vedtak til lov
om endringer i privatskolelova (økt
folkevalgt innflytelse mv.)
I
I lov 4. juli 2003 nr. 84 om private skolar
med rett til statstilskot gjøres følgende endringer:
§ 2-1 første ledd femte og nytt sjette punktum
skal lyde:
Departementet skal leggje vesentleg
vekt på fråsegna til vertskommunen eller vertsfylket. Godkjende
skolar har rett til statstilskot etter § 6-1 og til å drive verksemd etter
lova.
§ 6A-6 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Departementet fastset i forskrift kor
stor del av dei driftsutgiftene som kjem inn under tilskotsgrunnlaget, skolane
får i statstilskot til godkjend opplæring. Tilskotet blir
rekna ut frå ein normalsats. Føresetnaden er at elevane får undervisning
som minst tilsvarar eit halvt skoleår. Departementet kan gi forskrift
om dokumentasjon for og rapportering av elevtal. Departementet kan
gi forskrift om korleis skolane skal dokumentere at krava i første
ledd er oppfylte, og om skolane si plikt til å godtgjere at innkjøp
og leige er gjort på grunnlag av marknadsvilkår.
Skolane kan krevje skolepengar. Styret fastset
storleiken på skolepengane. Departementet fastset i forskrift kor
stor del av tilskotsgrunnlaget etter tredje ledd som skolepengane
maksimalt kan utgjere.I tillegg til dei ordinære skolepengane
kan skolane krevje eit beløp fastsett av departementet
for dekning av utgifter til husleige eller kapitalkostnader.
Departementet kan i særskilde tilfelle fastsetje tidsavgrensa unntak
frå kravet.
§ 7-2 tredje og fjerde ledd skal lyde:
Departementet kan gi forskrift om meldeplikt
ved sal, fusjon, fisjon og nedlegging av private skolar.
Statsforvaltaren fører tilsyn med at
kommunane og fylkeskommunane oppfyller dei pliktene dei er pålagde
i eller i medhald av §§ 3-3, 3-5, 3-6, 3-7, 3-8 og 3-10. Reglane
i kommuneloven kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.
II
Loven gjelder fra den tiden Kongen bestemmer.