Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Plenumsmøte i Europaparlamentet med årstalen til von der Leyen

Årstalen til kommisjonspresident Ursula von der Leyen var det sentrale punktet på dagsorden til plenumsmøtet i Europaparlamentet denne veka. Ho tok her til orde for eit europeisk sikkerheitsråd og lanserte ein idé om assosiert EU-medlemskap for Canada. Ho varsla også lovgjeving for å regulere barn og unges tilgang til sosiale media. Elles drøfta Parlamentet denne veka hybridåtak i Europa, klimakrisa i sommar og vedtok sluttrapporten frå spesialkomiteen for det europeiske demokratiskjoldet. Kommisjonen presenterte sin pakke for rettferdig mobilitet og Parlamentet vedtok sine forhandlingsposisjonar for endringar i CBAM- og ETS-regelverket.

Årstalen til kommisjonspresident von der Leyen
Kommisjonspresident Ursula von der Leyen heldt onsdag sin årstale i Strasbourg, jf. også Europaparlamentets pressemelding. I den over 70 minutt lange talen varsla ho ei rekkje nye initiativ – nokre som var venta og nokre som overraska. Ho innleia med å seie at EU var sterkare enn nokon gong, men også meir utrygg på grunn av mellom anna krig, hybride åtak, klimaendring og ekstremisme. For å møte utfordringane må landa i EU stå saman og det er behov for eit solid langtidsbudsjett med auka direkte inntekter til EU. Ho sa også at koplinga mellom budsjettutbetalingar og rettsstatsprinsipp må styrkast.

Folk og næringsliv merker auka kostnadar. Det er viktig å sikre økonomisk vekst, mellom anna gjennom forenkling og raskare godkjenning av strategiske prosjekt, utvikling av den indre marknaden. Handelen med Kina må bli meir balansert og konkurransen må skje på like vilkår. Dessutan må EU bli mindre avhengig av import av mineral og sjeldne jordartar frå Kina. EU skal vidareutvikle det allereie omfattande nettverket av handelsavtalar.

EU må også arbeide for å bli uavhengig av importert, fossil energi og halde fram den grøne omstillinga. EUs klimamål ligg fast. Von der Leyen brukte mykje tid på ekstremvarmen, skogbrannane og tørken som har ramma Europa i sommar. Ho rosa brann- og redningsmannskap og tok til orde for betre beredskap, tidlegare varsling, førebygging og tilpassing, men også innsats for å redusere klimaendringane.

EU skal arbeide for regulering og redusere risikoen med bruk av KI, men maksimere nytten av den og sikre at KI bidrar til å utvikle europeisk næringsliv. Ho varsla europeisk lovgjeving som regulerer barn og unges tilgang til sosiale media. Ingen under 13 år skal ha tilgang til sosiale media. Ho varsla også ei rettsakt for digital rettferd som skal styrke rettane til alle innbyggjarar.

Den kanadiske statsministeren Mark Carney var invitert til å vere til stades under talen og adresserte sjølv plenumsmøtet torsdag. Von der Leyen la vekt på samarbeid med Canada og andre likesinna land både når det gjeld regulering av KI, vern av demokrati og rettsstat og sikkerheit. Tilhøvet mellom Canada og EU skulle utviklast til det høgste moglege nivået. Ho opna deretter døra for at Canada skulle kunne bli det ho omtale som assosiert medlem av EU. Dette skal ha overraska både Canada og medlemslanda. I medlemslanda er det stor sympati for samarbeid med Canada, men von der Leyen skal ikkje ha konsultert dei om dette initiativet. Det er også uklart kva assosiert medlemskap betyr i praksis. Talen til Carney torsdag spegla på mange måtar talen til von der Leyen. Han viste både til verdifelleskapet mellom Canada og EU. Han trakk fram ei rekkje område der tettare samarbeid vil vere gjensidig nyttig, men utan å eksplisitt takke ja til tilbodet frå von der Leyen.

Kommisjonspresidenten nemnde ikkje USA eller president Trump i talen, men sa Canada og EU ikkje trur at «makta høyrer til dei sterkaste, dei rikaste eller dei mest høglydte, men til oss alle. At demokratiske samfunn har fridomen til sjølve å velje kven dei vil samarbeide med.»

Von der Leyen sa EU ikkje står overfor hybride trugsmål, men faktiske hybride åtak. Ho varsla ein ny europeisk sikkerheitsstrategi. EU skal styrke samarbeidet med NATO, bruke eksisterande verktøy og utvikle nye. EUs doktrine, institusjonar og måten avgjerder blir tatt på, har ikkje halde tritt med den nye situasjonen. Til dømes trengs ei handbok for korleis EU skal svare på hybride åtak. Sjølv om dette ikkje er væpna åtak, trugar dei likevel nasjonal sikkerheit. EU treng derfor ein eigen mekanisme etter modell av Natos artikkel 4, for å møte krisesituasjonar. Om ein medlemsstat utløyser den, skal alle medlemsstatane samlast for å samordne responsen, avskrekke og redusere konsekvensane. Ho tok også til orde for å etablere eit europeisk tryggingsråd saman med partnarar som Canada, Noreg, Storbritannia, Ukraina og andre. Dette var elles einaste gongen Noreg vart nemnt i talen. Kommisjonspresidenten refererte til Arktis i talen i samband med det styrka samarbeidet med Canada. Von der Leyen gjentok at EU vil støtte Ukraina. Ho sa vinteren vil bli tøff i Ukraina, men at den kan ikkje knekke forsvarsviljen. Ho varsla meir effektive handheving av sanksjonane mot Russland.

Mellom anna med utgangspunkt i hendinga i Ceuta i sommar, varsla ho eit nytt europeisk rammeverk for krisehandtering som skal kunne brukast i heilt særskilde tilfelle. Det skal opne for avgrensa fleksibilitet i dei vanlege prosedyrane. EU skal halde fast ved grunnleggjande rettar og verdiar, men ikkje gå på akkord med vernet av grensene våre. Det er EU og ikkje menneskesmuglarane som skal bestemme kven som skal komme inn i EU. Ho varsla derfor også ei styrking av arbeidet med returverksemda til Frontex.

Lidingane i Gaza og busetjarvalden på Vestbreidda gjer sterkt inntrykk på europearar. Avgjerda til den israelske regjeringa om å gå vidare med det ulovlege busetjingsprosjektet er uakseptabel. Von der Leyen viste til at ho i fjor hadde oppmoda Europa til handling og lagt fram fleire konkrete tiltak som reaksjon på situasjonen. Ho sa det er smertefullt for mange europearar at medlemsstatane ikkje har klart å samle det nødvendige fleirtalet for felles respons. EU støttar Israels rett til å forsvare seg sjølv, men også palestinaranes rett til å leve i fred. EU vil halde fram med å støtte ei tostatsløysing.

Von der Leyen viste avslutningsvis til at Romatraktaten er 70 år gamal neste år. I samband med dette varsla ho ein ny europeisk kongress som skal utforme ein visjon for EU.

Både under talen og i runden med kommentarar var reaksjonane som alltid blanda. Sjølv om ho fekk mange runder med applaus, var den einaste gongen alle medlemmane (MEP) klappa da von der Leyen heidra ein dansk helikopterpilot som omkom i ein ulykke i samband med brannsløkking i Hellas.

Hennar eie sentrum høgre-gruppe (EPP) var ikkje uventa mest positiv. Dei la mellom anna vekt på at EU må lytte til folk og sørge for at grøn omstilling skjer på ein måte som folk forstår og motverke negative effektar av den. Det er viktig å styrke europeisk forsvar, sikre økonomisk vekst og utvikle EUs handelsavtaler. EU må sørge for å trygge yttergrensene. Gruppa la også vekt på at det ikkje berre er EUs institusjonar som har ansvar for å styrke samarbeidet i EU – alle må bidra positivt.

Sentrum venste-gruppa la vekt på at Carney har vist mot i møtet med Trump og at dette også bør inspirere EU. EU må trappe opp innsatsen mot klimaendringar, sikre forenkling, ta tak i bustadkrisa og dei høge levekostnadane. Gruppa tok til orde for å skattlegge superprofitten som oljeselskap har på grunn av energikrisa og for sanksjonar mot Israel. Fryste russiske middel må brukast til å støtte Ukraina. Gruppa støtta også nye reglar for å beskytte barn mot algoritmar og var samde i at det neste langtidsbudsjettet må spegle EUs ambisjonar.

