Spørsmål
Alfred Jens Bjørlo (V): Det blir nok ein ny tur for helseministeren til talarstolen, så han får sine 10 000 skritt i dag. Mitt spørsmål er som følgjer: Dei siste vekene har Trump-administrasjonen trekt USA ut av Verdas helseorganisasjon, gått til masseoppseiingar i det amerikanske smittevernbyrået og utnemnd ein vaksineskeptikar til helseminister. Det som no skjer i USA, er nifst. Det set millionar av liv i fare. Det betyr også at faren for ein ny global pandemi aukar, og at smittevernet mot ein ny pandemi blir svekkja globalt.
I denne nye situasjonen hastar det, etter Venstres syn, meir enn nokon gong at Noreg får fullt medlemskap i EUs samarbeid om helseberedskap, som er ein del av helseunionen til EU. Det er ikkje noko som utanforlandet Noreg har krav på gjennom EØS-avtalen. Det krev anten EU-medlemskap eller velvilje frå EU si side. Då den interne regjeringsstriden mellom Senterpartiet og Arbeidarpartiet heldt på, var helseministeren prisverdig klar på at Noreg må innføre EU-direktiv regjeringa somlar med, viss vi skal ha moglegheit til å få vere med i det stadig viktigare helsesamarbeidet i EU. For å sitere helseministeren i eit intervju med Aftenposten for tre veker sidan:
Det var godt sagt, men det som undrar meg og Venstre sterkt, er at regjeringa i neste omgang varsla at Noreg ikkje skal innføre den resterande delen av EUs rein energi-pakke, ikkje i år og ikkje dei neste fire åra. Så mitt spørsmål er:
Korleis kan helseministeren seie at det rimar med hans eigne ord om at Noreg må vareta forpliktingane vi har hatt EØS-avtalen? Har helseministeren fått signal frå EU, som han kan dele med oss her i dag, om at denne «prinsesse vil ikkje»-strategien frå den norske regjeringa blir sett på med godvilje i EU, i vårt arbeid med å kome på innsida av helsesamarbeidet i EU?