Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Europaparlamentet drøfta konsekvensar i tilhøvet til Noreg på grunn av krigen i Ukraina

Tilhøvet til Noreg er godt og har styrka seg. Det var ein gjennomgangstone i ein kort diskusjon i Europarlamentet 25. april. Dei få parlamentarikarane som hadde ordet var opptatt av samarbeid om mellom anna kritiske råmateriale og cybersikkerheit, men det vart uttrykt skepsis til olje- og gassverksemd i Arktis.

Europaparlamentets industri-, forskings- og energikomité (ITRE) hadde 25. april invitert Norges ambassadør til Belgia og nestleiar på EU-delegasjonen, Per Strand Sjaastad, til å delta i komitémøtet. Formålet var å drøfte konsekvensane av krigen i Ukraina for tilhøvet mellom Noreg og EU på områda komiteen har ansvar for.

Komitéleiar i ITRE, Cristian-Silviu Buşoi (EPP, Romania) innleia med å seie at tilhøve til Noreg aldri hadde vore tettare enn nå. Han trakk spesielt fram den viktige rolla Noreg har som gassleverandør. Han viste til tett politisk kontakt og at han har møtt både den norske olje- og energiministeren og Stortingets energi- og miljøkomité nyleg.

Ambassadør Sjaastad viste også til at EU og Noreg har eit tett og godt samarbeid også knytt til situasjonen i Ukraina og effektane av den russiske aggresjonen. Norge har slutta opp om EUs sanksjonar mot Russland og Kviterussland og har auka gassproduksjonen. Han viste til omfattande støtte til Ukraina og til at det nyleg vedtekne Nansen-programmet vil sikre dette også framover. Noreg har også eit tett samarbeid med EU om forsvar både gjennom Det europeiske forsvarsfondet og som deltakar i prosjekt i Pesco. Noreg deler EUs mål om å sikre grøn omstilling. Styrking av grøn industri og utbygging av havvind er viktig for å sikre dette. Han viste her også til den nyleg inngåtte grøne alliansen mellom EU og Noreg. Karbonfangst- og lagring er nødvendig for å nå klimamåla. Det er viktig at tiltaka som skal fremje det grøne skiftet ikkje forstyrrar den indre marknaden og at det også framover er like konkurransevilkår. For at Noreg skal kunne vere ein viktig gassleverandør i EU også framover, er det nødvendig å utvikle nye gassfelt inn i 2030-åra. ITRE-komiteen besøkte Noreg i 2018 og Sjaastad avslutta med å inviterte komiteen til å kome på nytt besøk.

Det var berre tre medlemmer av Europaparlamentet som tok ordet i spørsmålsrunden etter. Hildegard Bentele (EPP, Tyskland) viste til behovet for å sikre tilgang til strategiske råmateriale i Europa. Ho sa Noreg har lange gruvetradisjonar og store mineralførekomstar og at det burde ligge til rette for utvikling av strategiske samarbeid mellom Noreg og EU på dette området.

Niels Fuglesang (S&D, Danmark) sa det er viktig med eit tettare samarbeid med likesinna land i dagens situasjon. Han var glad for den grøne alliansen, men skeptisk til å opne for olje- og gassverksemd i Arktis fordi det vil sette eit sårbart miljø i fare. Å forlenge fossilalderen er ikkje svaret, sa han, og spurte om ambassadøren kunne sjå for seg at Arktis ikkje blir utnytta?

Christophe Grudler (Renew, Frankrike) viste også til eit godt tilhøve til Noreg gjennom EØS-avtalen og sitt eige engasjement som medlem av Europaparlamentets delegasjonen med ansvar for tilhøvet til mellom anna EØS og Noreg. Han spurte korleis Noreg fornyar sitt forsvarsmateriell i lys av krigen i Ukraina. Han viste til det store norske pensjonsfondet og sa dette bør brukast til investeringar i Europa som bidrar til dekarbonisering. Han tok også til orde for å styrke samarbeidet mellom EU og Noreg i kampen mot digitale trugsmål.

Ambassadør Sjaastad var positiv til meir samarbeid om råmateriale og viste til at dette også er eit element i den inngåtte grøne alliansen. Samtidig understreka han at igangsetting av slike utvinningsprosjekt er komplisert og at det er mange omsyn som må tas, inkludert omsynet til miljøet. Generelt takka han for at den grøne alliansen vart ynskt velkommen i ITRE og sa den vil bidra til å styrke samarbeidet utover det som alt skjer gjennom EØS og andre avtaler. Han sa olje og gass er sentralt for europeisk energisikkerheit i overgangen til grøn energi. Det er allereie olje- og gassverksemd i Arktis og verksemda er underlagt strenge miljøkrav. Desse vil bli vidareført og styrka. NATO er hovudpilaren i norsk forsvarssamarbeid, men Noreg er positiv til styrka samarbeid med EU knytt til forsvarsfondet, forsvarsbyrået og prosjekt i Pesco. Det er alt dialog om cybersikkerheit, og styrka samarbeid om dette er også positivt.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 02.05.2023 13:41
: