Muntlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til næringsministeren

Om statsråden trur det er gründermeldinga til regjeringa eller gründermeldinga til Venstre som skapar mest begeistring og engasjement ute hos næringslivet, og om kva for eit av dei to alternativa ho i størst grad trur vil bidra til at Noreg faktisk har moglegheit til å bli verdas beste land å starte og drive bedrift i

Datert: 04.12.2024
Besvart: 04.12.2024 av næringsminister Cecilie Myrseth

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Det var rett vurdering av næringsministeren å bli ståande, for spørsmålet mitt går til næringsministeren, som for nokre veker sidan la fram den såkalla gründermeldinga, stortingsmeldinga om gründerpolitikk. Det er ei melding regjeringa sjølv har skapt store forventningar til.

Tidlegare næringsminister Jan Christian Vestre reiste land og strand rundt for å få konkrete innspel frå gründerar, investorar og oppstartsmiljø. Det kom i tillegg inn 140 ulike skriftlege innspel. Løftet var å lage ein ny politikk som skulle gjere Noreg til verdas beste land å starte og drive bedrift i, men eit eller anna merkeleg må ha skjedd i statsrådsskiftet mellom Vestre og Myrseth. Anten tok Vestre med seg utkastet til meldinga i dresslomma på veg til nytt departement, eller så må Vestre ha låst inn sitt utkast til melding og gløymt å gje nøkkelen vidare, for det regjeringa la fram, kan uansett ikkje karakteriserast på nokon annan måte enn at det er nett tidenes politiske mageplask. Så langt eg kan sjå, er det faktisk ingen av dei 140 innspela som er følgt konkret opp, for meldinga inneheld ingen ny politikk, ingen konkrete tiltak eller visjonar. Snarare er tidlegare løfte fjerna eller reduserte.

Statsråden skryter av at meldinga inneheld 50 konkrete tiltak. Når ein les gjennom, består det konkrete i å vurdere, vidareutvikle, sjå nærmare på, revidere, bidra til – og liknande formuleringar. Vi i Venstre har difor sett oss nøydde til å leggje fram vår eiga gründermelding, i form av eit representantforslag som faktisk inneheld 50 konkrete forslag, der vi har teke innspela regjeringa har fått, på alvor, gått gjennom alle 140 innspela og fremja forslag basert på konstruktive, fornuftige og gjennomførlege innspel frå dei som faktisk har skoen på.

Mitt spørsmål er: Trur statsråden det er gründermeldinga til regjeringa eller gründermeldinga til Venstre som skapar mest begeistring og engasjement ute hos næringslivet? Og kva for eit av dei to alternativa trur ho i størst grad vil bidra til at Noreg faktisk har moglegheit til å bli verdas beste land å starte og drive bedrift i?


Les hele debatten