Ytre høgre-gruppa Patriotar for Europa var på si side svært kritisk og meinte von der Leyen ikkje forstår korleis folk flest har det. Byråkrati, administrative byrder og feilslått politikk driv opp levekostnadar og hindrar vekst. USA og Kina investerer, medan EU berre regulerer. EU må gje preferanse til europeisk næringsliv. EU klarer ikkje å beskytte yttergrensene eller returnere illegale migrantar.

Også den konservative gruppa ECR var kritisk og trakk fram byråkrati, høge energiprisar og svak vekst. Gruppa var også kritisk til det dei omtalte som sensur av internett. Samstundes sa medlemmer av gruppa at EUs migrasjons- og asylpolitikk er inne på rett veg.

Den liberale gruppa (Renew) støtta hovudlinene i talen, men sa det nå er viktig å levere og etterleve det som er vedteke knytt til dømes klima og migrasjon. Også denne gruppa sa EU burde lære av Canada og stå opp mot USA. Makt er det einaste språket Trump, Putin og Xi forstår. Gruppa oppmoda den proeuropeiske majoriteten i Parlamentet til å samarbeide for felles løysingar. Dette omfattar eit ambisiøst langtidsbudsjett.

Den grøne gruppa sa sommaren har viste at vi er midt i ein klimakrise og etterlyste kraftigare og samla reaksjon frå EU. Krisa kan berre løysast gjennom europeisk samarbeid. Gruppa kritiserte dei som svekker den grøne given, tar omkamp om lovgiving og meiner fossilt drivstoff er framtida. Også denne gruppa vil ha ein skatt på superprofitten til oljeselskap. Det neste langtidsbudsjettet må sette av pengar til klimatilpassing.

Ytre venstre-gruppa (The Left) meinte von der Leyen hadde for lite merksemd på levekostnadane som folk opplev nå og kritiserte dei mange framlegga til forenkling. Gruppa tok til orde for skattlegging av dei rike, å stanse frihandelsavtalene og prisregulering. Gruppa tok også til orde for sanksjonar mot Israel.

Ytre høgre-gruppa Europa av Suverene Nasjonar la vekt på manglande kontroll med EUs yttergrenser og sa at svekka konkurranseevne skuldast byråkrati og administrative byrder. Denne gruppa kritiserte også opprusting og pengestøtte til det som vart omtalt som eit korrupt Ukraina.

Tiltak for å styrke det europeiske demokratiet
Med 420 mot 220 røyster og 26 som avsto vedtok Parlamentet rapporten med tilrådingar frå spesialkomiteen for det europeiske demokratiskjoldet. Rapporten peikar på Russland som den fremste eksterne trusselen, men viser til at også Belarus, Kina, Iran og Nord-Korea er aktive. Det er viktig å sikre frie og uavhengige medium og hindre utanlandsk påverknad av val. Det europeiske senteret for demokratisk motstandskraft må styrkast og nettplattformar må ta ansvar for å hindre at falske nyheiter og eller valpåverknad blir driven av botar på deira plattformar. I debatten var det semje blant gruppene i sentrum og på venstresida om behovet for tiltak for å styrke europeiske demokrati. Den konservative gruppa (ECR) og spesielt dei to ytre høgre-gruppene, Patriotar for Europa og Europa av Suverene Nasjonar, var svært kritiske til rapporten. Desse gruppene meiner tiltaka som er foreslått vil sentralisere makt, kneble ytringsfridomen og bli eit verktøy som hindrar demokratiske prosesser i medlemslanda. Mellom anna vart den eksisterande rettsstatsmekansimen til EU trekt fram som døme på EUs maktmisbruk ved å ha blanda seg inn i interne prosessar i Polen og halde tilbake EU-støtte.

