Skriftlig spørsmål fra Ingrid Fiskaa (SV) til forsknings- og høyere utdanningsministeren

Dokument nr. 15:386 (2025-2026)
Innlevert: 07.11.2025
Sendt: 07.11.2025
Besvart: 14.11.2025 av forsknings- og høyere utdanningsminister Sigrun Aasland

Ingrid Fiskaa (SV)

Spørsmål

Ingrid Fiskaa (SV): Regjeringa føreslår å fasa ut ordninga «Noregskunnskap i utlandet», som finansierer utanlandslektorane. Utanlandslektorane underviser i norsk språk, litteratur og kultur, i tillegg til å vera sentrale i kulturarbeid i dei landa dei arbeider i.
Korleis vil statsråden grunngi å fasa ut ei ordning som har tent Noreg godt sidan tidleg på 1950-talet?

Begrunnelse

Utanlandslektorane underviser i norsk språk, litteratur og kultur for norskstudentar i utlandet, og er ofte også aktive i fleire former for kulturarbeid. Dette skjer i samarbeid med ambassadane i kvart land, og med organ som Europarådet. Utanlandslektorane administrerer også ofte ulike ordningar for studentutveksling.

Eksempel på kulturarbeid som lektorane er medansvarlege for er ulike typar konferansar, mottak av forfattarar på boklanseringsturné og av akademikarar og andre føredragshaldarar. Dei er også ofte med på å driva filmklubbar eller andre former for samlingar omkring norsk kultur.

Utanlandslektorane deltek i utanlandske system på ulike måtar, lærer dei å kjenna og tek røynslene med seg heim. Andre vegen formidlar norske lektorar kunnskap om og kjennskap til norske tilhøve og medverkar slik til kulturutveksling og mellomfolkeleg forståing.

Denne tradisjonen starta på tidleg 1950-tal, og har hatt stor tyding for kontakten mellom utdanningsinstitusjonar. Utanlandslektorane representerer eit jamt, stillferdig og konstant nærvær som bearbeider dei kulturelle ulikskapane og bringer heim ny kunnskap.

Sigrun Aasland (A)

Svar

Sigrun Aasland: Kunnskap om norsk kultur, språk og litteratur kan være relevant for å tiltrekke seg flere utenlandske studenter, noe regjeringen er opptatt av. I årene fremover vil det økonomiske handlingsrommet imidlertid bli trangere, og vi må prioritere sterkere. I lys av dette bakteppet, kan ikke regjeringen prioritere alle gode enkelttiltak i budsjettforslaget. Regjeringen har lagt frem et forslag til budsjett som legger opp til trygg økonomisk styring hvor vi har lagt vekt på fortsatt gode rammer for forskning og høyere utdanning.