Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:747 (2024-2025)
Innlevert: 23.12.2024
Sendt: 02.01.2025
Besvart: 08.01.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren legge fram digitalt fartsgrensekart som Statens vegvesen har lagt inn og pr. dato er gjeldende som GPS-system kan registrere på strekninga E6 frå Otta til Oslo?

Begrunnelse

På nyere biler og næringstransport med GPS-system, blir innlagt fartsgrenser som Statens vegvesen har lagt inn digitalt, registrert på dei ulike vegstrekningane her i landet.
På til dømes E6 frå Otta til Oslo, stemmer ikkje fartsgrensene som det digitale systemet har fått lagt inn på nyere biler, med det som tydeligvis er registret. På store delar av strekninga spesielt på 110 sonen, kjem det brått både 80 og 90 soner, som ser ut til å vere tidligare fartsgrenser anten midlertidige eller anna registrert. Dette er rett og slett trafikkfarlig, då bilen brått bremser ned frå 110 til 80/90, heilt utan vidare, og kan føre til farlige situasjoner.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Statens vegvesen har opplyst at fartsgrenseinformasjonen i Nasjonal vegdatabank for strekninga E6 Otta - Oslo er gjennomgått og er oppdatert og riktig. Digitalt kart som er kontinuerleg oppdatert med fartsgrenser er tilgjengeleg på Statens vegvesens teneste vegkart.no, og informasjon om strekninga E6 Otta- Oslo kan sjåast her:
Statens vegvesen har ansvar for Nasjonal vegdatabank (NVDB), som er den offisielle databasen for vegdata i Noreg. NVDB blir kontinuerleg oppdatert, særleg riks- og europavegar blir hyppig oppdatert. Statens vegvesen har derfor god kontroll på data om fartsgrenser på vegane i Noreg. Ny vegdataforskrift som er venta å tre i kraft i løpet av 2025 vil dessutan forskriftsfeste ein plikt for alle vegstyresmakter og Nye Veier AS til å formidle oppdaterte og kvalitetssikra data om blant anna fartsgrenser på deira vegnett til NVDB.
Det er likevel godt kjend og har vore omtala i media fleire gonger det siste året at informasjonen om fartsgrense i nyare bilers GPS-system ikkje stemmer overeins med fartsgrensa på vegen. Årsaka til dette ligg hovudsakeleg andre stader enn hos Statens vegvesen. Køyretøy har ulike kartverk, frå ulike produsentar, med data frå mange ulike kjelder. Det finnes også andre tenesteleverandørar i marknaden som sjølv samlar inn data. Dei kan også kombinere data frå mange forskjellige kjelder i sine system, der data frå Nasjonal vegdatabank kan være ein av kjeldene
Det er utanfor Statens vegvesens kontroll kor ofte data frå NVDB brukas av tenesteleverandørane og korleis dette blir vidare brukt av bilprodusentane.
Statens vegvesen har ein forklarande sak om temaet: Derfor viser navigasjonssystemet i bilen din feil | Statens vegvesen.
Det skal og nemnast at i ei ny EU- forordning om sanntidstrafikkinformasjon (Forordning (EU) 2022/670) blir det mellom anna stilt krav til tenesteleverandørane av ulike kart -og lokasjonstenester om plikt til å melde frå om feil i mellom anna fartsgrensedata som dei oppdagar og om å snarast mogleg trekke tilbake data som ikkje er oppdaterte. Det blir arbeidd med å gjennomføre denne i Noreg.