Årstalen til kommisjonspresidenten
Ursula von der Leyen heldt den 13. september sin siste årstale i denne mandatperioden. Talen la stor vekt på å framheve resultata sidan 2019, samtidig som ho varsla ein del nye initiativ som skal møte utfordringar knytt til mellom anna europeisk konkurranseevne. Krigen i Ukraina fekk langt mindre merksemd enn i tidlegare taler av von der Leyen, og vart fyrst nemnt mot slutten. Det er ennå ikkje klart om kommisjonspresidenten ynskjer ein periode nummer to etter valet i 2024. Mange spådde at denne årstalen ville vere ein valkamptale og i debatten etterpå sa enkelte at det var nettopp det den var. Samstundes fekk ho støtte og ros for mange av resultata frå dei største gruppene.
Ursula von der Leyen heldt onsdag den 13. september sin siste årstale i denne mandatperioden. Den timelange talen la stor vekt på å framheve resultata sidan 2019, samtidig som ho varsla ein del nye initiativ som skal møte utfordringar knytt til mellom anna europeisk konkurranseevne. Krigen i Ukraina fekk langt mindre merksemd enn i tidlegare taler av von der Leyen, og vart fyrst nemnt mot slutten av talen. Det er ennå ikkje klart om kommisjonspresidenten ynskjer ein periode nummer to etter valet i 2024. Mange spådde at denne årstalen ville vere ein valkamptale og i debatten etterpå sa enkelte at det var nettopp det den var. Samstundes fekk ho støtte og ros for mange av resultata frå dei største gruppene. Sjå også Europaparlamentets pressemelding om talen og reaksjonane.
Støtte til næringslivet, grønn omstilling og raskere godkjenning av vindkraftprosjekt
Von der Leyen tok utgangspunkt i valet i 2024. Ho sa det er viktig at veljarane tenkjer over kva slags Europa dei ynskjer framover og at EU må svare på dei utfordringane vi står overfor og sikre at dagens unge får ei betre framtid. Ho viste til mange oppnådde resultat knytt til alt frå den grøne given og regulering av digital sektor til helseunion, vaksiner og likestilling. Kommisjonen har gjennomført 90 prosent av det vi lova, sa ho. Ekstremvêr i sommar viser at det er nødvendig å fortsette den grøne omstillinga, men vekst og omstilling skal gå hand i hand. EU skal støtte næringslivet i denne omstillinga og målet er å sikre at den grøne verdiskapinga skal skje i Europa. Ho varsla ein grøn omstillingsdialog med ulike sektorar for å få innspel til kva som skal til for å sikre konkurranseevna framover. Ho varsla også ein pakke som mellom anna skal sikre finansiering og raskare godkjenning av vindkraftprosjekt. Det er viktig å sikre ei rettferdig, global konkurranse. EU vil ikkje godta at kinesiske subsidiar av t.d. elektriske bilar, øydelegg for europeisk næringsliv slik det skjedde med solcelleindustrien. EU skal redusere risikoen gjennom diversifisering, men ikkje fråkoble seg land som Kina.
Biologisk mangfald
Von der Leyen understreka at biologisk mangfald og sunne økosystem er grunnleggjande for vårt livsgrunnlag. Det er nødvendig å sikre matvaresikkerheit og produksjon som er i harmoni med naturen. Det var truleg i lys av motstand i mange land mot framlegget til ei forordning om naturrestaurering at ho nytta høve til å takke europeiske bønder for at dei produserer sunn mat og sikrar sjølvforsyning. Ho tok til orde for meir dialog og mindre konflikt og varsla ein strategisk dialog om framtida til europeisk landbruk.
Langsiktig konkurransekraft og forenkling i næringslivet
EU står overfor tre økonomiske utfordringar knytt til mangel på arbeidskraft, inflasjon og eit forretningsklima som ikkje er godt nok. Det er viktig å sikre omstilling av arbeidsstyrken, skaffe fleire barnehagar, inkludere unge i arbeidsmarknaden og legge til rette for at kvalifiserte arbeidsinnvandrar kan komme til Europa. Ho la også vekt på den sosiale dialogen. Inflasjonen må ned. Energiprisane er lågare nå og dette er eit viktig bidrag til dette. Det er også viktig å legge til rette for forenkling i næringslivet fordi byråkrati hindrar vekst. EU vil utnemne ein særskilt SMB-utsending som skal rapportere direkte til kommisjonspresidenten om utfordringane til SMB. EU vil leggje fram ein strategi for mindre byråkrati og målet er 25 prosent reduksjon i administrative byrder. EUs næringsliv treng støtte nå og det er derfor viktig å oppnå semje om det reviderte langtidsbudsjettet der det er gjort framlegg om slik støtte. EU har som mål å inngå fleire handelsavtaler mellom anna med Australia, Mexico og Mercosur og vil ta initaitiv til eit globalt samarbeid for å sikre kritiske råmateriale. Mario Draghi, tidlegare italiensk statsminister og tidlegare europeisk sentralbanksjef, har fått i oppdrag å utarbeide ein rapport om korleis EUs langsiktige konkurranseevne kan sikrast.
