Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til utenriksministeren

Dokument nr. 15:642 (2024-2025)
Innlevert: 12.12.2024
Sendt: 13.12.2024
Besvart: 20.12.2024 av utenriksminister Espen Barth Eide

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Kva gjer regjeringa for å hindra at vår NATO-allierte Tyrkia bryt folkeretten med angrep mot kurdarar og andre minoritetar i Nord-Syria?

Begrunnelse

Det er svært gledeleg at Assad-regimet har falle. Samtidig er situasjonen i Nordaust-Syria, også kjent som Rojava på kurdisk, bekymringsfull. Fleire av militsane i Syria, både HTS og SNA, er støtta av Tyrkia. Sidan opprøret starta i Syria i desember har SNA og andre grupper gått til kraftige angrep på den kurdiske befolkninga i Nord-Syria, samtidig som Tyrkia har bomba dei same menneska frå lufta.

Denne utviklinga viser ein tyrkisk strategi for å utvida makta si.

Offensiven handlar ikkje berre om geopolitisk kontroll og innverknad. Han er også direkte retta mot kurdarane som kjempar for demokrati og sjølvstyre i Rojava.

Krigen er ein eksistensiell kamp for kurdarane og alle andre minoritetar som søkjer vern i Rojava. Religiøse minoritetar som armenarar og kristne har no søkt tilflukt i kurdiske område styrt av Rojava sine sjølvstyresmakter. Dei veit at dei einaste som kan verna dei i kaoset, er dei kurdiske styrkane.

Tyrkia sitt mål er klart: Å knusa sjølvstyret i Rojava, fjerna kurdarane frå regionen og realisera neo-osmanske ambisjonar om å gjenoppretta Misak-ı Millî-grensene. Dette vil innebera ei fullstendig omstrukturering av Nord-Syria, der kurdarane vil bli utsletta.

Espen Barth Eide (A)

Svar

Espen Barth Eide: Regjeringa ser med uro på meldingane om tyrkiske angrep i Syria. Me registrerer at Tyrkia ser dette i samanheng med faren for terroristanslag i Tyrkia. Det er fortvilande at sivile liv har gått tapt, og at sivil infrastruktur igjen har vorte ramma i eit område der øydeleggingane frå mange år med krig allereie gjer dei humanitære behova enorme.
Noreg anerkjenner at Tyrkia har eit tryggingsbehov. Samtidig har Syria krav på respekt for den territoriale integriteten sin. Noreg forventar at Tyrkia, som alle andre land, respekterer folkeretten. Norske styresmakter har løpande diplomatisk kontakt med tyrkiske styresmakter i fleire ulike kanalar – tyrkiske styresmakter er godt kjende med norske synspunkt.