Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Om kva meiner statsråden er akseptabel ventetid på ambulanse, og kva vil statsråden gjere for å hindre at responstida for pasientar som treng akuttmedisinsk behandling i Sogn og Fjordane, blir ytterlegare svekka
Datert: 16.10.2025 Besvart: 22.10.2025 av helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre
Erling Sande (Sp): Ifølgje Helsedirektoratet var ambulansen i grisgrendte strøk knytt til AMK-sentralen i Førde framme innan målet på 25 minutt i 77,7 prosent av tilfella i 2024. Ofte er det dei pasientane som opplever lang responstid, som også har lengst reiseveg til sjukehus. Likevel føreslår Helse Førde HF ein reduksjon av ambulansestasjonar. Kva meiner statsråden er akseptabel tid å vente på ambulanse, og kva vil statsråden gjere for å hindre at responstida for pasientar som treng akuttmedisinsk behandling i Sogn og Fjordane, blir ytterlegare svekka?