Digital sektor og KI
Von der Leyen viste til at EUs regulering av den digitale sektoren er modell for mange andre land. EUs regulering av kunstig intelligens (KI) skal også danne modell for den globale Tilbake til innholdsfortegnelsen reguleringa på dette området. Det skal skje gjennom å styre innovasjonen, ha klare reguleringar og gjennom globalt samarbeid.
Geopolisk Kommisjon
Denne Kommisjonen er ein geopolisk Kommisjon. EU støttar land som Libya og Marokko som nå opplev flaum og jordskjelv, og EU vil støtte opp om ei demokratisk utvikling i Afrika der Russland støtter opp om autokrati og kuppmakarar. EU ynskjer ein ny strategisk plan for Afrika basert på gjensidig partnarskap. EU skal også samarbeide med India og landa i Midt-Austen i utbygging av infrastruktur for transport, energi og dataoverføring. Dette vil leggje til rette for økonomisk vekst for alle landa.
Migrasjon
Migrasjonen til EU må handterast. Dette krev tolmod, samhald i EU og samarbeid med partnarar. EUs migrasjons- og asylpakt handlar om å finne ein balanse mellom ulike omsyn som solidaritet, sikkerheit og menneskeverd. Det er viktig å få vedteke dei ulike elementa i pakta. Eit sentralt mål er å redusere den irregulær migrasjon. Kampen mot menneskesmuglarar er viktig for å oppnå det. Den nyleg inngåtte avtalen med Tunisia skal også blant anna sikre dette. EU ynskjer liknande avtaler med andre land. Det er vidare nødvendig med ein effektiv grensekontroll.
Ukrania
Von der Leyen hylla motstanden til Ukraina mellom anna gjennom å trekke fram enkeltmenneske som hadde gjort ein innsats. Ho sa EU vil stå saman med Ukraina så lengje det er nødvendig og understreka at ukrainske flyktningar stadig er like velkomne i EU. Ho varsla forlenging av det midlertidige, kollektive vernet dei har fått. EU har gjeve støtte til alt frå pensjonar, sjukehus og skular til ammunisjon i Ukraina. Støtta vil halde fram samtidig som EU også ser framover og ynskjer å støtte gjenreising og leggje til rette for EU-medlemskap. Framtida til både Ukraina og Moldova er i EU, sa ho og viste til at ho var klar over at EU-perspektivet også er viktig for mange i Georgia.
Utviding av unionen
Det er i EUs strategiske interesse å fullføre unionen gjennom utviding. Ein utvida union må vere basert på rettsstat og grunnleggjande rettar. EUs rettsstatsrapportar for medlemslanda er eit verktøy for å forbetre situasjonen i kvart land. Kommisjonen vil nå arbeide med slike rapportar også for framtidige medlemsland for å sikre det same. Utviding vil krevje reform og nye arbeidsformer og kanskje traktatendringar. Kommisjonen vil starte ein gjennomgang for å få oversikt over kva endringar som er nødvendig på ulike område. EU27 har oppnådd mykje og stått samla. Vi kan også oppnå mykje som eit EU30+, sa ho.
Avslutningsvis sa von der Leyen at EU skal stå opp for sine innbyggjar, sikre dei og lytte til dei. Det som er viktig for europeiske borgarar er viktig for EU. Ho vende attende til dei unge som ho snakka om i starten av talen og sa «It is the moment to show them that we can build a continent where you can be who you are, love who you want, and aim as high as you want. A continent reconciled with nature and leading the way on new technologies. A continent that is united in freedom and peace.»
Kommentarer i Europaparlamentet
I runden med kommentarar frå dei politiske gruppeleiarane fekk von der Leyen relativt mykje ros og støtte frå dei største gruppene, medan fløygruppene var meir kritiske.
Sentrum høgre-gruppa (EPP) framheva dei mange gode resultat til den nåverande Kommisjonen og sa det framover er viktig med redusert inflasjonen og styrke europeisk konkurranseevne. Den grøne given er viktig, men omstillinga må skje i dialog med mellom anna næringsliv, bønder og dei unge. Det er også viktig å sikre at det er Europa og ikkje Kina som dreg fordel av den grøne omlegginga. EU må sikre tøffe vernetiltak mot urimeleg konkurranse og styrke handelssambandet med likesinna land. Det er nødvendig med ein effektiv migrasjonspolitikk. Det er ikkje smuglarar som skal bestemme kven som kan komme til Europa og EU må jobbe med nabolanda for å redusere irregulær migrasjon. Endeleg er det viktig å styrke EUs forsvarsevne og Nato.
