Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.
Dokument nr. 15:3088 (2024-2025) Innlevert: 04.09.2025 Sendt: 04.09.2025 Besvart: 10.09.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård
Trond Helleland (H): Kva er status på vedlikehald av tog for å få tilbake full kapasitet på jernbanen i Oslo-område, blir det jobba døgnet rundt for å sikre full framdrift og korleis har statsråden jobba for å sikre tryggleiken til dei reisande slik at ikkje passasjerar svimar av på toga?
På to veker har fire personar besvimt på stappfulle tog i Oslo-området.
Jon-Ivar Nygård: Fyrst vil eg understreke at det skal vere trygt å reise med tog i Noreg. Kvart einaste ledd i reisekjeda må ivareta sin del av ansvaret for at dei reisande skal oppleve eit sikkert og komfortabelt togtilbod. Når det gjeld tryggleik og komfort om bord i tog, er det operatøren sitt ansvar. Tilgang på tog er ei utfordring for norsk jernbane. Den langsiktige løysinga er nye tog, som etter opphaveleg leveranseplan skulle vore satt i trafikk frå i sommar. Samstundes aukar mengda feil på dei eldre lokaltoga, fleire av dei nyare regiontoga blir bygd om til nytt signalsystem ERTMS og arbeida i Drammen har gjort logistikk inn og ut av parkering og verkstad utfordrande. Vy gjennomfører ekstraordinært vedlikehald, men det er fleire faktorar som slår inn og skapar situasjonen vi står i no. Eg opplever at aktørane i jernbanen gjer mange gode grep for å handsame situasjonen, til dømes flytting av tog til Austlandet der driftssituasjonen på avsendarstaden tilseier at flytting er forsvarleg. Og frå midten av august sette vi inn endå fleire ekstra bussavgangar mellom Drammen og Oslo S fram til opninga av Drammen stasjon. Eg viser elles til mitt svar datert 4. september til likelydande spørsmål frå representant Bergstø.