Skriftlig spørsmål fra Liv Kari Eskeland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:592 (2024-2025)
Innlevert: 05.12.2024
Sendt: 06.12.2024
Besvart: 11.12.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Liv Kari Eskeland (H)

Spørsmål

Liv Kari Eskeland (H): Er Bane Nor åpne for å ta i bruk ny teknologi/sensorteknologi som detekterer ras og skred samt hindrer dyrepåkjørsler langs sine toglinjer, og kan statsråden gi en oversikt over kvar slik teknologi er tatt i bruk, både som pilotprosjekt og der prosjekta evt er gått over i ein driftsfase?

Begrunnelse

Dyrepåkjørsler gir store kostnader på togmateriell og skinner kvart år. Ras og skred tar i verste fall liv om det kjem brått eller desse ikkje blir detektert i tide. Ny teknologi kan betre på desse forholda.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Bane NOR er open for å ta i bruk ny teknologi/sensorteknologi som detekterer ras og skred, og dessutan hindrar dyrepåkøyrslar. Det er stadig utvikling på området, og Bane NOR søkjer å finna og prøva ut ny teknologi og andre metodar som gir auka tryggleik for menneske og dyr, der det er moglegheit for det.

Bane NOR har til dømes testa ut og/eller teke i bruk følgjande ny teknologi dei seinaste åra:
• Det er gjort fleire forsøk på å «lytta på sporet» for å detektere steinsprang og skred. Geofonar, apparat til registrering av vibrasjonar i undergrunnen, er testa ut, mellom anna i perioden 2018 og 2022 for å detektere steinsprang på Raumabanen. Testane viste at teknologien var lovande, men systemet ble avvikla grunna tekniske problem og mangel på reservedelar. Ingen av desse pilotprosjekta har så langt gått over i driftsfase. Det er tradisjonelle rasvarlingsgjerder som blir nytta i drifta i dag.
• Ulike sensorar blir nytta for å overvaka rørsler i grunnen, til dømes i Moss i prosjektet Sandbukta-Moss-Såstad.
• Insar-satellittdata blir brukt i fleire prosjekt for overvaking av terreng, og Bane NOR driv forsking for utvida bruk av satellittdata nettopp for spor og terreng.
• Vasstandsmålingar med sensorar blir testa ut for å overvaka stikkrenner som ikkje klarer å ta unna vassmengder. Bane NOR har eit pågåande tiltak for å auka kontroll på vatn ved eit meir presist vedlikehald av grøfter, stikkrenner og andre dreneringsanlegg.
• Bane NOR har prøvd ulike metodar for å hindra dyrepåkøyrslar. Det mest effektive verkemiddelet så langt har vist seg å vera ein kombinasjon av viltgjerde og foring.