Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europaparlamentets plenumsmøte i Strasbourg 16. – 19. januar

Ukraina, prioriteringane til det svenske EU-formannskapet og korrupsjonsskandalen var sentrale tema under Europaparlamentets plenumsmøte i Strasbourg denne veka. Parlamentet tek til orde for auke militær støtte til Ukraina og meiner det må opprettast ein spesialdomstol for å handtere den russiske aggresjonen i landet. Kommisjonens framlegg om ein grøn industriplan fekk brei støtte. Det var ei markering av at den indre markanden er 30 år. Europaparlamentet krev tiltak mot legemiddelmangel i Europa og styrka forbrukarvern for spel. Marc Angel (S&D, Luxembourg) vart vald til visepresident etter Eva Kaili som vart arrestret for korrupsjon før jul.

Ved opninga av møtet minna parlamentspresident Roberta Metsola årsdagen for bortgangen til forgjengaren David Sassoli og sa ho dagleg sakna høve til å kunne rådføre seg med han. Ho fordømte den russiske bombinga av sivile i Ukraina og gjentok støtta til demonstrantane i Iran. Dagsorden for veka vart utvida med debattar om status for arbeidet mot korrupsjon og for reform av Parlamentet, russiske krigsbrotverk i Ukraina og utviding av sanksjonane mot Russland og at fleire land har kriminalisert hjelp til migrantar. Sjå også pressemelding frå Europaparlamentet om opninga.

Debatt om resultatet av toppmøtet i desember
Både rådspresident Charles Michel og kommisjonspresident Ursula von der Leyen deltok onsdag i ein debatt om resultatet av toppmøtet i desember. Det var også mykje merksemd om Kommisjonens framlegg om ein grøn industriplan som von der Leyen lanserte i Davos tysdag. Både Michel og von der Leyen understreka EUs solidaritet med og støtte til Ukraina, og gjentok at EU vil støtte landet så lenge det trengs. EU har klart å møte utfordringane som følgje av energikrisa i kjølvatnet av den russiske aggresjonen. Det vart her mellom anna peikt på semja om eit pristak for gass og til at EU er klar til å starte felles forhandlingar om innkjøp av gass tidleg i vår. Det er nødvendig å få framgang i revisjonen av EUs migrasjons- og asylpolitikk. USA og Kina gjev nå massiv statsstøtte til sin industri. EU må møte utfordringa og sikre konkurransekrafta til europeisk industri. Landa i EU har ulike føresetnadar for å gje støtte til eigen industri. Det er viktig å sikre solidaritet mellom landa i EU og å hindre at den indre marknaden blir fragmentert. Kommisjonen vil stimulere til grøn industri gjennom mindre byråkrati og raskare godkjenning av nye prosjekt, meir fleksible reglar for statstøtte og statlege investeringar, satsing på kompetanse og ein aktiv handelspolitikk som kan trygge forsyningskjedene.

I kommentarane frå dei politiske gruppene var det mange som uttrykte støtte til Ukraina og viste til at EU hadde klart å stå samla for å møte utfordringane som følge av den russiske invasjonen.  Den grøne industriplanen fekk mykje merksemd og brei støtte. Sentrum høgre-gruppa (EPP) viste til at både vekst, sysselsetting og energisituasjonen nå er betre enn det mange frykta i fjor. Sentrum venstre-gruppa (S&D) la vekt på behovet for sterkare tiltak for å møte levekostnadsauken og styrke den sosiale politikken til EU. I lys av korrupsjonsskandalen er det viktig å verne demokratiet i EU mot eksterne trugsmål og å gjennomføre tiltak for å gjenopprette tilliten. EU må også sikre at dei landa som ynskjer EU-medlemskap, har reelle utsikter til dette. Den liberale gruppa (Renew) støtta initiativet om mindre byråkrati for godkjenning av industriprosjekt. EUs grøne industripolitikk må utformast på ein måte som ikkje fragmenterer den indre marknaden, og det er viktig å sjå på alle element som kan styrke konkurranseevna.

Den grøne gruppa la vekt på at grøn omstilling hastar meir enn nokon sinne og at farten i EUs grøne giv må oppretthaldast. Det er viktig å kanalisere støtte dit den trengs mest og mellom anna målrette den mot hushald som er utsette. Ytre høgre gruppa (ID) sa EU må fokusere på energi, økonomi og migrasjon. EU må ha ein pragmatisk og ikkje ideologisk tilnærming til den grøne omstillinga og det er positivt med den varsla gjennomgangen av statsstøttereglane. Den indre marknaden må ikkje svekkast. På migrasjonsområdet er det viktig både med innsats for å sikre at færre reiser til EU og å sikre kontroll med yttergrensene. Den konservative gruppa (ECR) la vekt på behovet for fortsatt og auka støtte til Ukraina og på tiltak for å gjenopprette tilliten til EUs institusjonar etter korrupsjonsavsløringane før jul. Ytre venstre gruppa (GUE/NGL) la også vekt på solidaritet med Ukraina og sa det er Putins krig som er årsaken til at vinteren er tøff for mange i Europa. Høgre-politikk må ikkje stå i vegen for støtte til dei fattigaste innbyggjarane som nå har det vanskeleg.

Prioriteringane til det svenske EU-formannskapet
Den svenske statsministeren, Ulf Kristersson, deltok tysdag i ein debatt om prioriteringane til det svenske EU-formannskapet våren 2023 (sjå også eigen sak om prioriteringane). Han la spesielt vekt på fortsatt støtte til Ukraina og at dette er viktig for europeisk tryggleik. Han framheva også grøn omstilling, rettsstat og grunnleggjande verdiar. Visepresident i Kommisjonen, Maroš Šefčovič, la også vekt på støtte til Ukraina og grøn omstilling i sin kommentar. I debatten kom det støtte til dei overordna prioriteringane frå dei fleste partigruppene. Kristersson snakka lite om migrasjon og fleire etterlyste klarare ambisjonar på dette området. Fleire understreka at EU må ta grep for å sikre europeisk konkurransekraft i møte med massive amerikanske subsidiar til eige industri. Samstundes uttrykte fleire representantar frå raud-grøneparti uro for den svenske regjeringas samarbeid med Sverigedemokratane. Spesielt var det uro for at dette ville føre til ei svekka politikk knytt til migrasjon, miljø og likestilling.

Status for den felles utanriks-, forsvars- og sikkerheitspolitikken
Europaparlamentet vedtok sine årlege rapportar om gjennomføringa av den felles utanriks- og sikkerheitspolitikken og den felles sikkerheits- og forsvarspolitikken. Dei viser til at den russiske invasjonen i Ukraina, framvekst av autoritære regimer, klimakrisa og eit sjølvhevdande Kina har ført til dramatiske endringar i den geopolitiske situasjonen. EU må auke den militære støtta til Ukraina og Parlamentet tek mellom anna til orde for at Tyskland må levere Leopard 2-stridsvogner til landet. EU må skrote kravet om samrøystes vedtak på område som ikkje har militær betydning, til dømes menneskerettar og sanksjonar. EU bør få eit fast sete i FNs tryggingsråd. Auka sjølvforsyning av energi er viktig for å styrke EUs sikkerheit.

Spesialdomstol for den russiske aggresjonen i Ukraina
Europaparlamentet meiner det må opprettast ein spesialdomstol for å handtere den russiske aggresjonen i landet. EU må samarbeide med ukrainske styresmakter og det internasjonale samfunnet for oppretting av ein domstol. Det er viktig å sende eit signal til russiske og belarussiske politikarer og militære nå om at dei mange krigsbrotverka vil få konsekvensar.

Korrupsjonsskandalen i Europaparlamentet
I ein debatt med innanrikskommissær Ylva Johansson drøfta Europaparlamentet status for korrupsjonsskandalen ein månad etter arrestasjonen av visepresident Eva Kaili i desember. Ved opninga av plenumsmøtet orienterte parlamentspresident Roberta Mestola om at belgisk politi har bedt om at immuniteten til to belgiske medlemmar av Europaparlamentet (MEP) blir oppheva. Denne veka innrømte den tidlegare MEP, Pier Antonio Panzeri som også vart arrestert i desember, å ha vore involvert i korrupsjon og ha motteke pengar frå Marokko og Qatar. I ein avtale med belgisk politi lovar han å samarbeide fullt ut mot strafferabatt. Så lang har alle avsløringane vore knytt til sentrum venstre-grupppa (S&D) og gruppa har sett i verk ei intern gransking. S&Ds kandidat til å overta vervet som ein av 14 visepresidentar etter Kaili, Marc Angel, vart vald onsdag.

I debatten tysdag sa Johansson at i tillegg til auka innsyn og kontroll, er det også nødvendig med skjerpa lovgjeving. Ho varsla framlegg om EU-lovgjeving mot korrupsjon som harmoniserer definisjonar og samordnar strafferammer. Ho varsla også ei tiltakspakke for å verne demokratiet. Mange MEP sa dei var sinte og skamfulle over det som er avslørt og uroa for den svekka tilliten til institusjonen som følgje av dette. Parlamentspresidenten har kome med framlegg om tiltak for å gjenreise tilliten og hindre liknande saker framover. Dette omfattar etablering av ein ansvarleg komité og eit etikkforum, gjere EUs innsynsregister obligatorisk, styrke varslingsreglane og betre handheving av eksisterande reglar. I debatten kom det støtte til mange av desse framlegga, men fleire meinte samstundes at det er behov for ei grunnleggjande endring i kulturen i Europaparlamentet.

Legemiddelmangel og ny underkomité for helse
Europaparlamentet drøfta auken i luftvegsinfeksjonar og legemiddelmangel i Europa med helsekommissær Stella Kyriakides. Ho viste til at auken i slike infeksjonar har ført til mangel på mellom anna antibiotika og smertestillande legemiddel. EU har dialog med legemiddelprodusentar om korleis produksjonen kan aukast. Den europeiske helseberedskaps- og tiltaksmyndigheiten (HERA) vil også kunne koordinere felles innkjøp. I forkant av debatten etterlyste 15 medlemmer av Europaparlamentet i eit brev til Kommisjonen tiltak for å sikre tilgang til legemiddel i Europa og initiativ til å sikre relokalisering av legemiddelproduksjon til Europa.

Europaparlamentet har bestemt å opprette ein underkomité for helse under miljø-, helse- og matsikkerheitskomiteen og å forlenge mandatperioden til granskingskomiteen som ser på handteringa av Covid-19-pandemien, med tre månader. Formelle vedtak om dette vil truleg skje i februar. Tilhengjarane av den nye underkomiteen viste til behovet for å styrke europeisk helsesamarbeid mellom anna i lys av pandemien.

Styrka forbrukarvern for dataspel
Europaparlamentet tek i ein resolusjon til orde for strengare regulering av dataspelmarknaden. Spelarar må få betre vern mot praksis som er manipulativ eller fører til spelavhengigheit. Spesielt må dataspel retta mot barn ta omsyn til alder, barns rettar og at dei er sårbare. Det er også viktig å sikre godt personvern. Samstundes viser Parlamentet til at dataspelsektoren har potensiale til vekst og innovasjon og bør stimulerast.

30-årsmarkering av den indre marknaden
I ein seremoni måndag markerte Europaparlamentet at den indre markanden er 30 år. I ein resolusjon som var vedteke med stort fleirtal, blir det vist til at den indre markanden har skapt 56 millionar jobbar og 25 prosent av BNP i EU. Den tek til orde for tiltak for å sikre ein meir velfungerande indre marknad for tenester, energi, telekommunikasjon og den digitale sektoren. Det er viktig at medlemslanda sikrar effektiv gjennomføring og handheving av reglane i den indre marknaden. Ein effektiv indre marknad er eit viktig bidrag til å sikre strategisk autonomi og motstandskraft for EU.

Klare for forhandlingar om avfallseksport
Europaparlamentet er klart for forhandlingar med medlemslanda om revisjon av reglane for avfallseksport. I forhandlingsmandatet tek Parlamentet til orde for strengar reglar for slik eksport for å beskytte menneske og miljø og eit totalforbod mot eksport av plastikkavfall til ikkje-OECD-land. I 2020 eksporterte EU over 30 millionar tonn avfall.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 20.01.2023 10:26
: