Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:569 (2024-2025)
Innlevert: 03.12.2024
Sendt: 03.12.2024
Besvart: 11.12.2024 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren leggje fram dokumentasjon på kva Statens vegvesen region midt har forbrukt av både økonomiske og personell ressurser så langt i 2024 til Møreaksen og relaterte planar/oppgåver, samt dokumenter at absolutt alt av ressurser innan Statens vegvesen region midt, IKKJE blir planlagt brukt ei einaste kr eller personressurser til Møreaksen i 2025?

Begrunnelse

Det er kjent gjennom media at Statens vegvesen fortsatt har brukt planleggings ressurser både penger og personell til prosjektet Møreaksen i 2024, sjølv om dette prosjektet er tatt heilt ut av NTP sin 12 års periode.

Det er også eit fakta at Statens vegvesen region midt i fleire tiår har flytta ressurser for planlegging vekk frå fleire andre prosjekt til sløseriprosjektet Møreaksen, noko som har gått ut over viktige exportvegar slik som til dømes E-136 frå Ålesund til Dombås.

No har Stortinget bestemt og gjeve regjeringa "marsjordre" for straks planlegging, prosjektering og oppstart av Rv 15 Strynefjellet med arm til Geiranger, og regjeringa har omsiders etter at fleire saker frå FrP har blitt fremma i Stortinget ang veibustkrysset, beslutta prioritering av dette.

- Alle i regionen forventar no synlige bevis på at Statens vegvesen region midt og vest, faktisk leverar.

Derimot er svært mange fortsatt bekymra over at Statens vegvesen region midt, fortsatt ikkje bryr seg eit kvidder om verken Stortinget eller regjering, og fortsetter å sløse vekk midlar til Møreaksen.
Dette er med bakgrunn i erfaring frå Statens vegvesen region midt, og med bakgrunn i at det også er uklare signal også frå utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen.

- alle forventar no at Statens vegvesen inklusivt utbyggingsdirektøren lojal følger opp Stortinget og regjeringa, og brukar ikkje ei kr meir på Møreasken eller tilstøytande prosjekt.

Vi høyret derimot til stadig frå til dømes Aukra kommune at det "berre er å fortsette" og både kommunen og fylket fortsetter å sløse vekk skattebetalarane sine pengar på til dømes Kjerringsundet, eit prosjekt som er avhengig av Møreaksen. Her fortsetter ein som om ingen ting har hendt eller endra seg. Det samme gjelder for Molde kommune som ilag med Statens vegvesen fortsetter å sløse vekk skattebetalarane sine pengar til planlegging av deponi for tunellmasse frå Møreaskene som sjølvsagt aldri kjem dit, og det er aldeles uhørt at Statens vegvesen region midt har brukt ressurser på dette..

Ein plan varer som kjent i berre 10 år, så med Møreasken ute av 12 års NTP perioden talar det meste for seg sjølv.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Eg viser til skrifteleg spørsmål nr. 2470 av 1. august 2024, nr. 2518 av 8. august 2024 og nr. 2630 av 28. august 2024 frå representant Sve og mine svar på spørsmåla av 7. august 2024, 15. august 2024 og 5. september 2024.
Statens vegvesen har som nemnt i tidlegare svar ein generell fullmakt gitt av Stortinget til å pådra forpliktingar knytt til planlegging, førebuande arbeidar og grunnerverv av prosjekt som ikkje har vedtatt kostnadsramme i Stortinget. Fullmakta er omtalt under generelle fullmakter i Prop. 1 S (2023–2024) for Samferdselsdepartementet, på s. 226.
Hausten 2024 har Statens vegvesen jobba med å sluttføra planleggingsprosessar på pågåande prosjekt på Møreaksen. I tidlegare svar har eg forklart at det er riktig at Statens vegvesen sluttfører allereie igangsette planleggingsprosessar på pågåande planprosjekt. Dette for at data skal kunne gjenbrukas om det blir aktuelt ved seinare høve.
Det er per. 4. desember 2024 regnskapsført om lag 20 mill. kr til Møreaksen i 2024.
Statens vegvesen avsluttar all vesentleg aktivitet på prosjekta i Møreaksen ved overgangen 2024/2025. Det vil i 2025 vere nokre mindre kostnader for arbeid gjennomført i 2024 i tillegg til vedtak på plan for deponi og avsluttande arkeologi.