Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Helseberedskap: Europaparlamentet vil vere meir involvert

Europakommisjonen vil etablere ei europeisk helseberedskaps- og tiltaksmyndigheit (European Health Emergency preparedness and Response Authority – HERA). Den skal vere på plass tidleg i 2022 som ein intern struktur i Kommisjonen. Europaparlamentarikarane støttar opprettinga av HERA, men meiner den valde modellen ikkje vil sikre dei nok involvering.

Det var 16. september Kommisjonen la fram ei kommisjonsbeslutning og ei melding om etablering av HERA. Ein inkubator vart etablert i februar i år. HERA skal bidra til styrka helseberedskap gjennom samarbeid med nasjonale styresmakter, næringslivet og internasjonale partnarar. Den skal bidra med risikovurderingar, analyser og støtte forsking og innovasjon. I ein krisesituasjon skal HERA raskt kunne sette i gang med tiltak og vil mellom anna ha tilgang til eit krisebudsjett for innkjøp av legemiddel, medisinsk utstyr og innsatsfaktorar. Medlemslanda skal delta i eit styre for HERA og i ein krisesituasjon vil det bli etablerte eit særskilt krisestyre. Europaparlamentet vil få observatørstatus i desse styra. HERA vil få eit budsjett 6 milliardar euro for perioden 2022-2027. Saman med andre løyvingar over EUs budsjett til helse, inkludert helseprogrammet, medfører det ei samla EU-satsing på 30 milliardar euro til helse i denne budsjettperioden. Les meir om HERA i EU-nyt frå Folketinget.

Både på eit møte i miljø-, helse og matsikkerheitskomiteen (ENVI) i Europaparlamentet 27. september og under plenumsmøtet i Strasbourg 5. oktober orienterte helsekommissær Stella Kyriakides om arbeidet med å etablere HERA. Det var brei støtte til opprettinga som ei viktig brikke i arbeidet med å etablere ein europeisk helseberedskapsunion. Enkelte var likevel urolege for duplisering eller meinte oppgåvene i HERA kunne vore lagt til eksisterande byrå som Det europeiske smittevernbyrået (ECDC). Samstundes kritiserte mange Kommisjonens val av modell og spurde kvifor Europaparlamentet skulle ekskluderast. Mellom anna viste fleire til det budsjettansvaret Parlamentet har og meinte Parlamentet burde fått fast plass både i det ordinære styret og krisestyret. Under pandemien har Europaparlamentet klart å gjere vedtak raskt og argumentet om tidsnød held derfor ikkje. Det vart varsla ei juridisk vurdering av den artikkelen Kommisjonen har basert beslutninga på. Fleire var opptatte av openheit i HERAs arbeid, mellom anna kontakten med legemiddelindustrien og enkelte hevda industrien i for stor grad hadde fått styre utforminga av HERA. Medlemslanda og Europaparlamentet har starta forhandlingar om EUs helseberedskapspakke, som inneheld revisjonen av mandata til både ECDC og Det europeiske legemiddelbyrået (EMA) og ei forordning om grensekryssande helsetruslar. Fleire parlamentarikarar meinte det var problematisk at HERA-beslutninga ikkje var kopla tettare mot desse prosessane.

Helsekommissær Kyriakides viste til at det er viktig å få HERA raskt på plass. Å etablere HERA som eit ordinært EU-byrå ville tatt fleire år. Jamvel om Europaparlamentet formelt berre vil vere observatør til styret, kan Parlamentet likevel påverke og delta aktivt der. Ein byråmodell ville heller ikkje sikra Europaparlamentet direkte deltaking. Samstundes er det viktig med eit traktatgrunnlag som gjev HERA nok handlingsrom i ein krisesituasjon. Alle møter og investeringar i regi av HERA vil vere underlagt EUs reglar om innsyn og budsjettkontroll. Kyriakides avviste overlapping til ECDC og sa både dette byrået og EMA får ei styrka rolla. Samstundes stadfesta ho at HERA ikkje vil bli nemnt i forordninga om alvorlege, grensekryssande helsetruslar.

Beslutninga om HERA er ikkje markert som EØS-relevant. I arbeidsprogrammet for samarbeidet med EU i 2021 skriv regjeringa at «Samarbeid med EU om helseberedskap- og krisehåndtering er viktig for Norge. Vi ønsker en bred tilknytning til EU-samarbeidet som styrker vår evne til å ivareta nasjonal krisehåndtering på helseområdet, og vi ønsker å bidra til at Europa kommer sterkere ut av krisen. Sammen med likesinnede land vil vi utforske gode europeiske løsninger for framtiden.» I møtet i Stortingets Europautvalg i februar i år, i forkant av at forslaget om HERA ble lagt fram, sa helseminister Bent Høie at: «Dette byrået kan bli sentralt framover, og vi jobber allerede nå med å få avklart betingelser ved en norsk tilknytning».

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Vilde Høvik Røberg

Sist oppdatert: 06.10.2021 10:39
: