vedtak til lov
om endringer i boligbyggelagsloven, borettslagsloven
og eierseksjonsloven
(digitale møter, elektronisk kommunikasjon mv.)
I
I lov 6. juni 2003
nr. 38 om bustadbyggjelag gjøres følgende endringer:
§ 1-5 skal lyde:
§ 1-5 Meldingar mv.
(1) Styret avgjer korleis meldingar
og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan
reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere
andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken
i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte.
(2) Når ein andelseigar
skal gi meldingar og liknande etter
denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk
kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har
fastsett for dette føremålet.
(3) Krav i lova om at meldingar
og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje
til hinder for elektronisk kommunikasjon.
(4) Departementet kan i forskrift
gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og
andelseigarane.
Ny § 1-6 skal lyde:
§ 1-6 Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
(1) Styret skal
utarbeide og oppbevare dokumentasjon som det er krav om etter lova,
på ein trygg og forsvarleg måte. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg frå
Noreg.
(2) Krav om at dokumentasjon
skal vere eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av
elektroniske løysingar.
(3) Departementet
kan i forskrift gi føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar,
kva som er eigna format på dokumentasjonen, kva som skal reknast
som trygg og forsvarleg utarbeiding og oppbevaring, og om tryggleiksnivået
for signatur.
§ 2-6 skal lyde:
§ 2-6 Stifting av laget
Stiftarane skal
datere og signere stiftingsdokumentet.
Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er
andelane teikna og laget stifta. Stiftingsdokumentet kan
opprettast på papir eller gjennom elektronisk løysing for stifting
av bustadbyggjelag godkjend av Føretaksregisteret.
§ 2-8 første ledd skal
lyde:
(1) Laget skal meldast
til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet
er signert.
§ 5-2 annet ledd skal lyde:
(2) Fullmektigen
skal leggje fram skriftleg fullmakt. Fullmakta skal vere signert og datert. Fullmakta
gjeld berre for den førstkomande generalforsamlinga om det ikkje
går tydeleg fram at noko anna er meint. Andelseigaren kan når som
helst kalle tilbake fullmakta. Første og
andre punktum gjeld tilsvarande for tilbakekalling av fullmakta.
§ 5-6 nytt fjerde ledd
skal lyde:
(4) Styret avgjer
korleis generalforsamlinga skal gjennomførast. Generalforsamlinga
skal gjennomførast som fysisk møte dersom minst ein tjuandedel av
andelseigarane krev det. Styret kan setje ein frist for når eit krav
om fysisk møte kan fremjast. Fristen kan tidlegast gå frå andelseigarane
har blitt informerte om kva saker generalforsamlinga skal behandle,
og må vere så lang at andelseigarane får rimeleg tid til å vurdere
om dei skal fremje krav om fysisk møte. Dersom generalforsamlinga ikkje
blir gjennomført som fysisk møte, må styret syte for ei forsvarleg
gjennomføring og at det ligg føre system som sikrar at krava til
generalforsamling i lova er oppfylte. Systema må sikre at deltakinga
og røystinga kan kontrollerast på ein trygg måte, og det må brukast
ein trygg metode for å stadfeste identiteten til deltakarane.
§ 5-7 nytt tredje ledd
skal lyde:
(3) Føresegna i
§ 5-6 fjerde ledd gjeld tilsvarande for ekstraordinære generalforsamlingar.
§ 5-17 tredje ledd første
punktum skal lyde:
Møteleiaren og minst
ein annan person som generalforsamlinga skal velje mellom dei som
er til stades, skal signere protokollen.
§ 6-17 første ledd skal
lyde:
(1) Styreleiaren avgjer om sakene skal
behandlast i fysisk møte eller på annan måte.
§ 6-26 tredje ledd første
og annet punktum skal lyde:
Protokollen skal signerast av styremedlemmene som
har vore med på behandlinga i styret. Har styret minst fem medlemmer,
og er vedtak gjort i møte, kan styret velje to til å signere.
II
I lov 6. juni 2003
nr. 39 om burettslag gjøres følgende endringer:
§ 1-6 skal lyde:
§ 1-6 Meldingar mv.
