei to fyrste rettsaktene er Nicolás González Casares (S&D, Spania) og for det andre framlegget Maria da Graça Carvalho (EPP, Portugal).
Carvalho sa ho med si innstilling vil bidra til å sikre samsvar med eksisterande regelverk, styrke den europeiske dimensjonen og styrke marknaden. Mellom anna ynskjer ho klarare definisjonar, unngå at aktørane må dobbelrapportere og å unngå unødige administrative byrder. Det er også viktig å styrke rolla til EUs energibyrå (Acer) slik at det i større grad kan granske grensekryssande saker og å sikre granskingskapasiteten til byrået. Ho er også opptatt av å sikre marknadstilgang for aktørar frå tredjeland og sikre tilstrekkeleg konfidensialitet for investorar.
Det var brei støtte til utkastet frå dei fleste skuggeordførarane og andre som hadde ordet. Det var minna om at utgangspunktet er å beskytte forbrukarane betre og at det er for mange tilfelle at aktørar misbruker sin marknadsposisjon, av innsidehandel og marknadsmanipulasjon. Det er viktig å hindre at energiselskap kan ta ut superprofitt. Fleire trakk fram at det er gassmarknaden som er hovudproblemet. Mange var opptatt av at det er viktig å styrke Acer mellom anna for å sikre at grensekryssande hendingar blir granska. Ein felles energimarknad krev felles tilsyn. Fleire peikte på at for å vere eit effektivt tilsynsorgan, må Acer ha nok ressursar både økonomisk og i form av tilsette. Dette vil også gjere byrået betre i stand til å handheve dagens reglar. Acer bør vidare få sterkare sanksjonsmiddel i form av mellom anna bøteleggingskompetanse. Det er viktig at Acer samarbeider tett med Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita pga. koplingane mellom energi- og finansmarknadar. Enkelte meinte det var forhasta å gje Acer meir kompetanse nå. Andre var opptatt av at Acer må kunne pålegge nasjonale tilsyn å granske eller gripe inn overfor uheldig praksis. Det var ulike syn på kva krav om kontor eller etablering i EU som skal stillast til aktørar frå tredjeland. Kommisjonen la i sin kommentar vekt på at sentrale mål for framlegget er betre vern av forbrukarane, meir transparens og meir effektiv grensekryssande handheving.
González la vekt på at utgangspunktet for hans innstilling er å styrke rettane til forbrukarane og sikre at forbrukarane igjen får tillit til energimarknaden. Spesielt er det viktig å sikre ein generell rett til elektrisitet og forbod mot å kople forbrukarar frå straumnettet. Forbrukarane må nyte godt av at prisen på grøn energi er låg og samstundes er det viktig å sikre utbygging av fornybar energi og lagringskapasitet og å auke overføringskapasiteten mellom og internt i EU-landa. Det er også viktig å hindre at energiaktørar tek ut superprofitt.
Det var relativt brei støtte til utkastet til innstilling inkludert behovet for å sikre at forbrukarar og næringsliv faktisk får lågare og meir stabile prisar. Det var også semje om behovet for å byggje ut grensekryssande overføringskapasitet og kapasitetsmekanismar. Fleire var skeptiske til detaljregulering av kva overskott aktørane kan ta ut. Terskelen for å definere ein krisesituasjon bør heller ikkje vere så låg at det i praksis vil vere ein permanent krisesituasjon. Dette vil skape uvisse for investorar om rammevilkåra og kan føre til mindre utbygging av grøn energi. Fleire representantar frå både den konservative gruppa (EPP), den liberale gruppa (Renew), den grøne gruppa og den konservative gruppa (ECR) åtvara mot å gjere endringar i eit marknadsbasert system som har fungert godt i mange år. Grunnen til dei høge elektrisitetsprisane er ikkje marknadssvikt, men fyrst og fremst mangel på gass. Det vart også vist til at ikkje alle endringane som vart vedteke i den såkalla rein energi-pakken, er implementert i alle EU-land ennå eller har fått tid til å virke. Ytre venstre-gruppa (The Left) meinte derimot det er marknadssvikt som er årsak i dei høge prisane. Medlemslanda må ha handlingsrom til å definere ein krise og intervenere i marknaden. Denne gruppa tok også til orde for eit system med ein tilbydar per land. EPP trakk fram behovet for å sikre konkurransedyktige prisar til industrien. Det bør ikkje etablerast ei permanent subsidieordning for industrien, men det kan vere behov for å gje støtte i ein overgangsperiode. ECR var opptatt av at finansiering og fremje av offentleg-privat samarbeid om ny energi ikkje berre må gjelde fornybar energi, men også fossil energi. Den grøne gruppa sa kjernekraft ikkje må vere omfatta av dette.
Europakommisjonen sa på slutten av debatten at det er viktig å gjere endringar som sikrar meir prisstabilitet til forbrukarane og fremjar utbygging av fornybar energi. Kommisjonen var skeptiske til saksordførars framlegg om eit permanent tak på profitt. Det er vanskeleg å vite korleis ei framtidig krise vil sjå ut og kva som da vil vere gode løysingar. Eit slikt tak vil også skape uvisse for investorane og kan føre til fragmentering av den indre marknaden. Framlegget til endra vilkår for å erklære ein krise, er også for vidtrekkande og kan føre til at det det svært mange situasjonar blir definert som kriser. Kommisjonen hadde også innvendingar mellom anna til eit framlegg om standardiserte kontraktar for offentleg-privat samarbeid. Det er viktig å vente med å detaljregulere dette til det er klart om det er appetitt i marknaden for å delta i slikt samarbeid.
Kritiske råmateriale
ITRE-komiteen hadde måndag ei høyring om framlegget til eit rammeverk for å fremje tilgang til kritiske råmateriale i EU. Komiteen drøfta også utkastet til innstilling frå saksordførar Nicola Beer (Renew, Tyskland). Les meir om framlegget i Stortingets EU/EØS-nytt 20. mars i år.
I høyringa deltok representantar frå gruveselskapet Rio Tinto, metallindustriselskapet Eramet, det nederlandske instituttet for anvendt forsking, Finlands geologiske undersøkingar og the European Environmental Bureau (EEB) som er eit nettverk av miljøorganisasjonar i Europa. Jamvel om dei alle var positive til målsettinga, var det ikkje uventa ulike oppfatningar om vegen dit.
Det vart peikt på at denne forordninga bør fokusere på dei materiala som er viktigast for å nå måla i forordninga om fremje av nettonullteknologi. Lista over kritiske råmateriale bør vere dynamisk og det er naturleg at det ikkje er dei same materiale som blir definert som kritiske i EU som i USA. Det er viktig ikkje berre å auke tilgangen til materiale, men også gjennomføre tiltak for å redusere bruken av dei og å utvinne ikkje-utnytta mineral i eksisterande gruver. Det tek lang tid å utvikle nye prosjekt og det er derfor viktig å sikre gode rammevilkår for handel med partnarland, til dømes Australia. Infrastruktur og raskare godkjenning i EU er viktig, og viktigare enn statsstøtte. Jamvel om det er nødvendig å sikre gode konsekvensvurderingar av slike prosjekt, bør det vurderast om ikkje prosessen kan gjerast enklare ved at ulike myndigheiter kan arbeide parallelt. I mange tilfelle vil ein mineralførekomst strekke seg over landegrenser og grensekryssande samarbeid er derfor viktig. Det vart framheva at samarbeidet på Nordkalotten er døme på eit velfungerande samarbeid på dette området.
EBB var mest kritiske til framlegget og meinte det vil ha store negative konsekvensar for miljø, biodiversitet og berekraft. Det er lagt opp til alt for raske godkjenningsprosessar. Dette vil gje mellom anna urfolk og miljøorganisasjonar for lite tid til å vurdere nye prosjekt. Det er spesielt alvorleg for gruveprosjekt som har langt større effektar på miljøet enn til dømes resirkuleringsprosjekt. Det bør derfor ikkje vere det same kravet til rask godkjenning av alle typar prosjekt. EBB meinte det blir lagt for lite vekt på redusert bruk av mineral, og trakk spesielt fram transportsektoren der det er viktig å fremje kollektivtransport. Tiltaka for å styrke gjenbruk av materiale må også styrkast.
I debatten om utkastet til innstilling sa saksordføraren at ho er opptatt av å fremje innovasjon og substitutt i verdikjedene, straumlinjeforme godkjenningsprosessar og redusere administrative byrder, styrke dei økonomiske insentiva for å investere og produsere i Europa og styrke strategiske partnarskap på like vilkår med andre land.
Kommentarane frå skuggeordførarane og andre som hadde ordet, var stort sett positive. Det er viktig å sjå dette framlegget saman med anna regelverk inkludert framlegget om nettonullteknologi, krav til naturrestaurering og revisjon av kjemikaliepolitikken. Tiltak for å fremje auka resirkulering bør styrkast. Statsstøttereglane må utformast slik at det er like konkurransevilkår i Europa. Kommisjonen minna om i sin kommentar at framlegget ikkje berre er viktig for det grøne skiftet, men også for digitale omstilling og forsvar- og sikkerheitsindustrien. Kommisjonen er opptatt av å sikre finansiering og stimulere til private investeringar.
