Stig Even Lillestøl (FrP): Regjeringa varsla i oktober at arbeidet med Stad skipstunnel skulle stanse på bakgrunn av ein anslått kostnad på 9,4 milliardar kroner.
Kvifor er det i dette anslaget rekna med moms, altså pengar det offentlige betalar til seg sjølv, og kva blir kostnadsanslaget dersom ein ikkje reknar med pengane staten skal betale til seg sjølv?
Begrunnelse
I oktober kom det fram kostnadsanslag for Stad skipstunnel, og regjeringa formidla til offentlegheita at prosjektet vil koste 9,4 milliardar kroner. Her har man rekna med moms, noko som ikkje blir gjort for enkelte andre samferdselsprosjekt. Det gjer inntrykk av at Stad skipstunnel er dyrare enn kva den eigentleg er.