Kjersti Toppe (Sp): Kan statsråden informere om kor mange kommunar som har tatt i bruk nasjonalt forløp for barnevern og helse, kor mange av born I einetiltak som har vedtak på det, og kan statsråden til slutt informere om framdrift for ny innretting av institusjonstilbodet der ein skal gå frå sju målgrupper til tre institusjonstypar: akutt og utgreiing, omsorg og utviklingsstøtte og det forsterka tilbodet omsorg- og utviklingsstøtte?
Begrunnelse
Nasjonalt forløp for barnevern og helse er avgjerande for å styrke helsetilbodet til barn i barnevernet, at barn i einetiltak har vedtak på det, er avgjerande å sikre borna sin rettstryggleik og at behovet er vurdert individuelt, og ei ny innretting hastar og kan ikkje skuvast ut i tid med å avvente på erfaring frå nokre pilotar.