Skriftlig spørsmål fra Alfred Jens Bjørlo (V) til finansministeren

Dokument nr. 15:287 (2024-2025)
Innlevert: 03.11.2024
Sendt: 04.11.2024
Besvart: 11.11.2024 av finansminister Trygve Slagsvold Vedum

Alfred Jens Bjørlo (V)

Spørsmål

Alfred Jens Bjørlo (V): Eg syner til mine tidlegare spørsmål dok. nr. 15:868, 15:991 og 15:1051 (2022-2023) og 15:753 (2023-2024).
Kan finansministeren gi ei oppdatert oversikt over kor mange personar med høg formue som har flytta høvesvis inn til og ut av Norge i 2023 og så langt i 2024 samanlikna med åra før, og samla netto skattepliktig formue for desse personane?

Begrunnelse

I samband med mitt spørsmål Dokument nr. 15:868 (2022-2023), henta Finansdepartementet inn ei oversikt frå Skatteetaten over tal utflyttingar og innflyttingar frå og med 2011 og til og med 2021 blant eit utval av personar som har hatt nettoformue over 100 mill. kroner i eitt eller fleire år i denne perioden, eller har vore på Kapital si liste over dei 400 rikaste (2019-2022), totalt 2 864 personer. Oversikten vart oppdatert med tal for 2022 i svar på mitt spørsmål 15:753 (2023-2024).
Eg ber om at denne oversikten blir oppdatert med året 2023 og 2024 så langt vi no er komne i året, etter same metodikk slik at tala er samanliknbare.
Eg ber også om oversikt over den samla netto skattepliktige formuen for skatteåret 2023 for dei personane med nettoformue over 100 mill. NOK som flytta ut av Noreg i 2022 og 2023, jmf. metodikken brukt i Finansdepartementet sitt svar på mitt spørsmål Dokument nr. 15:1051 (2022-2023).

Trygve Slagsvold Vedum (Sp)

Svar

Trygve Slagsvold Vedum:

Svaret i pdf-format