Frank Edvard Sve (FrP): Kan Statsministeren forklare korleis dette innkjøpet var mulig, og kven som har ansvaret for dette?
Begrunnelse
Sjukehusa våre manglar pengar, i Møre og Romsdal ligger det ann til mange hundre million kroner i meirforbruk og legar, sjukepleiarar og helsepersonell kan miste jobbane sine.
Kommunane er sveltefora økonomiske, og har tidenes mest pressa økonomi, der skular blir lagt ned og eldreomsorga er under sterkt press, likeså er der mange i dette landet som no gruere seg til jula pga pressa økonomi,
- så, presterer regjeringa å bruke 100 mill kroner på innkjøp av krager/overhead/masker til Ukraina til over 3000 kr stykker, som ein lett kunne fått for ca 30 kr på Biltema eller andre leverandørar.
Maskene frå Biltema hadde angiveleg bedre effekt i test, og dette kjøpet framstår som ei gedigen skandale.
At det går ann å sløse så inn i hampen med skattebetalarane sine pengar, er både ei stor skam men må åpenbart få konsekvensar då Ukraina faktisk får ei vare som slett ikkje verken er verdig eller gangbart til bruksområdet som var tiltenkt.