Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:773 (2024-2025)
Innlevert: 06.01.2025
Sendt: 06.01.2025
Besvart: 10.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kan jeg be om å få oppgitt antall liter LNG som går med til drift av ferjene som trafikkerer Halhjem – Sandvikvåg, samt kva virkningsgrad som legges til grunn ved bruk av LNG til motorene?

Begrunnelse

Utslepp er eit sentralt tema for trafikk og trafikkavvikling, og ein søker heile vegen å finne optimale løsninger for å kunne redusere utslepp frå trafikken, på alle trafikkområde. Då er det viktig å vite kva data som legges til grunn for dei berekningane som blir gjort. Vi veit at ferjedrift står for ein stor del av utsleppa, og ferjestrekket som er angitt i spørsmålet er eit av dei sambanda med største utslepp.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har ansvaret for drifta av ferjene på riksvegnettet, inkludert ferjesambandet E39 Halhjem – Sandvikvåg. Dei har inngått kontrakt med selskapet Torghatten Nord for drift av sambandet i perioden frå 1. januar 2019 til 31. desember 2026. Kontrakten inneheld ein opsjon for forlenging av driftsperioden med opptil 5 år, og kontrakten kan dermed vare til 31. desember 2031.
I samsvar med kontrakten mellom Statens vegvesen og Torghatten Nord, vert sambandet drifta av fem hovedferjer som utfører i overkant av 37 500 avgangar i året. Desse ferjene har elektrisk framdrift, med energi generert ved bruk av flytande naturgass (LNG), diesel og biodiesel om bord. Statens vegvesen har ikkje detaljert informasjon om kor mykje av energien frå desse energiberarane som gjerast om til elektrisk energi, varmegjenvinning eller går tapt. Totalt kravde drifta av sambandet i 2023 omtrent 16 500 tonn flytande naturgass (LNG) og 700 000 liter diesel/biodiesel. Det eksisterer ingen planar om større endringar i ferjetilbodet i løpet av gjeldande avtaleperiode med Torghatten Nord, og energibehovet vert derfor forventa å holde seg på 2023-nivå.