Frank Edvard Sve (FrP): Eg ber samferdselsministeren leggje fram ei totaloversikt fordelt pr ferjestrekning med beregningsgrunnlaget, tallgrunnlaget, berekna inntekter og utgifter i dei ulike ferjesambanda som dannar grunnlaget for regjeringa sitt kostnads og berekningsgrunnlag for overføringar i statsbudsjettet til ferjedrifta til Møre og Romsdal fylkeskommune?
Begrunnelse
I skriftleg spørsmål til samferdselsministeren stilte eg i spørsmål nr 383 følgjande spørsmål med følgjande svar:
Kan samferdselministeren leggje fram ei totaloversikt over beregningsgrunnlaget for ferjedrifta totalt ang. Møre og Romsdal gjeldande fylkesvegferjene, som bekreftar eller avkreftar påstanden frå fylkeskommunedirektøren om at ferjefinansieringa i fylket er underfinansiert med 230 million kr årleg frå staten?
Svar:
I Noreg er det fylkeskommunen som har ansvar for drift og vedlikehald av fylkesvegnettet. Det gjeld òg drift av fylkesvegferjene. For spørsmål knytt til berekningsgrunnlaget for drifta av fylkesvegferjene i Møre og Romsdal ber eg representanten ta kontakt med Møre og Romsdal fylkeskommune.
Eg er fullstendig klar over at det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene, MEN at det er staten som har ansvaret for finansiering av desse etter ein gitt nøkkel for dette i dei årlege statsbudsjetta.
Eg vil samtidig minne statsråden om regjeringa sitt ansvar for å svare på spørsmål stilt frå Stortinget, der eg slett ikkje aksepterar at eit sprøsmål til regjeringa blir "flåsa vekk" med at eg liksom skal ta kontakt med fylkeskommunen for å svare ut eit spørsmål som er stilt til regjeringa. Eit spørsmål som gjelder REGJERINGA sitt finansieringsansvar overfor fylkeskommunal drift, i dette tilfellet ferjedrifta.
Det er regjeringa som faktisk må ha ein nøkkel, eit seriøst, forståeleg og forklarande beregningsgrunnlag for kva rammeoverføringar som vert gjeve dei enkelte ferjestrekningane i dei ulike ferjefylka.
Eg forsøker igjen, og ber samferdselsministeren svare skikkelig på mine spørsmål, eller så vil eg dersom dette ikkje skjer måtte gå vidare med saka til presidentskapet her på Stortinget.