Skriftlig spørsmål fra Kathy Lie (SV) til justis- og beredskapsministeren

Dokument nr. 15:337 (2024-2025)
Innlevert: 07.11.2024
Sendt: 08.11.2024
Rette vedkommende: Barne- og familieministeren
Besvart: 15.11.2024 av barne- og familieminister Kjersti Toppe

Kathy Lie (SV)

Spørsmål

Kathy Lie (SV): Mener statsråden at forbrukers kollektive rettigheter er godt nok ivaretatt i Norge med gjeldende regelverk for gruppesøksmål i tvisteloven?

Begrunnelse

I sitt svar på mitt skriftlige spørsmål vedrørende implementering av RAD-direktivet, Dokument nr. 15:165 (2024-2025), viser statsråden til at i Norge er forbrukeres kollektive interesser uavhengig av direktivet ivaretatt gjennom reglene om gruppesøksmål. RAD-direktivet åpner imidlertid for at denne kompetansen også kan gis til administrative myndigheter. Det vil derfor være interessant å få statsrådens vurdering av om forbrukers kollektive rettigheter er godt nok ivaretatt i Norge med gjeldende regelverk.
Behandling av saker for domstolene er ofte kostbart og kan ta lang tid. Å gi administrative myndigheter denne kompetansen vil medføre at saker kan behandles både raskere og med lavere kostnader for de involverte. Forbrukerkrav er ofte lave, men samlet sett kan beløpene bli betydelige. Det er grunn til å tro at en rekke økonomiske krav fra forbrukere går tapt, fordi terskelen for å hevde rett kan være for høy.
At tilsyn gis myndighet til også å pålegge selskaper å kompensere eller tilbakebetale skadelidte forbrukere vil derfor gi en betydelig styrking av forbrukervernet. At forbrukere som har rett også skal få rett, er et av de viktigste målene ved utformingen av systemet for løsning av tvister mellom forbrukere og næringsdrivende. Og jo mindre ressurser den enkelte forbruker og samfunnet må bruke for å oppnå dette, jo bedre er det.

Kjersti Toppe (Sp)

Svar

Kjersti Toppe: Som forbrukarminister er eg oppteken av at forbrukarane ikkje berre skal ha rett, men òg få rett.
Vi har i dag ei ordning med gruppesøksmål etter tvistelova, som har blitt brukt mellom anna med hjelp frå Forbrukarrådet si advokatordning. Etter mi meining kan vi ikkje sjå spørsmålet om ivaretaking av forbrukarane sine rettar etter tvistelova isolert frå andre ordningar.
Forbrukarrådet gir gjennom si rettleiingsteneste god informasjon om forbrukarane sine rettar. Dersom ei sak ikkje kan løysast ved at forbrukaren sjølv tar kontakt med den næringsdrivande, finst det ei rekkje klageordningar av god kvalitet som gir moglegheit for løysing av tvistar. Bransjenemnder som transportklagenemnda, finansklagenemnda og parkeringsklagenemnda er døme på dette. Desse ordningane blir supplerte av moglegheit for mekling hos Forbrukartilsynet, og eventuell handsaming av Forbrukarklageutvalet. Dersom tvisten er med ein næringsdrivande i eit anna EØS-land, kan Forbrukar Europa hjelpe forbrukaren med å løyse den.
Som vist til i svar frå justis- og beredskapsminister Emilie Mehl på spørsmål nr. 158 og 165, kan det vere delte meiningar om direktivet om vern av forbrukarane sine kollektive interesser fell inn under virkeområdet til EØS-avtala, og EØS-relevansen er for tida til vurdering i departementet.
Dersom direktivet vurderast som ikkje EØS-relevant, opnar EØS-avtala truleg for at direktivet likevel kan bli innlemma på frivillig grunnlag. Ei foreløpig vurdering tilseier at dette i så fall vil kunne vere eit gode for forbrukarane, ved at det mellom anna gir norske forbrukarar tilgang til kollektive ordningar i andre EØS-land. Til slutt vil eg understreke at dersom direktivet blir innlemma i EØS-avtala, er det opp til landa korleis gjennomføringa skal skje. Til dømes er det opp til kvart enkelt land om dei vil leggje kompetansen til å tilkjenne erstatning mv. til domstolane eller til administrative myndigheiter. Dersom det blir aktuelt, må fordelar og ulemper ved ulike måtar å gjennomføre regelverket på vurderast.