Skriftlig spørsmål fra Frank Edvard Sve (FrP) til samferdselsministeren

Dokument nr. 15:2313 (2024-2025)
Innlevert: 26.05.2025
Sendt: 26.05.2025
Besvart: 02.06.2025 av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård

Frank Edvard Sve (FrP)

Spørsmål

Frank Edvard Sve (FrP): Kan samferdselsministeren forklare kvifor AP no i valgkampen ikkje står bak eigen vedteken NTP, og kan samferdselsministeren forklare mulige konsekvensar av at no AP prioriterer Møreaksen i Møre og Romsda til mange titals milliard kr, som var teke ut av NTP dei neste 12 åra grunnet manglande midlar, og kva konsekvensar dette vil kunne få for bevilgninger til heilt nødvendige områder som til dømes vedlikehold av fylkesvegane samt dei prioiterte vegprosjekta som no ligg inne i Statens vegvesen sitt handlingsprogram dei neste 6 åra?

Begrunnelse

I meir enn 200 spørsømål til samferdselsministeren denne perioden, har eg stilt spørsmål om det vanvittige pengesløseriprosjektet Møreaksen.

Heldigvis har dette tydelegvis ført fram då samferdselsministeren faktisk har lytta på mitt budskap og skrota Møreaksen prosjektet heilt ut av dei neste 12 åra i nasjonal transportplan som Ap og Sp la fram.

No veit eg ikkje kva prosess og system som er i desse partia ang saker som partia tek stilling til og står bak, men det er utvilsamt merkeleg at fyrstekandidaten i Møre og Romsdal for Ap kan drive sin eigen lille "private" NTP for AP i Møre og Romsdal, og ikkje stiller seg bak vedteken NTP som altså AP statsråden og AP statsministeren står bak.

I nasjonal Transportplan for Møre og Romsdal som AP og SP la fram, er der ikkje teke med oppstar av nokon av dei større eksportvegane eller dei verkeleg ulykkesutsatte vegane i fylket.

Eit nytt fleirtal i behandlinga av NTP bestående av FrP, Høgre, KrF, Venstre, SV og Rødt måtte instruere samferdselsministeren til å flytte fram RV 15 m arm til Geiranger til fyrste 6 års perioden samt kreve eit kraftig løft for vedlikeholdet av fylkesvegane.

Fylkesvegane står for 80% av vegnettet her i landet og står for ca 50% av dødsulykkene og dei alvorlige ulykkene som ofte er forårsaka av dårleg vegbane og manglande vegvedlikehold.

Jon-Ivar Nygård (A)

Svar

Jon-Ivar Nygård: I Nasjonal transportplan 2025–2036 er E39 Vik–Molde (Møreaksen) plassert i Statens vegvesens utviklingsportefølje. Det inneber at det ikkje er rom for å realisere prosjektet i sin noverande form i tolvårsperioden. Likevel vil det kunne vere aktivitet på strekninga i perioden. I Nasjonal transportplan varsla eg at regjeringa vil gi Statens vegvesen eit oppdrag om å vurdere ein annan gjennomføringsrekkefølgje der E39 Molde–Julbøen, samt delprosjektet E39 Vik–Julbøen, realiserast først. Vurderinga skal gjerest med omsyn til om det kan gjennomførast, kostnadar og nytte. Det vil gi grunnlag for ein fornya vurdering av prosjektet ved neste framlegg av Nasjonal transportplan, mellom anna om deler av prosjektet kan startast opp i løpet av den kommande transportplanperioden.