Ingrid Fiskaa (SV): Meiner utanriksministeren at det å vera konsul for Noreg kan sameinast med styreverv i israelsk krigsindustri, og kva er reglane for utnemning av konsular?
Begrunnelse
Dagbladet avslørte nyleg at Rakefet Russak-Aminoach, som blei utnemnt til norsk konsul i Israel i 2023, i fleire år har sete i styret til selskapet Hailo Technologies. I 2024 vart ho utpeikt til styreleiar i selskapet. Ifølgje Dagbladet samarbeider Hailo Technologies med selskapet Axon-Visikon om å levera KI-teknologi til det israelske militæret for bruk til målutveljing med meir.
Bruken av KI-teknologi i krigføringa reiser fleire etiske og juridiske problemstillingar. I tillegg til desse dilemmaa er det svært problematisk at selskap bidrar med teknologi til det israelske militæret når det er fare for at desse blir brukt i Israels krigføring mot dei palestinske områda. Det er dokumentert omfattande brot på internasjonal humanitærrett av Israel i palestinske område, og Den internasjonale domstolen har konkludert med at Israels okkupasjon av desse områda er ulovleg.
At Noreg i dag har ein norsk konsul som også er styreleiar i Hailo Technologies som bidrar med leveransar til det israelske militæret, stiller spørsmål ved om Noreg oppfyller våre internasjonale forpliktingar om å gjera det me kan for å hindra grove folkerettsbrot.