(1) Styret avgjer korleis meldingar
og liknande til andelseigarane etter denne lova skal givast. Andelseigarane kan
reservere seg mot å ta imot meldingar elektronisk. Styret skal informere
andelseigarane i rimeleg tid før ny kommunikasjonsmåte blir teken
i bruk. Meldingar skal givast på ein trygg og tenleg måte.
(2) Når ein andelseigar
skal gi meldingar og liknande etter
denne lova til laget, kan han eller ho gjere dette ved bruk av elektronisk
kommunikasjon til den e-postadressa eller på den måten laget har
fastsett for dette føremålet.
(3) Krav i lova om at meldingar
og liknande skal vere skriftlege eller givast skriftleg, er ikkje
til hinder for elektronisk kommunikasjon.
(4) Departementet kan i forskrift
gi føresegner om krav til meldingar og liknande mellom laget og
andelseigarane.
Ny § 1-7 skal lyde:
§ 1-7 Utarbeiding og oppbevaring av dokumentasjon
(1) Laget skal utarbeide
og oppbevare dokumentasjon som det er krav om etter lova, på ein
trygg og forsvarleg måte. Dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg frå
Noreg.
(2) Krav om at dokumentasjon
skal vere eller givast skriftleg, er ikkje til hinder for bruk av
elektroniske løysingar.
(3) Departementet
kan i forskrift gi føresegner om oppbevaringstid for bestemte dokumenttypar,
kva som er eigna format på dokumentasjonen, kva som skal reknast
som trygg og forsvarleg utarbeiding og oppbevaring, og om tryggleiksnivået
for signatur.
§ 2-7 skal lyde:
§ 2-7 Stifting av laget
Stiftarane skal
datere og signere stiftingsdokumentet.
Når alle stiftarane har signert stiftingsdokumentet, er
andelane teikna og laget stifta.
Stiftingsdokumentet kan opprettast på papir eller gjennom elektronisk
løysing for stifting av burettslag godkjend av Føretaksregisteret.
§ 2-9 første ledd første
punktum skal lyde:
Laget skal meldast
til Føretaksregisteret innan tre månader etter at stiftingsdokumentet
er signert.
§ 7-4 nytt fjerde ledd
skal lyde:
(4) Styret avgjer
korleis generalforsamlinga skal gjennomførast. Generalforsamlinga
skal gjennomførast som fysisk møte dersom minst to andelseigarar
som til saman har minst ein tiandedel av røystene, krev det. Styret
kan setje ein frist for når eit krav om fysisk møte kan fremjast.
Fristen kan tidlegast gå frå andelseigarane har blitt informerte,
om kva saker generalforsamlinga skal behandle, og må vere så lang
at andelseigarane får rimeleg tid til å vurdere om dei skal fremje
krav om fysisk møte. Dersom generalforsamlinga ikkje blir gjennomført
som fysisk møte, må styret syte for ei forsvarleg gjennomføring
og at det ligg føre system som sikrar at krava til generalforsamling
i lova er oppfylte. Systema må sikre at deltakinga og røystinga
kan kontrollerast på ein trygg måte, og det må brukast ein trygg
metode for å stadfeste identiteten til deltakarene.
§ 7-5 skal lyde:
(1) Ekstraordinær generalforsamling
skal haldast når styret finn det nødvendig, eller når revisor eller minst
to andelseigarar som til saman har minst ein tiandedel av røystene,
krev det og samtidig seier kva saker dei ønskjer skal takast opp.
(2) Føresegna i § 7-4 fjerde ledd
gjeld tilsvarande for ekstraordinære generalforsamlingar.
§ 7-9 annet ledd annet
punktum skal lyde:
Protokollen skal signerast av møteleiaren
og minst ein andelseigar som generalforsamlinga skal velje mellom dei
som deltek.
§ 8-5 nytt tredje og fjerde
punktum skal lyde:
Styreleiaren avgjer om sakene skal
behandlast i fysisk møte eller på annan måte. Alle styremedlemmene
kan krevje fysisk møte.
§ 8-7 annet ledd annet
punktum skal lyde:
Protokollen skal signerast av dei styremedlemmene som deltok.
III
I lov 16. juni
2017 nr. 65 om eierseksjoner gjøres følgende endringer:
Ny § 6 a skal lyde:
§ 6 a Kommunikasjon mellom styret og
seksjonseierne
Styret bestemmer hvordan meldinger
og lignende etter loven gis til seksjonseierne. Seksjonseierne kan
reservere seg mot å motta meldinger elektronisk. Styret skal informere
seksjonseierne i rimelig tid før ny kommunikasjonsmåte tas i bruk.
Meldinger skal gis på en betryggende og hensiktsmessig måte.
Når en seksjonseier skal gi meldinger
og lignende etter denne loven til sameiet, kan han eller hun gjøre
dette ved bruk av elektronisk kommunikasjon til den e-postadressen
eller på den måten sameiet har fastsatt for dette formålet.
Krav i loven om at meldinger og
lignende skal være eller gis skriftlig, er ikke til hinder for elektronisk
kommunikasjon.
Departementet kan i forskrift gi
regler om krav til meldinger og lignende mellom styret og seksjonseierne.
Ny § 6 b skal lyde:
§ 6 b Utarbeidelse og oppbevaring av
dokumentasjon
Styret skal utarbeide og oppbevare
dokumentasjon som det er krav om etter loven, på en trygg og forsvarlig måte.
Dokumentasjonen skal være tilgjengelig fra Norge.
Krav om at dokumentasjon skal være
eller gis skriftlig, er ikke til hinder for bruk av elektroniske
løsninger.
Departementet kan i forskrift gi
bestemmelser om oppbevaringstid for bestemte dokumenttyper, hva
som er egnet format på dokumentasjonen, hva som skal regnes som
trygg og forsvarlig utarbeidelse og oppbevaring, og om sikkerhetsnivå
for signatur.
§ 41 nytt annet ledd skal
lyde:
Styret beslutter hvordan årsmøtet
skal gjennomføres. Årsmøtet skal gjennomføres som fysisk møte dersom minst
to seksjonseiere som til sammen har minst ti prosent av stemmene,
krever det. Styret kan sette en frist for når et krav om fysisk
møte kan settes frem. Fristen kan tidligst løpe fra seksjonseierne
har blitt informert om hvilke saker årsmøtet skal behandle, og må
være så lang at seksjonseierne får rimelig tid til å vurdere om
de skal fremme krav om fysisk møte. Dersom årsmøtet ikke gjennomføres
som fysisk møte, må styret sørge for en forsvarlig gjennomføring
og at det foreligger systemer som sikrer at lovens krav til årsmøte
er oppfylt. Systemene må sikre at deltakelsen og stemmegivningen
kan kontrolleres på en betryggende måte, og det må benyttes en betryggende
metode for å bekrefte deltakernes identitet.
§ 42 nytt annet punktum
skal lyde:
Bestemmelsene i § 41 annet ledd
gjelder tilsvarende for ekstraordinære årsmøter.
§ 53 annet punktum skal
lyde:
Møtelederen og
minst én seksjonseier som utpekes av årsmøtet blant dem som deltar, skal signere protokollen.
§ 56 første ledd nytt
tredje og fjerde punktum skal lyde:
Styrelederen avgjør om sakene skal
behandles i fysisk møte eller på annen måte. Alle styremedlemmene
kan kreve fysisk møte.
§ 56 femte ledd annet
punktum skal lyde:
Alle de deltakende styremedlemmene
skal signere protokollen.
IV
-
1. Loven gjelder
fra den tid Kongen bestemmer. De enkelte bestemmelsene kan settes
i kraft på ulike tidspunkter.
-
2. Endringene
i bustadbyggjelagslova § 5-6, burettslagslova § 7-4 og eierseksjonsloven
§ 41 om adgang til å holde generalforsamling og årsmøte uten fysisk møte
gjelder selv om innkalling er sendt før endringene trådte i kraft.