Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til næringsministeren

Dokument nr. 15:756 (2024-2025)
Innlevert: 02.01.2025
Sendt: 03.01.2025
Besvart: 10.01.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Kva tankar gjer statsråden seg om at dei norske geoparkane står i fare for å miste sin UNESCO-status, og kva råd vil statsråden gje geoparkane som gjer at dei kan behalde UNESCO-statusen?

Begrunnelse

Nulling av statsstøtte til norske UNESCO Globale Geoparkar fører for tre av Norges fire geoparkar (fire av fem i 2025) til oppsigelse/permittering av geologstillinga. Tilsett geolog i 100% er eit krav for UNESCO Globale Geoparkar, og utan geologen mister ein UNESCO-statusen ved første revalidering. Norge står dermed i fare for å miste 4 UNESCO-organisasjonar. Dette blir i same periode som Noreg skal representere Norden i UNESCOs hovedstyre ettersom Norge er Nordens kandidat til UNESCO Executive Board for perioden 2025-2029.
Fire av våre fem geoparkar ligg i distrikt med så lite fastbuande at kommunetilskotet pr. innbyggjar saman med fylkeskommunal støtte ikkje kan finansiere eit minimum av bemanning, dvs. minimum 2 tilsette. UNESCO-geoparkane bidreg med ein sterk internasjonal status og merksemd for desse distriktsregionane, samt regional stolthet og gratis undervisning om særs verdfull naturarv til skulane i regionen. Norge bidreg med ca. NOK 680 mill. totalt (2024) til ymse UNESCO-prosjekt, inkl. NORADs. Noko som viser stor statleg vilje til å støtte UNESCO. Søknadar om UNESCO Global Geopark-status må sendast UNESCO via Kunnskapsdepartementet, og staten anerkjenner dermed søknaden. UNESCO sjølv viser til sine geoparkar som sitt bidrag til Naturavtalen. For reiselivet bidreg UNESCO Globale geoparkar med eit internasjonalt kjent kvalitetsstempel for reisemål, samt med kunnskap til sine partnerbedrifter om nærmiljø som kan nyttast som ressurs for gjestene. Dette bidreg til auka omsetjing i bedriftene. Dette er i utgangspunktet bedrifter med små marginer, og. det er ingen moglegheit for desse bedriftene eller Visit-organisasjonane å kunne påta seg finansiering for geoparkane.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Reiseliv er viktig for Noreg! Som næringsminister er mitt mål at regjeringa legg til rette for ei reiselivsnæring som er konkurransedyktig, har stadig lågare klima- og miljøavtrykk, respekterer naturen og lokalsamfunna sine tolegrenser og bidreg til lønnsame heilårsarbeidsplassar og attraktive reisemål over heile landet. Her har Innovasjon Noreg ei sentral rolle i å styrkje reiselivsnæringa si evne til å lukkas i ein konkurranseutsett internasjonal marknad gjennom strategisk marknadsføring av Noreg som reisemål.
Marknadsføringa skal innrettast slik at den bidreg til auka etterspørsel i dei mest lønnsame og berekraftige kundesegmenta. Marknadsføring av geoparkar i Noreg er ein av mange reisemål som er synleg på plattforma Visit Norway.
Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) gav i 2016 Noregs geologiske undersøking (NGU) fullmakt til å leie ein nasjonal geopark-komité med mandat til å vurdere og tilrå søknader om etablering av Globale Geoparkar etter krava til UNESCO. Dette er ei teneste av fagleg art som skal sikre at kriteria som blir lagde til grunn for fylkeskommunane og kommunane sin stønad til geoparkane er fagleg kvalitetssikra. Ei slik fullmakt innebar ikkje at departementet forplikta seg eller signaliserte stønad til geoparkane.
Sjølv om det er staten gjennom Noreg sin faste delegasjon til UNESCO som formelt sett sender søknadene til UNESCO, er det etter initiativ og søknad frå den einskilde geopark. Geoparkane og eigarane deira må vite at dei kan oppfylle krava for å oppretthalde UNESCO-status over tid når dei søkjer.
Nærings- og fiskeridepartementet har hatt fleire møter med representantar for geoparkane. Gjennom desse møta har vi fått innblikk i korleis desse parkane blir drivne, verdi for lokalmiljøet og næringslivet og at UNESCO-statusen betyr mykje.
Nærings- og fiskeridepartementet har oppfordra geoparkane til å samarbeide med lokale aktørar som destinasjonsselskap om marknadsføring og anna som er mogeleg innanfor rammene deira for å sikre finansiering til drifta av geoparkane. Som representanten viser til i grunngivinga si, er det ikkje alltid tilfellet at lokale bedrifter og Visit-organisasjonar har økonomiske ressursar til å støtte med finansiering av geoparkane.
Dei norske geoparkane har som kjend fått statleg stønad over ein periode, men det er ikkje løyvd midlar til dette i statsbudsjettet for 2025 som er vedtatt av Stortinget. Det er eit resultat av tøffe budsjettprioriteringar slik det ofte er når det må prioriterast mellom fleire gode formål.
Eg forstår at geoparkane er ein viktig regionsmarkør, eit viktig verktøy for skuleverket, i tillegg til at dei er attraktive reisemål. Målet med næringspolitikken er høgast mogeleg samla verdiskaping innanfor berekraftige rammer. Reiselivspolitikken skal støtte dette målet og leggje til rette for at reiselivsnæringa kan hjelpe til å løyse dei store utfordringane i samfunnet.