Erling Sande (Sp): Meiner statsråden det er aktuelt for Økokrim sitt skattekrimprosjekt å sjå på om praksisen med provisjonar i norsk reiseliv vert praktisert i tråd med norske skattereglar.
Begrunnelse
Kvart år ser vi nye døme på at turistguidar inngår provisjonsavtaler med til dømes serveringsstader og butikkar der dei forpliktar seg på å ta med turistgrupper dit mot at dei får ein andel av pengane turistane legg att, eller annan type provisjon frå verksemdene. Praksisen framstår som uryddig, og det framstår uklart om det i det heile tatt er ein lovleg praksis. Slik dette enkelte stader vert praktisert, er det neppe i tråd med den transparens som vi ønskjer skal prege norsk nærings- og arbeidsliv. Etter alt å døme skal denne praksisen både utgiftsførast av verksemdene, og skattast av for dei som mottek provisjonane. Økokrim sitt skattekrimprosjekt er sett i gang for å auke innsatsen mot skattesvindel, og det er grunn til å sjå på om praksisen for provisjonar i reiselivet i tilstrekkeleg grad er i tråd med norske skattereglar.