Sentrum venstre-gruppa var glad for at mange resultat er oppnådd gjennom dialog og konsensus. Det er viktig å leggje til rette for reindustrialisering av EU. EU må gjennomføre dei ulike elementa i den grøne given og ikkje la klimafornektarar hindre dette. Det er nødvendig med reform av elektrisitetsmarknaden, styrke den sosiale dimensjonen og styrke likestilling og gje kvinner betre vern mot vald. Putin er ein krigsforbrytar og EU må sjå på korleis frosne middel kan brukast til å hjelpe Ukraina. EU må kunne fatte beslutningar meir effektivt med fleirtalsvedtak på fleire område og EU-pengar skal ikkje gå til land som ikkje respekterer grunnleggjande rettar.
Også den liberale gruppa (Renew) sa EU har fått til mykje dei siste fire åra, mellom anna knytt til miljø og klima, styrka europeisk næringsliv, og betre regulering av den digitale sektoren. Det er viktig å vidareføre arbeidet med å styrke EUs kollektive sikkerheit, gjennomføre tiltaka knytt til den grøne given og sluttføre arbeidet med migrasjons- og asylpakta. EU må også stå opp for grunnleggjande rettar i Polen og Ungarn. Gruppa var uroa for at den nåverande regjeringa i Italia har reversert familierettar for LHBT-familiar.
Den grøne gruppa understreka at erfaringane frå ekstremvêret i sommar viser at det er grunnleggjande viktig å vidareføre arbeidet med den grøne omstillinga med full styrke. Det er også nødvendig å redusere utslepp og forureining som øydelegg økosystem og biologisk mangfald. Den grøne omlegginga vil også skape økonomisk vekst for Europa. Gruppa var samd i at inflasjonen må ned, men viste til at ekstraordinært høgt utbytte er ein viktig årsak til prisauken. EU må ha strengare reguleringar av dette. EU må ha ein migrasjonspolitikk som er basert på menneskeverd og ikkje på samarbeid med autokratar og trua på at grenser kan bli hermetisk stengde. Gruppa åtvara EPP mot å samarbeide med ytre høgre-parti og dermed sette eigne verdiar til side.
Både den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa (ID) kom med kraftig kritikk av Kommisjonen. ECR sa EU er langt dårlegare stilt nå enn for 20 år sidan og står overfor inflasjon og resesjon. EU er stadig for avhengig av russisk energi og migrasjonspolitikken er mislykka og har mellom anna ført til mange valdtekter i landa med høg innvandring. Den grøne given har berre ført til ekstra kostnadar og ikkje bidratt til vekst. EU legg seg også opp i nasjonal politikk på område som den ikkje har noko med, og trugar den kristne kulturarven. ID sa årstalen var ein valkamptale for von der Leyen, men at den ikkje svarte på dei mange konkrete utfordringane som EU og EUs innbyggjarar opplev. EU må stå opp mot kinesiske subsidiar. Det er ikkje behov for ein SMB-utsending, men for konkret reduksjon i byråkratiske hindringar. Det er nødvendig å redusere tale på migrantar for dermed også å kunne sikre meir effektiv redistribuering av dei som kjem.
Også ytre venstre (The Left) var kritiske til Kommisjonen, men la ikkje uventa mest vekt på behovet for eit meir sosialt Europa som sikrar verdige liv til alle. Gruppa tok til orde for kamp mot fattigdom og for å reversere kutt i overføringane til dei svakaste.
Von der Leyens kommentarer til innlegga
Von der Leyen kommenterte innlegga med å vise til at rettsstat er grunnleggjande viktig for at EU skal fungere. Ho viste til rettsstatsklausulen i gjenreisingsmekanismen etter pandemien og sa at EU har kopla overføringar til gjennomføring av nødvendige reformar. Ho la også vekt på behovet for ei rettferdig fred i Ukraina og at dette er avhengig av ein sikkerheitsgaranti for landet. Eit viktig element i dette er å styrke europeisk forsvarsindustri og ho varsla ein europeisk strategi for denne industrien.
Til slutt gjentok ho støtta til den grøne given og sa grøn omstilling er nødvendig for å sikre vårt eksistensgrunnlag og vekst. Det spanske EU-formannskapet sa seg klare til å bidra til sluttføring av mange av dei sakene som stadig ikkje er ferdig vedtekne i EU. Dette omfattar mellom anna migrasjon, revisjon av energimarknaden, klima, naturrestaurering og netto null-teknologi. Spania er opptatt av samhald i EU og ynskjer ein meir inkluderande og likestilt union. Det er viktig å gje landa på Vest-Balkan håp om EU-medlemskap og effektivisere vedtakssystemet i EU. EUs migrasjonspolitikk må vere basert på menneskeverd, men også vere ordna og ansvarleg.
Kontaktinfo
Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg