Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet

Europaparlamentet møttes til plenumsmøte i Strasbourg førre veke. Det var årstalen til kommisjonspresident Ursula von der Leyen som fekk mest merksemd (sjå eigen sak), men det var også andre saker på dagsorden. Parlamentet ga samtykke til at talet på mandat aukar frå 705 til 720 etter valet neste år og det godkjente den nye bulgarske kommissæren for innovasjon, forsking, kultur, utdanning og ungdom. Parlamentet er klart til å forhandle med Rådet om reform av elektrisitetsmarknaden, forordninga om kritiske råmateriale og eit direktiv som skal gje betre vern av grunnvatn og høgare miljøkrav for vatn. Eit knapt fleirtal tek til orde for kriminalisering av sex-kjøp i heile EU.

Frå 705 til 720 medlemmer i Europaparlamentet
Etter valet til nytt Europaparlamentet vil det vere 720 medlemmer, mot 705 i dag. Det er formelt medlemslanda i Rådet som gjer vedtak om mandatfordelinga i Parlamentet, men Parlamentet må gje samtykke til dette vedtaket. Endringane medfører at tre land – Frankrike, Nederland og Spania – får to ekstra mandat. Ni andre land, inkludert Danmark og Finland, får eit ekstra mandat. Etter endringane vil Danmark og Finland ha 15 mandat kvar. Europaparlamentet har teke til orde for å innføre felles, europeiske mandat, men Rådet har ikkje støtta dette.

Ny bulgarsk kommissær godkjent og høyring av nederlandsk kandidat 2. oktober
Parlamentet godkjente 12. september med stort fleirtal Iliana Ivanova som ny kommissær for innovasjon, forsking, kultur, utdanning og ungdom. Godkjenninga i plenum kom etter ei høyring i regi av dei to komiteane med ansvar for porteføljen til Ivanova førre veke. Den førre bulgarske kommissæren, Mariya Gabriel, gjekk av i mai for å gå inn i den bulgarske regjeringa.

Parlamentet skal 2. oktober gjenomføre høyring av ein ny nederlandsk kommissær etter at visepresident Frans Timmermans gjekk av i august – også han for å gå tilbake til nasjonal politikk i forkant av valet i november. Den nederlandske regjeringa har nominert Wopke Hoekstra som har vore utanriksminister i Nederland, til ny kommissær. Han vil få ansvar for klima i Kommisjonen dersom han blir godkjent, men han vil ikkje bli visepresident.

Klar for 55: Fornybardirektivet og berekraftig drivstoff til luftfart
Parlamentet gav 12. september formelt samtykke til semja med Rådet om det reviderte fornybardirektivet. Fornybar energi skal utgjere 42,5 prosent av EUs forbruk innan 2030, med eit mål om å oppnå 45 prosent. Godkjenninga av fornybare energianlegg skal skje raskare og fornybar energi i transportsektoren skal sikre ein reduksjon på 14,5 prosent av CO2-utsleppa innan 2030.

Parlamentet gav også formelt samtykke til semja med Rådet om ei forordning som skal auke bruken av berekraftig drivstoff i luftfarten. Innan 2050 er målet at 70 prosent av drivstoffet skal vere berekraftig. Det skal innførast ei miljømerke for flygingar i 2025. Det er venta at Rådet vil gjere sitt formelle vedtak snart, og det meste av det nye regelverket skal trå i kraft 1. januar 2024. Dei to rettsaktene er begge del av Klar for 55-pakken.

Klart for forhandlingar om reform av elektrisitetsmarknaden
Med 366 mot 186 røyster og 18 som avsto, gav Europaparlamentet samtykke til at det kan startast forhandlingar med Rådet om reform av elektrisitetsmarknaden med utgangspunkt i innstillinga frå industri-, forskings- og energikomiteen. Parlamentet er mellom anna opptatt av eit system som sikrar mindre prissvingingar for forbrukarane og å gje forbrukarane rett til fastpriskontraktar. Mange av dei som røysta mot å starta forhandlingar med dette mandatet, ynskte å styrke rolla til kjernekraft i samband med reforma.

Klart for forhandlingar om kritiske råmateriale
Europaparlamentet vedtok med stort fleirtal sin posisjon til forordninga som skal sikre tilgang til kritiske råmateriale i Europa. Parlamentet støtter målet om å utvikle strategiske partnarskap med tredjeland og å forenkle prosedyrane for å sette i gang utvinningsprosjekt. Dei er også samde i målet om å sikre meir resirkulering og gjenbruk av materiale. Parlamentet ynskjer å styrka krav til miljø og sosiale tilhøve. Medlemslanda i Rådet vedtok sin posisjon i juni og det er dermed klart for forhandlingar om det endelege regelverket. Parlamentet ynskjer at forhandlingane skal bli avslutta i haust.

Parlamentet gav også samtykke til at EU kan starte forhandlingar med USA om å styrke dei internasjonale verdikjedene for kritiske råmateriale. Parlamentet er opptatt av at også resirkulerte mineral må omfattast av ein slik avtale og at den må vere basert på høge krav til klima og miljø. Den må vidare vere i samsvar med anna regelverk som nå blir forhandla, inkludert netto null-teknologi og forordninga om kritiske råmateriale.

Klart for forhandlingar om reinare vatn og luft
Europaparlamentet er klare til å forhandle med Rådet om eit direktiv som skal sikre reinare grunnvatn og overflatevatn. Regelverket er del av EUs plan for null-forureining innan 2050. Parlamentet vil mellom anna utvide lista over kjemiske stoff som skal overvakast og kontrollerast. Posisjonen vart vedteke med 495 mot 12 røyster og 124 som avsto. Rådet har ennå ikkje vedteke sin posisjon.

Parlamentet er også klare til å forhandle med Rådet om eit revidert luftkvalitetsdirektiv. Eit fleirtal på 363 mot 225 og 46 som avsto, går inn for strengare utsleppskrav frå 2035 for fleire utslepp. Reglane i EU skal vere i samsvar med retningslinene for luftkvalitet frå Verdas helseorganisasjon og medlemslanda må leggje fram nasjonale planar for korleis dei skal nå måla.

Kriminalisering av sex-kjøp
Parlamentet vedtok med eit knapt fleirtal på 234 mot 175 røyster og 122 som avsto ein rapport om prostitusjon i EU. Den viser mellom anna til at ulike nasjonale reglar knytt til sal og kjøp av sex fører til organisert kriminalitet og trafficking. Fleirtalet meiner sex-kjøp må kriminaliserast og tek samstundes til orde for felles EU-retningsliner for å sikre prostituerte grunnleggjande rettar.

Styrking av EUs forsvarsindustri gjennom felles innkjøp
Parlamentet gav med stort fleirtal formelt samtykke til semja med Rådet om ei forordning som skal styrke EUs forsvarsindustri gjennom felles innkjøp. Semja medfører mellom anna at eit budsjett på 300 millionar euro fram til utgangen av 2025 skal bidra til å styrke forsvarskapabilitetar. Det er lagt opp til at minst tre EU-land må samarbeide i konsortium under ordninga og kontraktørar og underleverandørar må vere etablert i eit EU-land eller eit assosiert land.

Tale av Svetlana Tikhanovskaja
Den belarussiske opposisjonsleiaren, Svetlana Tikhanovskaja, talte til plenumsmøtet 13. september. Ho bad parlamentarikarane støtte opp om dei europeiske perspektiva i landet og styrke samarbeidet med dei demokratiske kreftene. Europaparlamentet vedtok same dag ein rapport om tilhøvet mellom EU og Belarus. Den tek mellom anna til orde for strengare sanksjonar og oppmodar styresmaktene i landet om å frigje alle politiske fangar.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 22.09.2023 11:01
: