Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Skriftlig spørsmål fra Geir Jørgensen (R) til fiskeri- og havministeren

Dokument nr. 15:3644 (2025-2026)

Innlevert: 26.08.2026
Sendt: 27.08.2026
Besvart: 11.09.2026 av fiskeri- og havminister Marianne Sivertsen Næss

Geir Jørgensen (R)

Spørsmål

Geir Jørgensen (R): Vil statsråden endre den norske posisjonen fram mot kommisjonsmøtet i oktober, slik at Noreg først arbeider for å gjeninnføre bindande geografiske og sesongmessige fangstgrenser, og vil statsråden bruke heimelen i konsesjonsforskrifta til å setje slike grenser som vilkår for norske fartøy sjølv om CCAMLR ikkje oppnår semje?

Begrunnelse

Krillfisket i Antarktis vart stengt 12. august 2026, andre året på rad, etter at det samla utløysingsnivået på 620 000 tonn var teke opp.

Utløysingsnivået var meint som ei mellombels ordning, og skulle gjelde til fangsten kunne fordelast mellom mindre forvaltningseiningar. Conservation Measure 51-07 fordelte fangsten geografisk og sette eit tak på 155 000 tonn i delområde 48.1. Tiltaket fall bort etter sesongen 2024.

Verknaden kom med ein gong. I 2025 vart 359 266 tonn, 57,5 prosent av all fangst i område 48, teke i nettopp dette delområdet. Registrert fiskeinnsats i 48.1 auka same år med 176 prosent, og fisket vart meir samla, ikkje meir spreidd. Dei fem tettaste områda stod for 72,5 prosent av innsatsen, med tyngdepunkt i Bransfieldstredet og Gerlachestredet. Norske fartøy stod for 326 307 tonn, om lag 52 prosent av totalfangsten.

Dette er dei same farvatna der pingvin, sel og kval hentar maten sin. I april 2026 vart keisarpingvinen og den antarktiske pelsselen førte opp som truga på raudlista til IUCN.

Noreg fremja i 2025 forslag i CCAMLR om å auke det operative taket til om lag 1,2 millionar tonn, og grensa i delområde 48.1 frå 155 000 til 668 101 tonn.

Noreg tildeler sjølv konsesjonar til krillfiske etter forskrift 2. mars 2007 nr. 232, med heimel i deltakerlova § 16, og har tidlegare sett vilkår i slike konsesjonar.

Marianne Sivertsen Næss (A)

Svar

Marianne Sivertsen Næss: Noreg er ein aktiv og svært ansvarleg deltakar i samarbeidet i CCAMLR. Organisasjonen er spesiell ved at ho både er ein verneorganisasjon med vekt på å oppnå semje om etablering av marine verneområde, og samstundes legg til rette for fiskeri i konvensjonsområdet. Det blir difor drive både fiske etter tannfisk og fangst av kril.
For havområda rundt Antarktis har forskarane estimert biomassen av kril til mellom 350 og 500 millionar tonn. I området der det blir drive aktivt krilfiske, er biomassen berekna til å vere i underkant av fem millionar tonn. Det eksisterande krilfiskeriet i området blir difor rekna som berekraftig.
Det er rett at det har vist seg vanskeleg å oppnå semje på mange område i dei årlege forhandlingane i CCAMLR, anten det gjeld storleiken på kvotane i krilfisket eller etablering av nye verneområde. Det er fleire årsaker til at dette er komplisert. CCAMLR er ein organisasjon der avgjerder blir tekne ved konsensus. Dette har dessverre den verknaden at den parten som ønskjer minst endring, ofte oppnår mest. Vidare spelar den overordna geopolitiske situasjonen òg inn på medlemsstatane si evne til å vise vilje til å kome fram til gode løysingar på svært krevjande problemstillingar. Det er ikkje brei oppslutning om å gjeninnføre geografiske og sesongmessige fangstgrenser i CCAMLR, og det vil difor ikkje vere mogleg å oppnå semje om ei slik tilnærming.
Noreg har gjennom fleire år forsøkt, og delvis lukkast i, å vere ein brubyggjar mellom statar som legg vekt på etablering av nye verneområde, og dei som ønskjer høgare kvotar for krilfisket. Vi har sjølve fremja forslag om nye verneområde som har brei støtte i CCAMLR, men som vi enno ikkje har lukkast med å få vedtekne. Som ein del av dette arbeidet gjennomfører Noreg møte med alle dei sentrale medlemslanda i forkant av møtet i oktober.
Som i alle fiskeri der Noreg deltek, skal kvotane fastsetjast på grunnlag av vitskapleg rådgiving. Det er difor ei målsetjing for norske styresmakter, i samarbeid med andre medlemsstatar, å arbeide for at det blir oppnådd semje om eit føreseieleg kvotenivå for fisket etter kril i Antarktis. Eit berekraftig uttak vil sørgje for at artar som er avhengige av kril som næring, ikkje får redusert tilgang til eit tilstrekkeleg næringsgrunnlag.
På denne bakgrunnen er det ikkje grunnlag for at norske styresmakter lyser ut fleire norske konsesjonar i fisket etter krill eller innfører nye grenser for eksisterande konsesjonar.