Vedtak til lov om endringer i privatskolelova (ny tilskuddsmodell for private grunnskoler)
Dette dokument
- Lovvedtak 69 (2023–2024)
- Kildedok: Innst. 335 L (2023–2024), jf. Prop. 65 L (2023–2024)
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
vedtak til lov
om endringer i privatskolelova (ny tilskuddsmodell for private grunnskoler)
I
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar med rett til statstilskot gjøres følgende endringer:
-
f. særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov
Grunnskolar som har både barne- og ungdomstrinn, skal vere organisert i same rettssubjekt.
Nåværende tredje og fjerde ledd blir fjerde og nytt femte ledd.
Skolar som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, kan også ta inn vaksne søkjarar utan rett til vidaregåande opplæring.
-
b. fastsetje storleiken på skolepengane og om grunnskolen skal ha ei ordning med graderte skolepengar og reduserte skolepengar til hushaldningar med fleire barn på skolen,
For grunnskolar skal det takast omsyn til skilnaden i utgifter mellom små og store skolar ved at det blir gitt ein høgare tilskotssats for elevar opp til eit fastsett elevtal (knekkpunktet).
Dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, får likevel alle driftsutgifter dekte ved statstilskot etter ein normalsats per elev per skoleår.
Departementet kan gi forskrift om tilskotsordninga for dei skolane som driv særskilt tilrettelagd opplæring for elevar med dokumenterte behov, om tilskotsordninga for grunnskolar og vidaregåande skolar, og om dokumentasjon for elevtal og rapportering av elevtal.
Dersom styret etter § 5-2 andre ledd bokstav b etablerer ei ordning med graderte og reduserte skolepengar, kan skolen etter søknad gi reduserte skolepengar ut frå økonomien til den enkelte hushaldninga, og gi moderasjon til hushaldningar som har fleire barn på skolen.
Nåværende andre til fjerde ledd blir tredje, fjerde og nytt femte ledd.
II
Loven trer i kraft fra den tiden Kongen bestemmer.
Masud Gharahkhani |
president |