Skriftlig spørsmål fra Stig Even Lillestøl (FrP) til næringsministeren

Dokument nr. 15:722 (2025-2026)
Innlevert: 07.12.2025
Sendt: 08.12.2025
Besvart: 15.12.2025 av næringsminister Cecilie Myrseth

Stig Even Lillestøl (FrP)

Spørsmål

Stig Even Lillestøl (FrP): Korleis vil ministeren betre tilgangen på naudsynt kapital for bedrifter i skaleringsfasen, som er krevst for å oppretthalde konkurransedyktigheita til norske bedrifter i ein global økonomi?

Begrunnelse

Norge skil seg ut frå nabolanda våre ved at nye bedrifter oftere går konkurs etter en femårsperiode her til lands. Bedrifter kan få tilgang på såkorn gjennom det offentlege. Men når bedriftene i Norge kjem til skaleringsfasen kor ein treng 5 til 30 millionar for å investere og utvikle seg, så finn ein ikkje risikokapital slik som høvesvis svenske eller danske bedrifter gjer. Vi kjem oss altså ikkje ut av den såkalle "dødens dal" like ofte som svenskar, danskar eller finnar. I lys av at fleire kapitalsterke aktørar har forlatt Norge dei siste åra og henvist til formuesskatten og regjeringa sin økonomiske politikk som årsak for dette, reknar eg med at regjeringa ser for seg at næringslivet skal oppretthalde konkurransedyktigheit utan like god tilgang på privat risikokapital som nabolanda våre. Eg lurer på korleis ministeren i så tilfelle vil legge til rette for at Norge skal være ein minst like god stad å etablere nye bedrifter som andre sammenlignbare land.

Cecilie Myrseth (A)

Svar

Cecilie Myrseth: Regjeringa har som ambisjon at Noreg skal vera eit av dei beste landa i verda å starta og drive verksemd i. Det er ei rekkje ulike faktorar som påverkar konkurransekrafta til norske bedrifter, og at det er summen av desse som avgjer om Noreg er eit attraktivt land å driva bedrift i. Marknadstilgang, tilgang til arbeidskraft, tillit i samfunnet, kompetanse, velferdsordningar eller infrastruktur er alle døme på rammevilkår som er viktige for næringslivet. For ein internasjonal ressurs som kapital, er det òg verdt å nemne at regjeringa har prioritert å halde selskapsskatten på 22 pst. I skattesystemet er det fyrst og fremst denne skatten som har betydning for investeringane til selskap i Noreg. Og difor har vi halde han på eit moderat nivå i internasjonal samanheng. Vi har òg teke initiativ til ein skattekommisjon der regjeringa er open for å gjere ei heilskapleg vurdering av mellom anna skatt for næringsverksemd, eigarar og gründerar.
Denne regjeringa har prioritert midlar til gründerverksemd gjennom det næringsretta verkemiddelapparatet. Dette bidreg til å utløyse forsking, innovasjon og verdiskaping som kan ha stor verdi for norsk økonomi og selskap i skaleringsfasen, og som elles ikkje nødvendigvis ville skjedd utan denne innsatsen. Vi har nasjonale finansieringsordningar i Innovasjon Noreg, Investinor, Nysnø og Eksfin. Som i våre naboland har også norsk næringsliv tilgang på verkemiddel på nordisk og europeisk nivå, mellom anna verkemiddel frå Horisont Europa og InvestEU.