Det er lagt opp til ein ambisiøs timeplan for behandlinga av framlegget. Frist for andre medlemmar av Europaparlamentet til å fremje sine endringsframlegg er 25. mai. Seks andre komitear i Europaparlamentet vil etter planen vedta innspel til ITRE-komiteen som har lagt opp til å vedta si innstilling i juni. Om denne posisjonen blir godkjent som mandat av plenumsmøtet, er Europaparlamentet da klare til forhandlingar med medlemslanda i Rådet.
Framlegget vart også drøfta på møtet i Konkurranseevnerådet denne veka. Ministrane drøfta mellom anna korleis lokal motstand mot nye prosjekt kan overvinnast og la vekt på at nye utvinningsprosjekt må vere miljømessige og sosialt berekraftige. Den svenske energi- og næringsministeren Ebba Busch sa til Agence Europe at det er realistisk at også Rådet vedtek sin posisjon i løpet av juni.
Høyring om nettonullteknologi
Komiteen hadde tysdag ei høyring om framlegget til ei forordning som skal fremje produksjon av nettonullteknologi i EU. Framlegget er omtalt i Stortingets EU/EØS-nytt 20. mars i år og i informasjonspakka til Europautvalget 21. april, jf. også eit bakgrunnsnotat frå Europaparlamentet frå mai i år om framlegget. Ved starten av høyringa lova komitéleiaren rask behandling av framlegget. Det er venta at saksordførar, Christian Ehler (EPP, Tyskland) vil leggje fram sitt utkast til innstilling i juni. I høyringa var aktørar frå kjemisk sektor, stålprodusentar, energiprodusentar og batteriprodusentar representert. Den grøne gruppa kritiserte i møtet at fornybarsektoren ikkje var representert.
Ekspertane var glade for at EU har kome med framlegget, men fleire meinte det mangla eit komplett verdikjedeperspektiv. EU vil ikkje bli mindre uavhengig av til dømes Kina utan at EU-aktørar bidrar på alle trinn i verdikjeda. Det vart også vist til at medan USA gjennom Inflation Reduction Act (IRA) har vedteke ein forretningsmodell som raskt gir aktørane svar og massiv støtte, skal EU vedta lovgjeving. Europeisk industri flytter til USA medan debatten i EU går føre seg, vart det sagt. Det er behov for raskare godkjenning og store investeringar. Aktørane understreka at statsstøtte kan vere nødvendig for å stimulere enkelte sektorar, men sa målet må vere å fremje forretningsmodellar som er lønsame på lengre sikt. Dei ulike aktørar tok ikkje uventa til orde for at sine respektive sektorar burde få ein styrka plass i forordninga. Fleire understreka at det er viktig ikkje berre å sjå på karbonfangst- og -lagring, men også fremje bruk og transport av karbon. Forordninga må sjå på heile EØS-området fordi Noreg er ein viktig aktør knytt til karbonfangst, -lagring og bruk. EU må styrke det sirkulære perspektivet – i dag blir verdifulle avfallsmateriale eksportert i staden for å bli resirkulert i EU. Mangel på kvalifisert arbeidskraft er ei utfordring for den grøne industrisatsinga. Næringane arbeider allereie aktivt med dette og det er ikkje behov for ny regulering til dømes med krav til lærlingplassar. Offentlege styresmakter bør heller bidra med informasjon om at utdanning retta mot grøn industri er attraktiv og framtidsretta.
I sine kommentarar tok fleire folkevalde opp ulike spørsmål knytt til statsstøtte. Enkelte viste til at det ikkje må bli slik at dei EU-landa som har størst økonomiske musklar, også kan gje mest støtte og tiltrekke seg produksjon og verdiskaping. Andre åtvara mot subsidiar generelt og var skeptiske til at politikarar nå skal plukke vinnarar og peike på kva teknologi som er verdig støtte. Det er viktig å finne ein balanse mellom styrka europeisk produksjon utan samstundes å stenge marknaden for teknologi frå andre land. Ein representant frå EUs regionalkomité meinte lokale styresmakter har vore for lite involvert i utforminga av framlegget. Målet om raskare godkjenning av utbyggingsplanar blir ikkje nådd ved ein sentralisert godkjenningsprosedyre, men vil krevje aktiv involvering av også lokale styremakter.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg