Liv Kari Eskeland (H): Svært mange kommunar fekk i sommar brev om reduksjon i tal flyktningar dei har blitt bedt om å ta i mot. Dette brevet kom etter at kommunane i all hovudsak hadde rigga seg for å ta i mot det antal flyktingar ein i utgangspunktet hadde fått førespurnad om.
Vi ber difor om ei oversikt over nedtrekket i tal flyktningar fordelt på kommunane, estimert kostnad for kommunane for differansen som no ikkje vert dekka, og kva plan departementet har for å dekke opp den meir-kostnaden kommunane no har fått?
Begrunnelse
Departementet har mellom anna fått brev frå Bømlo kommune der ein set tal på kva denne omlegginga vil bety for kommunebudsjettet. Dette er tal som vi vil tru også er overførbare til andre kommunar. Det er krevjande å dimmensjonere opp og ned desse tenestene på kort varsel og kommunane sit med utfordringa. Det er difor av interesse å vite korleis kommunane vert kompensert slik at dette nedtrekket ikkje går ut over andre kommunale tenester.