Hybridåtak i EU
I tillegg til at kommisjonspresidenten brukte tid på hybridåtak i sin årstale, var dette også tema for to debattar tysdag. Det var ein debatt om hendinga i den spanske enklaven Ceuta og ein debatt om åtak generelt, spesielt frå Russland. Innanriks- og migrasjonskommissær Magnus Brunner sa hendinga i Ceuta hadde vore ein stresstest for EU, men la vekt på at ingen hadde kom inn i Schengen frå enklaven. Samstundes er det stadig fleire tusen personar igjen i Ceuta, inkludert mange mindreårige. Alle som kom ulovleg må returnere til Marokko. Generelt viste han til at migrasjons- og asylpakta fungerer og det er nå færre asylsøknadar og reduksjon i illegal innvandring. Retursystemet verkar også betre enn før sjølv om det stadig er for få som returnerer. Han tok til orde for å vedta antismuglingsdirektivet.

I debatten uttrykte dei fleste solidaritet med innbyggjarane i Ceuta, men det kom krass kritikk av den spanske regjeringa frå både sentrum høgre-gruppa (EPP) og gruppene på ytre høgre. EPP sa generelt at er fleire tilfelle av instrumentalisering av migrantar på EUs yttergreneser. Det er viktig å styrke Frontex og krisemekanismar og gjennomføre tiltaka i migrasjons- og asylpakta. Ytre høgre-gruppene tok til orde for både å suspendere avtaler med Marokko og å stenge Spania ute av Schengen.

Sentrum venstre-gruppa (S&D), den liberale gruppa (Renew), den grøne gruppa og ytre venstre (The Left) meinte høgre-gruppene forsøker å slå politisk mynt på krisa i Ceuta og dessutan nøre opp under framandfrykt. Dei viste til at hendinga handla om folk og at 141 personar tragisk nok hadde mista livet.

Seinare tysdag deltok EUs høgrepresentant Kaja Kallas i ein debatt om hybridåtak, spesielt dei mange russiske åtaka i det siste. Ho viste til at Russland forsøker å utfordre samhaldet i EU og dermed støtta til Ukraina. Russland skreddarsyr åtaka til ulike land, enten dei er fysiske eller digitale. EU må utvikle verktøy for å møte alle typar åtak og styrke etterretninga. Ho sa det er viktig å attribuere åtak til Russland og kommunisere til EUs innbyggjarar at Russland står bak. EU må sanksjonere dei som står bak slike åtak, styrke sanksjonar mot Russland generelt og hindre skuggeflåten.

Parlamentet vedtok onsdag ein rapport som tek til orde for tydelegare respons på hybridåtak. Den slår fast at Russland er den farlegaste trusselen, men at også Belarus, Kina, Iran og Nord-Korea er aktive. Det er viktig å dele etterretningsinformasjon mellom medlemsstatane og styrke samordninga i EU for tidleg varsling. EU må også styrke samarbeid med Nato for å styrke europeisk beredskap og motstandskraft. Saksordførar Rasa Juknevičienė (EPP, Litauen) la i debatten tysdag vekt på at Europa alt er i ein hybridkrigssituasjon med åtak frå Russland. Som i avrøystinga onsdag, var det brei støtte til hovudfunna i rapporten. Ytre høgre-gruppene var meir kritiske. Spesielt sa Europa av suverene nasjonar at EU stel milliardar frå europeiske borgarar og gjev til eit korrupt Ukraina. Gruppa sa Ukraina ikkje kan vinne krigen og at det er på tide med fredsforhandlingar.

Forenkling for styrka forsvarsevne
Parlamentet gav med store fleirtal formelt samtykke til tre rettsakter som skal forenkle og styrke EUs forsvarsevne. Dette omfattar klarare tidsfristar for å sikre raskare godkjenning for prosjekt som skal styrkje forsvarsberedskapen, forenkla innkjøpsprosedyrar og tiltak for å auke tempoet i investeringar og fjerne unødvendige hindringar.

