Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Strasbourg 3. – 6. oktober

Krigen i Ukraina og effektane for energimarknader sto sentralt på plenumsmøtet til Europaparlamentet i Strasbourg 3. – 6. oktober. Mange tok til orde for ytterlegare sanksjonar mot Russland, krav om maksimalpris på gass og tiltak for reduserte straumprisar og andre tiltak for å hjelpe innbyggjarar og næringsliv. Parlamentet stadfesta avtaler med Rådet om nytt regelverk for standardiserte ladarar for mobilar og nettbrett og for helseberedskap. Kommisjonen vart oppmoda om å fryse budsjettoverføringar til Ungarn i lys av rettsstatsutviklinga. Parlamentet krev gransking av dødsfallet til Masha Amini i Iran og sanksjoner mot dei involverte.

Opninga av sesjonen
Europaparlamentet møttes til plenumsmøte i Strasbourg 3.  – 6. oktober. Ved opninga av møtet snakka parlamentspresident Roberta Metsola om situasjonen i Iran og Nicaragua og minna om at det var på dagen ni år sidan 360 migrantar drukna utanfor Lampedusa. Parlamentet står saman med dei som ynskjer demokrati i Iran og Nicaragua.

Metsola annonserte endringar blant medlemmane i Europaparlamentet. Mellom anna har Jytte Guteland (Socialdemokraterna) og Jessica Stegrud (Sverigedemokraterna) vorte innvalde i Riksdagen. Carina Ohlsson overtar plassen til Guteland, medan det ennå ikkje var klar kven som tek over for Stegrud.

Det kom fleire framlegg om å endre dagsorden for møtet. Eit framlegg frå den konservative gruppa (ECR) om ein debatt om vern av barn og familiane deira og seksuelle tryggingstiltak for mindreårige fekk ikkje fleirtal. Derimot vart det fleirtal mellom anna for ein debatt om situasjonen i Burkino Faso og om institusjonell rasisme gjennom algoritmebruk i samband med ein barnetrygdskandale i Nederland.  

Krigen i Ukraina og situasjonen på energimarknaden i Europa
Europaparlamentet drøfta situasjonen etter Russlands opptrapping av krigen og effekten på energimarknadane i lys av Russland bruk av energi som krigsverktøy med Kommisjonen og det tsjekkiske formannskapet.

Kommisjonspresident Ursula von der Leyen innleia og visepresident i Kommisjonen Maros Sefcovic oppsummerte den tre timer lange debatten. Dei la begge vekt på behovet for samhald og solidaritet i EU for å kome gjennom den vanskelege perioden Europa er inne i. EU har redusert importen av gass frå Russland kraftig og gasslagra er nå 90 prosent fulle. Von der Leyen framheva at stabile leverandørar som USA og Noreg, er viktige og viste også til at det er starta samtaler med Noreg for å dempe gassprisane. EU er villige til å bruke si marknadsmakt med felles innkjøp av gass og leverandørane har signalisert vilje til å finne tiltak som kan sikre etablering av det ho omtalte som ein priskorridor for gass. Det er eit mål å frikople prisen på elektrisitet frå prisen på gass. Ho signaliserte vilje til å drøfte eit pristak på gass som blir brukt til elektrisitet som eit fyrste steg på ei strukturreform av elektrisitetsmarknaden. EU må også sjå på tiltak for å redusere prisvariasjonar og effektane av russisk manipulasjon på gass som blir brukt i industrien. Von der Leyen gjentok ein del av tiltaka i eit brev til medlemslanda i forkant av EU-toppmøtet 5. oktober. Her skriv ho mellom anna at ho saman med medlemslanda vil «develop an intervention to limit prices in the natural gas market.»

Kommisjonen sa elles i debatten at den er samd med Europaparlamentet i at ekstraordinære tider krev ekstraordinære tiltak. Det er behov for meir pengar for å nå måla i RepowerEU og Kommisjonen vil også kome med midlertidige endringar i statsstøttereglane slik at dei ikkje er til hindre for å hjelpe europeisk næringsliv i ein kritisk situasjon. Sabotasjen på North Stream 1-røyrledninga viser behovet for å beskytte kritisk infrastruktur. Von der Leyen sa Kommisjonen vil kome med ein plan for dette. Den vil omfatte styrka beredskap, stresstesting, auka kapasitet i mekanismen for sivil beredskap, styrke satellittovervaking og styrka samarbeid med Nato og partnarland som USA. Kommisjonen understreka behovet for solidaritet med Ukraina og sa EU vil stå saman med landet så lengje det trengs.

I kommentarane frå dei politiske gruppeleiarane var det brei semje om støtte til Ukraina og generelt om tiltak for å hjelpe næringsliv og innbyggjarar som står overfor mellom anna skyhøge energiprisar, auka renter og inflasjon. Mange vil ha skatt på superprofitten til energiselskapa og pristak på gass. Det var også mange som tok til orde for ytterlegare sanksjonar mot Russland og meir politisk, finansielle og militær støtte til Ukraina. Parlamentet vedtok torsdag ein resolusjon som krev massiv auke i den militære støtta til landet og samstundes seier Russlands trugsmål om å bruk atomvåpen ikkje må hindre EU frå å gje våpenhjelp til Ukraina. Parlamentet krev også betre vern av kritisk infrastruktur.

Fleire partigrupper tok avstand frå parti på ytre høgre eller regjeringar som har hatt tett kontakt med Putin eller stadig har det. Ytre høgre-gruppa (ID) sa på si side at mange av dei andre gruppene ikkje viser respekt for demokratiske val. Gruppa understreka likevel at den nye regjeringa i Italia vil vidareføre støtta til Ukraina, men sa sanksjonane mot Russland må ha støtte hos europeiske borgarar og ikkje ramme EU meir enn dei rammar Russland. Ytre venstre-gruppa (The Left) understreka at EUs grenser må vere opne for dei som nå flyktar frå Russland. Sjå også Europaparlamentets pressemelding frå debatten.

Rettsstat og Ungarn
Europaparlamentet drøfta tysdag bruken av EUs rettsstatmekanisme mot Ungarn. Kommisjonen viste til at Ungarn har kome med ei 17-punktsliste på tiltak som mellom anna skal hindre korrupsjon. Kommisjonen vil vurdere status for gjennomføringa av dette etter 19. november. Eit fleirtal i debatten la vekt på at Kommisjonen ikkje må kompromisse på krava mot landet og tok til orde for at medlemslanda må fryse 7,5 milliardar i overføringar til landet. Det kom samstundes kritikk både frå parlamentarikarar som meinte Kommisjonen tek for lett på utviklinga i landet og frå andre som meinte Kommisjonen går til åtak på konservative regjeringar i EU.

Situasjonen i Iran og menneskerettar på Haiti og i Myanmar og Etiopia
Europaparlamentet vedtok torsdag ein resolusjon i samband med dødsfallet til Masha Amini i Iran og styresmaktenes reaksjonar på dette og dei pågåande demonstrasjonane. Parlamentet krev uavhengig gransking av dødsfallet og uttrykkjer solidaritet med iranske kvinner og støtte til fredlege demonstrasjonar mot systemisk undertrykking. Den krev også at iranske styresmakter må frigje arresterte demonstrantar og fråfalle alle skuldingar. Parlamentet vil ha sanksjonar mot dei som er involverte i dødsfallet til Amini og vald mot demonstrantar.

Parlamentet drøfta også menneskerettsutfordringar i fleire andre land. Det omfatta gjengkrigar på Haiti, unntakstilstand og ytringsfridom i Myanmar og vald og manglande bistandstilgang i Tigary-provinsen i Etiopia.

Styrka helseberedskap
I kjølvatnet av koronapandemien vart det teke fleire initiativ for å styrke EUs helseberedskap. I Strasbourg stadfesta Europaparlamentet avtaler med medlemslanda i Rådet om eit utvida mandat for Det europeiske smittevernbyrået og ein avtale om ein helseberedskapsunion som skal styrke førebygging, beredskap og respons i samband med grensekryssande helsetrugslar. Begge vedtaka skjedde med store fleirtal. Endringane vil tre i kraft etter at Rådet også formelt har godkjent dei to regelverka.

