Anne Grethe Hauan (FrP): Er statsråden klar over at Helsedirektoratet har fjerna refusjonen for akupunktur for kroniske smertepasientar – og meiner statsråden at det er akseptabelt at pasientar blir tvungne over på vanedannande medisinar fordi ein byråkratisk avgjerd har tatt frå dei ein behandling som har fungert i 18 år?
Begrunnelse
«Å leve med smerter er krevende. Pasienter med langvarige og sammensatte smerter skal slippe unødvendig ventetid og få riktig hjelp. De skal ikke bli kasteballer i systemet, men få spesialisert tverrfaglig utredning ved smerteklinikker.»
Slik sa helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre då han 7. april lanserte det nye nasjonale pasientforløpet for langvarige og samansette smertetilstandar ved St. Olavs hospital.
Me støttar intensjonane bak det helseministeren seier, men for mange smertepasientar, som Pasient X , er røynda heilt motsett.
Pasient X har levd med kroniske smerter sidan 1980-talet. Frå 2000 til desember 2018 fekk han akupunktur kvar fjortande dag – ei behandling som gav stabil lindring, betre søvn og eit liv utan smertestillande medisinar.
Etter 18 år mista han refusjonen for behandlinga. Frå 1. januar 2019 blei han tvungen inn på vanedannande medisinar, og måtte i tillegg skifta tilleggsmedisin fleire gonger på grunn av bivirkningar. Han får no intravenøs behandling kvar tredje veke, men effekten varer berre i to veker. Seinare blei intervallet utvida til kvar femte veke.
Dette er ikkje berre Pasient X si historie – dette er historia til mange som mistar behandlinga som har fungert, og som i staden blir gjort meir avhengige av medisin. Alt dette har skjedd etter at Helsedirektoratet bestemte at akupunktur ikkje lenger skulle givast med refusjon i spesialisthelsetenesta.
No har smerteklinikkane allereie fått signal om at dei kan bli lagt ned i løpet av våren 2026. Konsekvensen av det blir at mange pasientar mister behandlinga dei har i dag – berre i Tønsberg gjeld det om lag 300 pasientar.
Det er dessverre enormt mange som lever med smerter som ikkje får riktig behandling. Kvifor ikkje bidra til at dei som finn sin måte å leva med smertene på med ulik smertebehandling, får det som hjelper kva enkelt?