Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden gjere greie for kor mykje kvart barn som maksimum har fått i pengar medan ved opphald på barnvernsinstitusjon, kor mange institusjonar som ikkje nyttar pengepremiering som del av sitt opplegg, stemmer det at tala som vart oppgitt i svar på spørsmål nr.15:468(2025-2026) ikkje omhandla nokon private institusjonar, og kan statsråden gjere greie for kor mykje pengar totalt som blir brukt til økonomisk premiering/belønning av barn, inkludert statlege og private institusjonar?
Begrunnelse
Viser til statsrådens svar på spørsmål 15:468 ( 2025-2026), der det blir vist til gjennomsnittstal. Om det er mange institusjonar som ikkje nyttar slik pengepremiering, er gjennomsnittstala ikkje mykje verd. Det er av interesse å vite kor mykje pengebeløp det er snakk om på dei institusjonar som nyttar slikt opplegg, og om korleis situasjonen er på alle institusjonar, også dei mange private.