Muntlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til finansministeren

Datert: 21.05.2025
Besvart: 21.05.2025 av finansminister Jens Stoltenberg

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Regjeringa har lenge lagt stor vekt på kvifor Noreg ikkje skal innføra sanksjonar mot Israels krig mot og okkupasjonen av Palestina. Argumenta handlar ofte om at Noreg ikkje skal gjera noko på eiga hand. Det argumentet er i ferd med å forsvinne no når sentrale NATO-land, som Storbritannia, Frankrike og Canada, omsider har mista tolmodet med Israel og trugar med straffetiltak. Dette spørjetimespørsmålet skal likevel ikkje handla om sanksjonar, og finansministeren kan slik sett pusta letta ut.

Derimot vil eg gjerne prøva å få klarheit i kvifor regjeringa tviheld på det særnorske bidraget til Israels krigsbrotsverk og okkupasjonen. Det norske oljefondet er den største europeiske investoren på israelsk okkupert område og har i tillegg store investeringar i våpenselskap som forsyner Israel med våpen. Norske sparepengar gjer det altså mogleg å fortsetja – og no intensivera – øydelegginga av Palestina og tvangsfordrivinga av palestinarar. Utan norske oljefondspengar ville det blitt vanskelegare for israelske styresmakter å riva heimane til palestinske familiar, vanskelegare å gjera Gaza til ein ruinhaug og vanskelegare å tvinga folk til å forlata heimlandet sitt. Dette står i skarp kontrast til både offisiell norsk politikk og innstendige oppfordringar frå FN, ekspertar og 50 norske organisasjonar, som ber om at Noreg følgjer folkeretten og trekkjer ut alle investeringar i selskap som medverkar til folkerettsbrota.

Når vil finansministeren få orden i dette og sørgja for at investeringane til oljefondet ikkje gjer oss medansvarlege for okkupasjon og krigsbrotsverk?


Les hele debatten