Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3195 (2024-2025) Innlevert: 25.09.2025 Sendt: 25.09.2025 Rette vedkommende: Utenriksministeren Besvart: 30.09.2025 av utenriksminister Espen Barth Eide
Alfred Jens Bjørlo (V): Kan næringsministeren gjere greie for korleis regjeringa konkret dei siste månadene har arbeidd for å hindre at Noreg ikkje kjem på utsida av eventuelle tollmurar EU innfører for å beskytte stål- og jernindustrien, er næringsministeren enig i at det høgst truleg vil bli stadig viktigare for Noreg å bli ein del av EUs felles handelspolitikk, noko vi i dag ikkje er gjennom EØS-avtalen og kva konkrete andre muligheter til å oppnå dette ser regjeringa enn at Noreg blir fullverdig medlem av EU?
Espen Barth Eide: Eg viser til spørsmål frå representanten Alfred Jens Bjørlo til næringsministeren som ho har bede meg svare på sidan saka gjeld saksfelt som høyrer til mitt ansvar. Europakommisjonen starta vernetiltaksundersøkingar på silisium og ferrolegeringar i desember 2024. Regjeringa har sidan aktivt arbeidd for å hindre at Noreg og dei andre EØS/Efta-statane blir ramma av moglege vernetiltak. Regjeringa har arbeidd på alle nivå, inkludert høgt politisk nivå og embetsnivå, formelt og uformelt, med Europakommisjonen og EUs medlemsstatar. Ambassadane har hatt ei viktig rolle i å fremje norsk syn for relevante styresmakter i hovudstadane i EU. Heile tida har Noregs hovudbodskap vore tydeleg: EØS/Efta-landa bør ikkje omfattast av slike vernetiltak. Vi er ein integrert del av den indre marknaden gjennom EØS, og norske produkt bidreg til verdiskaping og arbeidsplassar i Europa. Dette er samarbeid som tener både Noreg og EU. Då EØS-avtalen blei inngått var det semje om at ho ikkje omfattar handelspolitikken og handelssambanda med land utanfor EØS. Noreg og EU har ikkje same tollsatsar på importvarer frå land utanfor EØS. EU er åleine blant EØS-partane om å nytte handelspolitiske verkemiddel som vernetiltak, antidumpings- eller utjamningstiltak. Det har skjedd mykje på det handelspolitiske området dei siste åra. For oss som EØS-part inneber det først og fremst at det blir stadig viktigare med samarbeid med EU om handelspolitiske spørsmål. Regjeringa er open for ein utdjupa dialog med EU, slik at Noreg og EU kan drøfte aktuelle handelspolitiske spørsmål i dagens geoøkonomiske situasjon, noko som vil opne for styrkt samarbeid om felles handelspolitiske utfordringar.