Skriftlig spørsmål fra Trond Helleland (H) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:634 (2025-2026)
Innlevert: 27.11.2025
Sendt: 27.11.2025
Besvart: 04.12.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Trond Helleland (H)

Spørsmål

Trond Helleland (H): Har regjeringa vurdert å stoppe utfasing av tradisjonelle navigasjonssystem i lys av at den sikkerheitspolitiske situasjonen har endra seg?

Begrunnelse

Avinor bygger ned konvensjonelle navigasjonssystem på mange norske flyplassar. Dette skjer samtidig som vi ser korleis GNSS-baserte-system vert utsett for forstyrringar.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: Representanten tek opp eit viktig tema knytt til om det er forsvarleg å halde fram med den planlagde utfasinga av tradisjonelle navigasjonssystem ved norske flyplassar.

Gjeldande planar og regelverk vart utarbeidde i ei tid då vi hadde ein annan tryggleikspolitisk røyndom. Dette gjeld mellom anna planane for overgang til satellittbasert innflygingsteknologi, som Avinor følgjer.

Med dagens tryggleikspolitiske situasjon er det naturleg å revidere gjeldande planar, noko Avinor òg har starta arbeidet med. Planen frå 2023 legg til rette for at innflyging til alle norske lufthamner skal kunne gjerast ved bruk av satellittbaserte prosedyrar. Samstundes skildrar planen ei planmessig utfasing av bakkebaserte konvensjonelle system som er uavhengige av det satellittbaserte systemet. Tanken bak er at konvensjonelle anlegg skal haldast ved lag som naudsynt reserve ved eventuelle forstyrringar i det satellittbaserte systemet (GNSS-forstyrringar).
Regjeringa følgjer utviklinga i den tryggleikspolitiske situasjonen og vurderer fortløpande konsekvensar for samfunnstryggleik og beredskap. Navigasjonssystem som blir nytta i luftfarten er ein del av kritisk infrastruktur, og målet er å sikre robuste og pålitelege løysingar.

Utfasing av tradisjonelle navigasjonsteknologiar har vore planlagt over tid, i takt med auka bruk av satellittbaserte tenester. Samstundes er det erkjent at satellittnavigasjon kan vere sårbart for forstyrringar.

Luftfartstilsynet har følgt prosessen rundt satellittbaserte og bakkebaserte innflygingshjelpemiddel tett over lengre tid. På bakgrunn av endra føresetnader knytt til mellom anna GNSS-forstyrringar, og med tanke på kor viktig det er å ha gode, robuste og tilstrekkelege reserveløysingar, er det løypande dialog med Avinor om korleis dette skal ivaretakast.

Luftfartstilsynet er tydelege på at Avinor ikkje kan fase ut bakkebaserte navigasjons-hjelpemiddel før Luftfartstilsynet har godkjent dette. Slike godkjenningar må vurderast fortløpande og er ikkje aktuelle å gje slik situasjonen er no.

Avgjerder om utfasing må skje på ein måte som tek vare på samfunnets behov for tryggleik, beredskap og økonomiske omsyn.