Skriftlig spørsmål fra Sveinung Rotevatn (V) til energiministeren

Dokument nr. 15:2055 (2024-2025)
Innlevert: 28.04.2025
Sendt: 28.04.2025
Til behandling

Sveinung Rotevatn (V)

Spørsmål

Sveinung Rotevatn (V): Vart det ført innsideliste før lanseringa av Norgespris 31. januar, og kven stod i tilfelle på denne lista?

Begrunnelse

Då regjeringa lanserte Norgespris på ein pressekonferanse med statsministeren og energiministeren 31. januar, førte dette til umiddelbare utslag på børsen. Til dømes fall Elmera Group, som eig fleire store straumselskap, meir enn 20 prosent i børsverdi etter lanseringa. For å unngå innsidehandel skal det førast innsidelister når regjeringa lanserer nyheiter som det er grunn til å tru at vil påverke børskursane. Alle personar i og utanfor regjering som kjenner til saka på førehand skal førast opp på ei slik liste. Eg ber om svar på om det vart ført innsideliste i dette tilfellet, og kven som var ført opp på lista.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig