Skriftlig spørsmål fra Mari Holm Lønseth (H) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:637 (2024-2025)
Innlevert: 11.12.2024
Sendt: 12.12.2024
Rette vedkommende: Kommunal- og distriktsministeren
Besvart: 18.12.2024 av kommunal- og distriktsminister Erling Sande

Mari Holm Lønseth (H)

Spørsmål

Mari Holm Lønseth (H): Hvilken oversikt har statsråden over hvem som har tilgang til kart over, informasjon og data om kritisk kommunal infrastruktur?

Begrunnelse

Kommunene har en omfattende infrastruktur, feks knyttet til vann, avløp, kabler og veier. Det er viktig at offentlige myndigheter har kjennskap til hvem som har informasjon om kritisk infrastruktur, slik at det kan forhindres at informasjon havner på avveie.

Erling Sande (Sp)

Svar

Erling Sande: Eg vil takke representanten for spørsmålet og forstår grunngjevinga dit at det er sikkerheit og beredskap som ligg bak.

Regjeringa er oppteken av vår felles sikkerheit og at kvar og ein skal ha ei kjensle av tryggleik. Derfor har vi sett i gang fleire tiltak på området. Som kommunal- og distriktsminister er eg oppteken av at vi må finne balansen mellom det å skape tryggleik og det å sikre vekst og utvikling i kommunar over heile landet.

Kommunane forvaltar viktig infrastruktur, og denne infrastrukturen er sentral for planlegging, utbygging og samfunnsberedskap. I Noreg har vi tatt eit val på at offentleg geografisk informasjon skal være open og tilgjengeleg. Slik infrastruktur som representanten gir døme på, er å rekne som geografisk informasjon eller geodata. For kommunane er det avgjerande at dei har tilgang på geografisk informasjon for å styre samfunnsutvikling og arealbruk.

Opne offentlege geodata handlar om å gi næringsverksemder, forskarar og sivilsamfunnet tilgang, slik at dei enkelt kan nytte seg av geodata. Det ligg til grunn for utvikling og verdiskaping i samfunnet, men og for tryggleik. Naudetatane treng til dømes oppdaterte geodata, NVE nyttar dei for å kartleggje flaumveger og skredfare, og helsestyresmaktene nytta opne geografiske data for å kartleggje spreiing av smitte under pandemien.

Samstundes er det eit viktig prinsipp at vi skal dele data der vi kan og skjerme der vi må. Det er ikkje slik at ein sektor har, eller bør ha, fullstendig oversikt over kart, informasjon og data knytt til kritisk infrastruktur. Tilgangen til informasjon må tilpassast kva for oppgåver det er snakk om, og så har vi alle eit ansvar for at informasjon ikkje kjem på avvegar.