Flom, tørke og skogbrann i Europa
Den irske EU-ministeren, Thomas Byrne og EUs kommissær for likestilling, beredskap og krisehandtering, Hadja Lahbib deltok tysdag i ein debatt om lærdommar frå sommarens ekstremvarme, tørke og skogbrannar. Begge uttrykte medkjensle med dei som var direkte ramma og takka samstundes brannfolk og andre som hadde bidrege i dei ulike situasjonane. EU må både gjennomføre klimatilpassingstiltak, samstundes som arbeidet med å redusere klimaendringane må halde fram. Det er også viktig med betre mekanismar for risikovurdering, varsling og beredskap. Dei trakk mellom anna fram EUs mekanisme for sivil beredskap som eit viktig verktøy (UCPM). I debatten var det semje om takksemd til redningsmannskap for innsatsen i sommar. Det var også mange som tok til orde for å styrke UCPM. Elles var det svært ulike vurderingar av situasjonen. Gruppene i sentrum slutta seg i stor grad til vurderingane frå formannskapet og Kommisjonen. Ytre høgre-gruppene tok til orde for meir ressursar til redningsutstyr og betre beredskap, men nytta også høve til å kritisere den grøne given for å ha svekka europeisk konkurranseevne. Ytre venstre (The Left) og ikkje minst den grøne gruppa meinte sommaren hadde demonstrert at vi er midt i ein klimakrise. Det er derfor nødvendig med kraftige strakstiltak mot klimaendringane.

Endringar i karbongrensejusteringsmekanismen (CBAM)
Med 464 mot 50 røyster og heile 159 som avsto, vedtok Parlamentet sin forhandlingsposisjon for revisjon av CBAM-forordninga. Parlamentet støttar framlegget om å utvide verkeområde til forordninga til nedstraumsprodukt og tette smutthol i reglane. Parlamentet støttar også innføring av eit midlertidig avkarboniseringsfond som skal beskytte EU-selskap i eksportmarknadar. Kommisjonen har foreslått å innføre reglar som ville gje Kommisjonen fullmakt til å gje unntak frå CBAM ved marknadsuro. Dette ynskjer ikkje Parlamentet som i staden tek til orde for at CBAM-inntekter frå aktuelle varer kan brukast til å støtte sektorane som opplever marknadsuro. Parlamentet og Rådet må forhandle før det endelege regelverket blir vedteke. I Noreg gav Stortinget samtykke til å ta den opphavelege CBAM-forordninga inn i EØS-avtalen 8. juni i år og det er venta å skje på møtet i EØS-komiteen 25. september.

Endringar i EUs kvotehandelssystem (ETS)
Europaparlamentet vedtok også sin forhandlingsposisjon for to framlegg som skal sikre stabilitet i marknaden for utsleppskvotar. Parlamentet støttar ikkje Kommisjonens framlegg om å avvikle ugyldigheitsmekanismen i marknadsstabilitetsreserven og ynskjer i staden å auke terskelverdien frå 400 til 650 millionar tonn. Parlamentet støttar også endringar i marknadsstabilitetsreserven for bygningar, vegtrafikk og andre sektorar (ETS2). Parlamentet er nå klart for å forhandle med medlemslanda i Rådet om utforminga av dei to regelverka.

Rettferdig mobilitet
Kommisjonen la tysdag fram ein pakke med fem rettsakter som skal fremje rettferdig mobilitet i Europa og forenkle regelverket. Dette omfattar bl.a. framlegg om å styrke Det europeiske arbeidsmarkandsbyrået, eit digitalt pass for kvalifikasjonar, endring av yrkeskvalifikasjonsdirektivet og eit direktiv som skal digitalisere trygdekoordinering. Målet er mellom anna å hindre at arbeidstakarar blir utnytta og sikre at dei som flyttar lettare kan få godkjent sine kvalifikasjonar. EUs sysselettingskommissær Roxana Mînzatu presenterte pakken i Europaparlamentet same dag. Ho oppmoda Parlamentet til å vedta framlegga raskt.

I runden med kommentarar var reaksjonane positive frå gruppene i sentrum og det var semje om behovet for å forenkle prosedyrar. Ytre høgre-gruppene sa mobilitet ikkje eit mål i seg sjølv og at det fører til press på lønningar. Ytre venstre-gruppa meinte framlegget truga den sosiale modellen i EU og la for lite vekt på arbeidstakarrettar.

Kontaktinfo

Stortingsbiblioteket: bibl@stortinget.no
Ansvarlig: Erik Eriksen

Sist oppdatert: 17.09.2026 14:08
: