Skriftlig spørsmål fra Mímir Kristjánsson (R) til kommunal- og distriktsministeren

Dokument nr. 15:772 (2024-2025)
Innlevert: 06.01.2025
Sendt: 06.01.2025
Besvart: 13.01.2025 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mímir Kristjánsson (R)

Spørsmål

Mímir Kristjánsson (R): Hvordan skal regjeringen unngå at AAP-mottakere mister bostøtte?

Begrunnelse

I forliket om statsbudsjett for 2025, ble det bestemt at fra 1. januar skal ikke lenger mottakere av arbeidsavklaringspenger og dagpenger få redusert bostøtte som følge av at det enkelte måneder er tre utbetalinger. Jeg ber om informasjon om hvordan dette konkret skal gjøres, og om eventuelle regelendringer vil være på plass før problematikken blir aktuell neste gang. Jeg lurer også på om endringene utelukkende er til mottakernes gunst, eller om enkelte vil tape på omleggingen.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Regjeringa har gjort fleire endringar for å forbetre bustøtta. No har vi ei bustøtte som er meir målretta, enklare å forhalde seg til og betre tilpassa andre stønadsordningar. Problemet med periodevis bortfall av bustøtte for mottakarar som har inntekt frå dagpengar eller arbeidsavklaringspengar, spring ut av at desse ytingane blir utbetalte kvar 14. dag, medan bustøtta blir rekna ut frå inntekta for ein og ein kalendermånad. To gonger i året vil tre 14-dagarsperioder bli utbetalte i same kalendermånaden, og oppgåvene i a-ordninga kan i desse månadene vise ei langt høgare månadsinntekt enn i dei andre månadene, sjølv om ytingane frå NAV kjem med same beløp i alle 14-dagarsperiodene.
Det har kravd ein del utgreiing og leiting å finne fram til ei brukbar løysing på dette.
Husbanken har no fått tilgang til meir detaljerte data om dei einskilde utbetalingane frå NAV enn tidlegare. Det gjer at dei kan skilje ut dei sakene som har utbetalingar frå meir enn to periodar i ein gitt månad, og handsame dei særskilt. I desse sakene skal Husbanken telle med berre to tredelar av inntekta frå 14-dagarsytingane. Dei som har jamn inntekt frå ytingane, vil da få same inntekt lagt til grunn i månadene med oppgjer for tre periodar, som i dei andre månadene. Endringa er einsidig til fordel for søkjarane, og fører ikkje til at nokon får mindre utbetalt enn dei ville fått med det gamle regelverket. Sidan tilhøva til søkjarane og opplysingane om utbetalingane frå NAV kan vere komplekse, er det likevel ikkje sikkert at alle aktuelle situasjonar blir oppdaga automatisk. Om det skulle skje at nokon får utbetalingar for tre påfølgjande 14-dagarsperiodar i same kalendermånad utan at Husbanken fangar det opp, vil dei ha høve til å klage på vedtaket.
Regelendringa blei sett i kraft 1. januar 2025 og gjeld dermed frå og med bustøtta for januar 2025. Ho vil dermed kunne påverke bustøtteutbetalinga for nokre søkjarar alt i februar. Neste gong særleg mange er råka av dette, er når bustøtta for mars 2025 blir utbetalt i april.
Representanten spør om endringane vil vere på plass før problematikken blir aktuell neste gang. Bustøtta for desember 2024, der utbetalinga vil skje i januar, er ein månad der dette vil gjelde mange saker. Denne blir ikkje omfatta av dei nye endringane.