Klar for 55 og krav til COP27
Transport- og turismekomiteen i Europaparlamentet vedtok måndag sine posisjonar for Fuel EU Maritime og Alternative Fuels Infrastructure Regulation. Komiteen ynskjer 80 prosent utsleppsreduksjon innan 2050 for maritim sektor, men går inn for nokre unnatak for små øyar og avsidesliggjande stader. Komiteen vil også ha ladestasjonar langs heile EUs transportnettverk innan 2025 og auka ambisjonar for utbygging av hydrogenstasjonar. Posisjonen må formelt godkjennast av plenumsmøtet før forhandlingane med medlemslanda i Rådet kan starte. Dei to rettsaktene er del av den såkalla Klar for 55-pakka. Parlamentet vedtok posisjonar for dei andre rettsaktene i pakka alt før sommaren og trepartsforhandlingar (trilogar) har alt starta for mange av desse.

Miljø-, folkehelse- og matsikkerheitskomiteen vedtok ein resolusjon med krav til Cop27-konferansen i Egypt i november. Komiteen seier Russlands invasjon i Ukraina understrekar behovet for raskare omstilling av globale energisystem og krev også auka klimafinansiering til fattige land.

USB-C som standard for ladarar
Med 602 mot 13 røyster og 8 som avsto, slutta Europaparlamentet seg til ei endring i radioutstyrsdirektivet som vil medføre eit krav frå 2024 om at alle mobiltelefonar, nettbrett og kamera i EU skal ha USB-C-kontakt som standard. Kundar skal også kunne velje om dei vil kjøpe kabel saman med slikt utstyr eller ikkje. Vedtaket stadfestar ein avtale med medlemslanda i Rådet som også er venta å gje si tilslutning snarleg.

Romfolk: Tiltak mot fattigdom og diskriminering
Europaparlamentet vedtok fleire tilrådingar som skal redusere fattigdom og diskriminering som romfolk i EU opplev. Det blir vist til ei rekkje problem knytt til mellom anna bustadtilhøve, sanitære tilhøve og helse i tillegg til systematisk diskriminering i skuleverket. Parlamentet seier det er behov for betre målretting av EUs midlar, fokusere på barn og unge og tiltak for å sikre sosial inkludering og støtte romfolk som vil flytte til betre bustadområde.

Diskusjon om vern og fremje av religionsfridom
Europaparlamentet drøfta 3. oktober EUs innsats for å sikre religionsfridom. Debatten kom etter initiativ frå sentrum høgre-gruppa (EPP), den konservative gruppa (ECR) og ytre høgre-gruppa (ID). Likestillingskommissær Helena Dalli og det tsjekkiske formannskapet deltok også i debatten. Parlamentarikarane frå dei tre partigruppene viste mellom anna til at stillinga som EU spesialutsending for vern og fremje av religionsfridom har stått tom sidan 2019 og spurte når den ville bli fylt. Dei etterlyste også gjennomføring av EUs retningsliner knytt til religionsfridom. Liberale og sosialdemokratiske parlamentarikarar understreka at religionsfridom må gå hand i hand med respekt for andre livsyn, respekt for menneskerettar generelt og behovet for inter-religiøs dialog.

Luftfart – mot normaliserte krav til bruk av slottar
Før pandemien var det krav om at flyselskap måtte utnytte 80 prosent av sine planlagde avgangs- og landingsslottar for å behalde dei også året etter. Under pandemien vart det midlertidige letta på dette kravet. Frå 30. oktober i år bør det igjen vere eit krav om 75 prosent utnyttingsgrad meiner Europaparlamentet. Parlamentet vil ha visse unnatak i samband med helsekriser, naturkatastrofar og politisk uro. I forkant av vedtaket har det vore drøftingar med Rådet, men Politico skreiv 6. oktober at fleire medlemsland ynskjer 70 prosent. Om ikkje Rådet og Parlamentet blir samde om eit anna krav, vil kravet på 80 prosent automatisk igjen gjelde frå 30. oktober.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 10.10.2022 12:19
: