Skriftlig spørsmål fra Trond Helleland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:825 (2025-2026)
Innlevert: 16.12.2025
Sendt: 16.12.2025
Besvart: 22.12.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Trond Helleland (H)

Spørsmål

Trond Helleland (H): Kan eg be om ein tabell som viser tal kilometer statleg veg, jernbane og tal på årsverk i alle samferdselsetatar knytt til veg og bane i høvesvis Norge og Sverige?

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Organiseringa av statleg veg og jernbane er svært ulik i Norge og Sverige. Ulik organisering og ansvarsdeling m.m. mellom forvaltningsnivåa gjer at tala for tilsette og kilometer med infrastruktur ikkje er direkte samanliknbare.

Årsverk
Det går fram av årsrapporten for 2024 for Statens vegvesen at etaten i 2024 hadde 4 661 utførte årsverk. Vidare er det i årsrapporten for Nye Veier AS opplyst at selskapet i 2024 hadde i gjennomsnitt 192 årsverk. I Norge er det fylkeskommunale vegnettet administrert av fylkeskommunane, og i 2020 blei administrasjonen av fylkesvegnettet overført frå Statens vegvesen til fylkeskommunane. Det blei anslått at arbeidet Statens vegvesen utførte på fylkesvegane utgjorde om lag 1 850 heile stillingar.

Av årsrapporten for 2024 for Jernbanedirektoratet går det fram at etaten hadde 174 utførte årsverk i 2024. Statsføretaket Bane NOR SF opplyste i sin årsrapport for 2024 at det i 2024 hadde 5 045 sysselsette årsverk.
Trafikverket har ansvaret for den statlege infrastrukturen i Sverige. I årsrapporten for 2024 (Trafikverkets årsredovisning 2024) er det opplyst at Trafikverket hadde i alt 10 521 tilsette ved årets slutt. Transportstyrelsen har ansvaret for m.a. regelverksutvikling og å føre tilsyn innanfor veg- og jernbanetrafikk. I årsrapporten for 2024 (Transportstyrelsens årsredovisning 2024) er det opplyst at Transportstyrelsen hadde i alt 2 251 tilsette ved årets slutt.
Tal kilometer statleg veg og jernbane
I Norge har staten ansvaret for europa- og riksvegar, medan fylkeskommunane har ansvaret for fylkesvegnettet. Ifølgje tal frå Statens vegvesen var det 10 552 km europa- og riksveg og 44 748 km fylkesveg i Norge i 2024. Det er ifølgje Jernbanedirektoratet 3 962 km i jernbane i Norge.
I Sverige har staten ansvar for europa- og riksvegar, og ansvar for «länsvägar». Europa- og riksveg i Sverige utgjorde om lag 15 700 km og «länsvägar» om lag 82 700 km i 2024.
Det svenske statleg eigde jernbanenettet er på om lag 9 700 km, ifølgje offisiell statistikk frå Trafikanalys.